torsdag 25. mai 2023

Nydeleg, trist og melankolsk


 Dette var orda dei frammøtte i Selskapet starta samtalen med om romanen Barndommens gate av Tove Ditlevsen med. Romanen var Ditlevsen sitt gjennombrot som forfattar. Ho hadde debutert med ei diktsamling, men det var denne romanen som ga ho anerkjenning og opna vegen vidare for ho. Romanen fortel om Ester, broren Carl og foreldra. De bur i Istedsgate, på den tida eit arbeidarstrøk med store bygårder med små leiligheiter. Ester har ei særs god venninne Lise, ho er lita med eit søtt hjartefjes, medan Ester er lang og tynn. Dei er eit umake par, men dei heng saman i barneåra. Dei naskar frå butikken, Lise naskar og Ester spør etter alt mogeleg for å ta vekk merksemda frå Lise. Når Lise meiner at Ester og bør stele, så går det nesten gale for Ester veit i djupet at å stele det gjer ein berre ikkje. Likevel gjer ho slik Lise seier. Ester leiter etter anerkjenning, ei forsikring om at ho og livet hennar er viktig. Det er ikkje lett for Ester mangler ei forståing av sosiale signal.  Et eksempel: Lise og Ester kjem inn til eit par og skal synge litt, men Ester skjønar ikkje når det er nok, ho berre driv på til dei vert kasta ut. 

Selskapet lo litt av dette, men det handlar og om kor usikker Ester kjenner seg i verda. Ho er redd for å leggja seg om kvelden og sovnar ikkje før foreldra er der og ho torer ikkje gå over gårdsrommet av di det kan vere ein mann der. Likevel er det tak i Ester, ho får seg jobb på eit pensjonat, ein jobb ho hatar. Ho riv seg laus, sjølv om ho lyg om grunnen. Ho vert sekretær, men hamnar i ein vanskeleg situasjon der og. Ester veks opp, men vert ho vaksen? Det spurde vi oss om i Selskapet. Ho gjer ting utan å reflektere over handlingane sine og konsekvensane dei vil få. Selskapet meinte at om ho gjorde dette ein gong så var det no så, men det skjer igjen.

Vi snakka om broren Carl som skriv små dikt og legg deit i skuffen, han vert ven med Oskar som teiknar og saman vil dei leve av å skrive og teikne. Carl får utgjeve dikta sine og etterkvart ein roman. Mora er veldig stolt av sonen, men skal ikkje skryte, langt i frå. Vi lurte på om Carl eigentlig var forfattaren sjølv for denne romanen har sterke sjølvbiografiske trekk. 

Det er ei sår forteljing, vi ønskjer at det skal gå bra med Ester, men vi spør oss: vert ho aldri fri for denne gata som har prega barndommen hennar slik? Alle dei frammøtte likte boka og vil gjerne anbefale den. Dei som vil lese meir om Ester kan gå til bøkene Ungdom og Gift.

torsdag 11. mai 2023

Møtet i Mai 2023

 

Selskapet held seg til romanar om barndom og oppvekst. Denne gongen skal vi samsnakkast om klassiskaren Barndommens gate av den danske forfattaren Tove Ditlevsen.

Vi møtast tirsdag 23. mai kl.19.00 på Strilabiblioteket, Knarvik. 

Velkomne!

torsdag 30. mars 2023

Ferdinand Bardamu - eit rastlaust liv

 


Kor mange gonger hadde ikkje fleire i Selskapet tenkt at dette er ei bok eg vil lese! Reisen til nattens ende av den berømte og berykta Louis-Ferdinand Celine. Ein roman som har sett spor etter seg i den vestlege verdslitteraturen. No, endeleg, hadde vi gjort det og tida var inne til å dele tankar og refleksjonar om denne romanen. Som vanleg var det nokre som likte boka, andre hadde gjeve ho opp, medan dei fleste som var møtt opp var begeistra.

Det er ei mangslungen roman om hovudpersonen Ferdinand Bardamu, venene hans og dei han kjem i kontakt med gjennom reiser og arbeidet. Vi møter Bardamu då han ved eit innfall vert innrullert i hæren. Gripen av ei kort begeistring følgjer han med marsjerande soldater og plutseleg er han med i hæren. Det tek ikkje lang tid før han oppdagar at krig og soldatlivet ikkje er noko for han, men korleis skal han kome seg ut av dette? Hugs på at dette er første verdskrigen og det viktigaste for ein soldat var å vere tapper, kjempe for fedrelandet og døy med ære, andre løysingar - om ein ikkje vil vere ein feiging var ikkje mogeleg. Han kjem seg ut, men langt i frå med æra i behald. I hæren møter han Léon Robinson som han stadig møter igjen gjennom dei åra vi følgjer Bardamu.
Bardamu må skaffe seg ei inntekt, han treff Lola, ei amerikansk kvinne som vil gjere ein innsats i krigen, men helst langt unna kamphandlingene og helst med eit godt økonomisk resultat. Ho oppdagar at Bardamu slett ikkje er ein tapper soldat, men er mest oppteken av å klare seg gjennom livet på ein eller annan måte. Han får seg ein jobb i Utsugingskompaniet og reiser til Afrika. Etter mange merkelege hendingar treff han att Robinson og ting som får lesaren til å sperre opp augene skjer. Han kjem seg frå Afrika nokre erfaringar rikare og reiser til New York. Der treff han att Lola. Ho let han få bo hos henne, men dette varer ikkje lenge og han dreg vidare til Detroit for å få seg arbeid på fabrikkene der. Han treff Molly, ei prostituert kvinne med eit venleg sinn og stor omsorg for Bardamu. Han er glad i Molly, men er samstundes redd for at han ikkje vil ha nok kjærleik til Livet:

«Jeg var redd for at livet som skjulte seg lengst inn i mørket ville fly av gårde med det jeg lette etter mens jeg ødslet min glød på å kysse Molly, slik at jeg ikke ville få nok igjen til henne, Livet, som er alle virkelige mannfolks virkelige elskerinne» s. 208

Bardamu vert rastlaus og reiser heim til Frankrike. Han tek fatt på studiane att og vert endelig lege. Han etablerer seg i dei fattigaste strøka i Paris og lever på minimale inntekter. Robinson dukkar opp att og som vanleg er han på jakt etter helst lettente pengar. Familien Henrouille er mellom pasientane til Bardamu og her får Robinson eit oppdrag som går utruleg dårleg for han.

Selskapet fryda seg over språk og formuleringane i denne romanen. Det er utruleg mange rare hendingar og vi undra oss over Bardamu, denne tafatte personen som samstundes endar opp i dei forunderlegste situasjonane. Det vart mykje høgtlesing frå boka for her er det mange kostelege sitat. Vi undra oss over at han kunne late ein av pasientane sine blø ihel av di foreldra meinte skamma vart for stor om ho skulle på sjukehus. Kvifor sette han ikkje ned foten? Og vi spurde oss, kven er Robinson? Er han Bardamu sitt alterego? Vi kom ikkje så langt, men det er mykje å snakke om, le av, undre seg over - og fleire sa at denne boka skal vi nok lese omatt, om ei stund. Kva kan vi anna enn å anbefala denne romanen?!

søndag 26. mars 2023

Mars-møte 2023

Ein av dei mest sensasjonelle bøkene skrive i det 20-ande hundreåret er Louis-Ferdinand Celine si bok: Reisen til nattens ende. Dette er boka Selskapet skal samsnakkast om tysdag 28. mars kl.19.00 på BUA, Frekhaug.

Velkomne!
 

tirsdag 24. januar 2023

Februar-møtet 2023

 

Selskapet heldt fram med å lese bøker av franske forfattarar. Denne gongen er det den unge forfattaren Edouard Louis som debuterte med romanen: Farvel til Eddy Bellegueule. Forfatteren var 21 år da han ga ut denne boka.

Vi skal samsnakkast om denne boka tysdag 28. februar kl.19.00 denne gongen skal vi møtast på BUA (andre etasje på den gamle brannstastjonen på Frekhaug)

Vil du vere med i Selskapet? Ta kontakt med biblioteket.

Velkomne!

onsdag 18. januar 2023

Dronninga av autofiksjon

 

Ja, det har Annie Ernaux vorte kalla, sa ein av deltakarane då Selskapet var samla for å samsnakkast om boka hennar Årene. Denne boka er på eit vis ein kollektiv sjøvbiografi der Ernaux skriv seg sjølv inn i eit vi og omtalar seg sjølv som ho. Boka føregår i tida 1941 til 2006 og vi får gjennom einskilde bilete og ein oppsummerenade tekst ei innsikt i kva som hende i dei ulike tiåra. Det er som fleire årskavalkadar sa ein av deltakarane. Ho skriv om den veldige utviklinga som har vore i desse vel seksti åra. Korleis tinga skulle gjere oss glade, frigjere mykje tid for husmora, endre samfunnet frå strengt regulerande til frigjerande. Ernaux skriv med utgangspunkt i si franske bakgrunn som var og er ganske ulik det norske samfunnet. Sjølv om vi kjende att mange namn og hendingar var det fleire referansar som var heilt nye for oss. Likevel kjende vi på ei identifikasjon i fleire av utsegnene hennar slik som når nye maskinar, nye måtar å vere saman på og ikkje minst det digitale samfunnet vart ein del av dagleglivet. Vi snakka om korleis ho gjer ei klassereise ved at ho er den første i sin familie som tek ei akademisk utdanning og slik går vekk fra foreldra sin historie og deira erfaringar. Dette førte oss inn på tankar om det franske samfunnet, der klassedelinga er sterkare og tydelegare enn i Norge. Dessutan trur vi nok at likestillinga i Norge var kome lenger enn i Frankrike, noko dette sitatet kan tyde på:

Vi ble vekket opp av den ekteskaplige døsen, vi satt på bakken foran en plakat med teksten: En kvinne uten mann er som en fisk uten sykkel, vi gikk livet vårt etter i sømmene, vi følte oss i stand til å forlate mann og barn, til å frigjøre oss fra alt og skrive rått og ærlig. Vel hjemme igjen smuldret besluttsomheten bort, og skyldfølelsen vellet opp i oss. Da skjønte vi ikke hvordan vi skulle gå frem for å frigjøre oss - eller hvorfor. Vi overbeviste oss selv om at mannen vår verken var sjåvinistisk eller sexist. Og vi vaklet mellom to diskurser - den som insisterte på likestilling mellom kvinner og menn, og de som ville "fedrenes lov" til livs, og den som heller oppvurderte alt kvinnelig: mensen, amming, tilberedning av purrløksuppe. Men for første gang så vi vårt eget liv som en ferd mot frihet, det var en stor endring. En kvinnelig følelse var i ferd med å bli borte, følelsen av å være født underlegen.

 Ernaux tar oss med gjennom det politiske Frankrike og korleis ho omtalar dei ulike presidentane og deira verksemd. Ho er alltid på ventresida og skildrar kor sjokkert ho og hennar krins vart då Mari Le Pen såg ut til å vinne valet. 

Selskapet var noko delt i synet på boka. Vi var samde i at Ernaux skriv godt, men fleire kjende på at vi fekk ikkje vite noko eller svært lite om ho. Ho hoppar frå bilete til bilete med ei sveipande oppsummering av kva som skjedde i periodane. Det er fasinerande men og ei utfordrande skrivestil. Vi sakna det emosjonelle engasjementet, men samstundes var det mykje å reflektere over, det var eit klart pluss!

torsdag 5. januar 2023

Utfordringar i familielivet

 

Tidleg i desember var Selskapet samla for å snakke om romanen til Tommi Kinnunen: Der fire veier møtes. Romanen fortel om tre generasjonar kvinner og mannen til ei av kvinnene i løpet av eit hundre år frå 1895 til 1996. Boka startar med Maria som er utdanna jordmor og vert satt på harde prøver av di det på den tida ikkje var mange kvinner med den slags utdanning. Ho gjev ikkje opp, men vert ei velstående dame som sette spor etter seg i samfunnet. Ho får dottera Lajha med apotekaren, men sidan apotekaren allereie er gift vert ho åleinemor. Lajha får sonen Johannes utanfor ekteskap, men ho treff Onni og giftar seg med han. Dei får fleire barn med saman. Onni er homofil og har i alle år forsøkt å skjule dette, men denne drifta er umogeleg å stanse. Kaarina er gift med Johannes. Dei bur i same huset som svigermora, det er ikkje lett og etter som åra går vert det både vanskelegare og dystrare å bu saman. 

Selskapet syntes dette var ei lettlesen bok i starten, men så kom det opp mange spørsmål. Kven var apotekaren, kva var hans historie, kvifor vart Maria så steil, kvifor kunne dei ikkje snakke saman? Og dette huset til Maria som vart stadig større, bygd på både her og der. Måtte dei verkeleg bu saman? Heile tida? Og desse dystre barna og særleg dottera Anna som hevdar at Helena vart blind på grunn av "fedrenes synder". Kinnunen skildrar godt dei einskilde personane og tida dei levde i. Her er det skamma over å vere åleinemor, forbud mot homofil praksis og det ålmenne folkesnakket som går føre seg når ikkje alt er A4. Selskapet vart rørde av Onni sitt strevsame liv og samstundes mora vi oss med han når han og kjærasten sit på kvar si side av ei dør og flørtar. 

Kinnunen skriv godt og levande, men denne boka trengde ein tålmodig lesar for det var mykje det tok tid å avsløre. Dei som valde å lese boka på lyd fann ut at dette kravde mykje konsentrasjon, for boka er ordna etter årstal og kvar person får sitt kapittel. Likevel, boka var slett ikkje bortkasta lesnad og Kinnunen har fleire bøker som og er vel verdt å lese.

Januar 2023, nytt år "nye" bøker

 

Velkommen til nytt møte i Nordhordland Litterære Selskap!

Vi startar leseåret med nobelprisvinnaren Annie Ernaux sin kollektive sjølvbiografi Årene.

Denne boka vart Ernaux sitt gjennombrot i Norge og ho har fått mange lesarar her. Kva synest vi om boka og forfattarskapen hennar? Det skal vi snakke om tysdag 17. januar kl.19.00 på Strilabiblioteket, avdeling Knarvik.

Vil du vere med? Ta kontakt med biblioteket.

Velkommen!