fredag 29. april 2011

Siste bok før sommarferien:


Etter ei intens lesing av Hundre års ensomhet fann Selskapet ut at no måtte vi lese ei bok med noko færre sider. Ikkje for det, vi går laus på det meste... På vår vandring gjennom tiåra er vi no komne til 1990-talet og her var det mykje å velje i. Vi las bakpå både den eine og den andre boka og vart til slutt samde om å lese Elskede av Toni Morrison. Toni Morrison fekk Nobelprisen i litteratur i 1993 og ho har ei lang liste med lesverdige bøker å vise til, men denne har ei ekstra høg stjerne hos ei i Selskapet som allereie har lese ho. Vi møtast på Lindås bibliotek i Knarvik torsdag den 9. juni kl.19.00. Dei som treng bøker må ta kontakt med biblioteket. Alle er velkomne!