Det var ikkje mange av dei frammøtte deltakarane i Selskapet som hadde klart å komme seg gjennom Zadie Smith sin ganske tjukke roman Hvite tenner. Dei som hadde klart det, hadde brukt ganske mykje vilje for å klare det, men kvifor det? Denne romanen om tre familiar, fleire generasjonar, ulike kulturar og møte mellom desse, burde verkeleg vere ein godbit for dei røynde lesarane, men nei, ikkje denne gongen...
Boka handlar om Archie Jones, vennen Samad Iqbal og familiane deira. Archie og kona Clara har dottera Irie, medan Samad og kona Alsana får tvillingane Millat og Magid og desse veks opp i same miljø sjølv om dei kjem frå ulike kulturar. Archie og Samad møtte kvarandre under andre verdskrigen og har slik ei lang historie bak seg. Dei gifter seg med unge jenter og får barn, elles brukar dei det meste av fritida på puben, der kvinner ikkje har tilgjenge. Barna veks til og Samad er uroa over det engelske samfunnet og vil "redde" den eine sonen, slik at ein av dei vert opplært i den rette trua og veremåten. Han lar ei tante ta med seg Magid til Bengalen, utan at kona veit det. Der skal han vekse opp og bli ein rettruande musilm. Kona vert rasande og nektar å snakke med ham. Når han spør ho om noko seier ho berre: "Kanskje det Samad, kanskje ikkje". Millat veks opp til å bli ein vakker ung mann. Han er omsverma av jenter og kvinner nyttar seg av alle tilbod han får både av sex og dop. Han kjem i kontakt med ei gruppe som vil velte det engelske systemet og la dei muslimske verdiane råde. På skulen treffer Irie og Millat på Joshua Chalfen, han kjem frå ein heilkvit familie der faren Marcus er genforskar og mora Joyce er biolog. Irie og Millat skal vere hos denne familien nokre dagar som straff for at dei røykte hasj på skulen. Dette fører til meir uro i Iqbal familien, der mora Alsana kjenner på at Joyce prøver å vinne Millat sin gunst. Irie på si side vert heilt forelska i familien Chalfer. Her er det ting å lære, nokon ber ho om hjelp og det er fasinerande å følgje med på forskinga til Marcus. Han arbeider med "Framtidsmusen" ei mus han vil bruke til eksperimenter for å teste ut ulike behandlingsvegar for sjukdomar. Dette går bra ei stund, men her er det mange krefter som vil gjere seg gjeldande og etterkvart oppstår det kaos når mange tankar og idear skal finne sin plass. Det vert ikkje mykje betre når bestemora til Irie vert involvert med si sterke tru på Jehova, den snarlege undergangen av jord og himmel og kampen om å vere ein av dei utvalde 144000.
Selskapet prøvde å komme fram til kva som gjorde at vi faktisk ga litt opp når det gjaldt denne romanen: Boka tek opp veldig mange tema som kulturelle skilnader, kvinnesyn, religion, familie, slekt og slekta si historie, etnisitet, det politisk korrekte og det sjølvforherligande ved dette, genteknologi og dei som ser på seg sjølv som berarar av fornuft og klokskap. Det var for mykje å ta inn og det var utruleg mange menneske å forhalde seg til. Vi var samd i at forfattaren skriv godt, men litt mye prat og detaljar som røynde på. Det er nokre scenar denne skrivaren lo godt av, men elles....
Boka var debutromanen til Zadie Smith og har fått fleire prisar, men ho fekk ingen pris hos denne foramlinga.













