fredag 26. oktober 2012

Her var det ingenting å leve på,

sa ein av deltakarane i Selskapet då vi hadde prata litt om Åshild Thune si bok Skulpturen. Ja, for så skuffa var fleirtalet av dei frammøtte den kvelden vi skulle samsnakkast om boka. Vi hadde nok forventningar til boka etter å ha lese bakside teksten, men det vart i det store og heile ein nedtur. Boka handlar om Andreas Frank som er ein sexgal skulptør, kona hans Maude, foreldra til Maud, onkelen hennar Simon, kunstnarvennen til Andreas, Linda som blir den nye modellen til Andreas, mor til Linda og den døde søstra til Linda. Ei lang rekke med personar som vi i liten grad blir kjende med, men dei har ei rekke problem, snakkar lite saman og er mest oppteken av sine eigne prosjekt.
Andreas Frank har ein intens kløe som gjer at han nesten ikkje kan halde seg i ro, det hjelper berre når han har sex. Vi spurde oss om han kanskje hadde ein eller annan diagnose? Maude er høgtutdanna og har ein stilling i eit departement, men når det gjeld mannen let ho han herje på og er heilt apatisk. Foreldra til Maud snakkar ikkje med kvarandre og det viser seg at her ligg det mistanker og undertrykte kjensler og stengjer. Onkelen Simon tydelegvis ein heller spalta person som er genierklært på den eine sida og manipulerande på den andre. Så har vi Linda; ho er stum etter ei bilulykke der søstera døyr. Mora som er på ein eller annan anstalt, seier at Linda "har arvet sin fars dårlige blod" og ho kan ikkje like henne. Mora let seg derimot lure av Linda når ho tek på seg kleda til søstera, ho trur det då er søstera som er komen tilbake. Vi skjøna ikkje kor sjuk eller frisk mora var sidan Linda kunne lure henne slik, det hang ikkje så godt saman dette.
Etter ein lengre prat prøvde vi å konkludere: Vi skjøna ikkje kva forfattaren vil med denne boka. Ho må hente moment frå sitt yrkesliv, men det hadde sikkert gått like bra med færre element. Handler boka om avhengighet og underkastelse? Vi klarte ikkje å komme fram til eit felles svar.
Kan vi si noko positivt? Boka er lett å lese, vi møter mange skjebner, nokre særs fargerike personar. Kanskje andre lesarar vil finne andre sider enn oss? Kven veit?