fredag 3. juni 2016

Hausten 2016

Vi startar opp Nordhordland Litterære Selskap
den 25. august kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug (Meland bibliotek). I sommar skal vi lese Odd W. Surén: For hva det er verdt. Vil du vere med? Ta kontakt med biblioteka i Knarvik eller på Frekhaug. Gjennom hausten har vi tenkt å lese tysk samtidslitteratur, vil du vere med å bestemme kva for bøker vi skal lese? Kom med framlegg her, på biblioteka eller møt opp den 25. august. Velkomne!

torsdag 2. juni 2016

Sjølv om livet endrar seg så kjem vi fram

Selskapet hadde siste møte før ferien i det nymåla og nyinnreia biblioteket i Knarvik som no heiter Strilabiblioteket, Knarvik. Vi tok føre oss Liv Køltzow si bok: Melding til alle reisende.
Nokon nemnde at dette var ein rar tittel, men samstundes vart vi nyfikne og kom på at det er jo det dei seier når toget står og alle må skifte frå tog til buss. Måten du reiser på må endrast. Slik er vel og bodskapen eller ein av bodskapane i denne boka, hovudpersonen seier det slik: "Hit skulle jeg. Jeg ville levd på en annen måte hadde jeg visst det".
Boka handlar om Kaja Baumgarten som får diagnosen parkinson ein januardag i 2001. Ho er separert frå David som er arkitekt og sjølv er ho ein kjend forfattar. Første del av boka handlar om Kaja og barndommen hennar, ekteskapet med David og korleis ho dag for dag strever med å komme vidare i romanen ho arbeider med. Den andre delen handlar om møtet med Vegard Vinsnes, ho forelskar seg i han og brukar han som inspirator til å komme vidare med romanen.
Liv Køltzow sjølv har parkinson og Selskapet var fleire gonger innom tanken om det kunne vere fleire biografiske trekk i boka? Forfattaren skriv noko om korleis parkinson verkar, men sjukdommen er individuell, så sjukdommen vil ikkje ytre seg på same måte for alle som får den. Vi var inne på tanken om ho kanskje hadde samla saman mange måtar sjukdommen verkar på for Kaja brukar masse pengar, har ei overveldande seksuell lyst og rotar, knuser, fell og frys.
Hovuddelen i boka handlar om forholdet til Vegard Vinsnes. Dette er ein mann som ikkje vil binde seg, han har ei mengd kvinnehistorier bak seg, han køyrer lastebil og tilhøyrer eit totalt anna miljø enn Kaja. I ungdommen spelar Kaja piano med Brahms som favoritten, Vegard høyrer på svensktopp og etter ei stund elskar Kaja og svensktopp. Kaja har aldri vore på Harry-handel, men med Vegard vert det ein tur til grensa.
Boka minna oss om Vigdis Hjorth si bok Hjulskift, men vi lo nok meir av den enn av Køltzow si.
Selskapet snakka om at både Kaja og Vegard brukar kvarandre. Ho treng ein ny person til romanen sin og han treng nokon med pengar, sidan har alltid er i pengeknipe. Vi var samde om at vi får eit godt innblikk i kor fortvilande det må vere å ikkje kunne mestre kroppen. Kaja er mest av alt forfattar - å skrive er livet hennar, det er det viktigaste av alt.
Det var ingen absolutte høgdepunkt i boka, men nokre tilløp til begeistring. Det var nokre som ikkje hadde lese boka ferdig og dei fann ut at ho fortjente nok å bli lesen. Framsida av boka er vakker, tittelen gjev oss lyst til å gå inn i boka likar du Liv Køltzow er dette ei bok å få med seg - den er annleis enn dei andre bøkene hennar, men verd å lese.