mandag 7. april 2008

Kom mai, med solrike dagar til å lese endå meir!

På siste møtet hadde nokon førebudd seg og kom kjapt med framlegg om nye kjekke bøker! Vi er framleis i Mangfaldsåret og leselista ber preg av dette. Torsdag 22. mai, treffast vi igjen og denne gongen på Meland bibliotek. Vi skal lese Kader Abdolah: Spikerskrift. Boka er no komen som papaerback og har fått ny tittel, Min fars notatbok. Kanskje denne tittelen er meir lettselgjeleg enn Spikerskrift? Fleire har kanskje lese boka Huset ved moskeen, den første boka som vart utgitt av Kader Abdolah her til lands, men som i følgje forlaget reknast som hans hovedverk. Altså, det er berre å kaste seg over boka! Biblioteket har både den eine og den andre tittelen. - og sjølvsagt mykje meir av andre spanande forfattarar!

lørdag 5. april 2008

Montecore! Tigrar, høns og mår med dårleg moral


Endeleg var kvelden inne for å møtast og snakke om Montecore - en unik tiger! Oppmøtet kunne vore betre, men dei tre som kom hadde alle lese og nytt boka om far og son, deira unike forhold og forfattarens evne til å skrive nært og varmt om alle personane i boka. Ein av personane driv ei form for språkleg akrobatikk som gjer at framand ord og ordtak vert "nye" og som lesar vert uttrykket oppdaga igjen. Rasisme og tilpassing til samfunnet sine forventningar om korleis ein skal te seg og kva som er viktig i livet vart store spørsmål for oss. Er det større klasseskille i Sverige enn i Noreg? Er det alltid pengar og ting som er uttrykk for klasseskille? Forfattaren Jonas Hassen Khemiri debuterte med boka Et øye rødt, her vert språket brukt som kunstnerisk og politisk verkemiddel. Slik er det og i denne boka, men her er det fleire stemmer som kvar på sin måte fortel ulike historier. Men slik det ofte er når alle er samde om at dette var ei god bok, så vert ikkje samtalen så interessant. I staden vert sidespora dei som fører oss inn på nye spor. T.d. Kva er viktig i livet? Ting eller tid? Kor motig må ein vere for å bu på ein aude stad utan fast inntekt i fleire månader? Kor mykje arbeid er det å få opp eit hønehus og er det verdt å starte med høns når det er mår i området og sist nokon hadde høns der vart alle drepne av måren? Og kva skal me eigentleg med måren? Ein lystmordar, dårleg moral har han - ja, for det er vel litt umoralsk å drepe utan å ete byttet? Kva skal me no eigentleg med måren? Men høns, eigne egg og triveleg klukking, det er heilt andre saker. Tigrar derimot drep når dei må, men kva med dei unike, kvite tigrane? Dei som vart halden i fangenskap, vart kvar dag mata av same voktaren, som dei kjende - men som dei drap, heilt plutseleg ein dag. Var det slik med Montecore? Den unike tigeren, som vi trudde vi visste kven var, men eigentleg aldri kjente?
Med dette spørsmålet i hovudet var det tid for å gå heim og leite etter neste bok som skal lesast.