tirsdag 22. juni 2010

Meir islandsk til hausten!


Selskapet heldt fram med å lese islandsk litteratur til hausten. Boka vi skal lese er Sin egen herre avHalldor Kiljan Laxness.
Laxness er jo ikkje lengre mellom oss, men så viktig som han har vore for den islandske litteraturen så er vel og denne forfattaren ein vi må ha vore innom? Boka teljer sine 600 sider, så det kan nok vere godt å starte tidleg med lesinga! Selskapet samlar seg att torsdag den 9. september 2010, i skrivande stund er det noko uvisst kor, men innan september skal dette bli klart.
God sommar og god lesing!

fredag 18. juni 2010

Englar alheimsins/ Universets engler


At medlemane i Selskapet les over alt og at dette kan føre med seg interessante samtalar, vart formidla i går på vårt siste møte før sommarferien. Ei hadde vore på drosjetur med sjåfør frå Island. Boka som Selskapet las vart snart samtaleemne og sjåføren kunne fortelje at "alle" på Island las denne forfattaren og ditto hadde sett filmen. Desse opplysningane førte til at vi alle fekk lyst til å sjå filmen, så no er Lindås bibliotek sett på oppgåva: få tak i filmen og ha framsyning til hausten! Boka sin forteljar er Páll som vert fødd den dagen Island blir medlem av Nato og døyr den dagen Berlinmuren fell. Han skriv historia om sitt liv etter at det er over, slik han synest at andre óg burde gjere. Eit kort liv, herja av schizofreni, men og omgjeven av venner og folk som vil han vel. Han blir plassert på Kleppur, eit galehus som liknar eit slott. Her treffer han Beatle-Óli, Pétur og Viktór som og har sitt å slite med. Beatle-Óli meiner det er han som er opphavsmann til Beatles songane. Pétur meiner han kan kinesisk og har skrive ei doktoravhandling om Schiller ved Universitetet i Peking. Viktór hoppar av og til inn i kroppen til Adolf Hitler, medan han siterer Shakespeare. Páll trur psykologen Brynjólfur ber dei alle på skuldrene sine, han ser slik ut, tykkjer han. Ein gong vert Páll kalla inn på kontoret til Brynjólfur for som han seier : å sjekke min moralske bevissthet. Han spurte i alle fall:"Hva synes du om Sørlandets Slakterforbund?"
"SS",sa jeg. "Mener`u pølsene eller..."
"Nøyaktig det du sier, SS. Synes du ikke det er makeløst, Páll at landets største matvareprodusent ville akseptere den samme forkortelsen som Hitlers stormtropper brukte?" Jeg visste ikke helt hva jeg skulle svare. Jeg hadde aldri tenkt på saken fra den vinkelen, men det åpnet da vitterlig for vrangforestillingen om at Sørlandets Slakterforbund hadde stått bak allslags griseri i Det tredje riket.
Etter å ha tenkt meg litt om, sa jeg til Brynjólfur:"Hvis du fortsetter på den måten er jeg virkelig redd for at vi må bytte plass."
(s.143)
Dette sitatet vakte stor begeistring i gruppa og det vart straks følgd opp med eit anna:
Jeg vil i stedet føre interessen for slekthistorie tilbake til tremangelen i landet. På grunn av den sparsomme treveksten lener folk seg mot slektstrærne og finner sitt skoglende hos forfedrene. (s.13)
Fleire hadde stor glede av restaurantbesøket til dei tre karane - kanskje nokre til og med vart litt misunnelege, tenk å gjere noko slikt?
Det var ikkje alle som hadde kome gjennom heile boka, for den første delen kravde sterk konsentrasjon for å få med seg alle namn og stader. Siste halvpart var derimot ei flott lesaroppleving, vond på sin måte, men og full av humor og ekte galskap.
Til slutt var vi inne på dette med alle desse kjellarleilegheitene. "Alle" bur jo i kjellarleilegheiter! I nesten kvar bok vi har lese er det nokon som bur i kjellaren! Er det merkeleg dei vert deprimerte?