Selskapet var samla til første møtet etter nyåret og gruppeleiaren nytta høvet til å leggje seg i ei langflat orsaking for å ha føreslått å lese Agnar Mykle: Lasso rundt fru Luna. Nokre tok i mot orsakinga med stor velvilje, medan andre ikkje skjøna kva ho snakka om, for dette hadde vore ein fryd å lesa frå byrjinga til slutt. Ja, slik var stemninga - delt omlag i to. Den eine delen hadde slite seg igjennom boka, medan den andre hadde mora seg, grene og gremma seg over Ask Burlefot og alle hans gjerningar.
Ask
veks opp med far som er trikkeførar, mor som er heimeverande og broren Balder
som er mange år yngre og som beundrar storebroren noko veldig. Ask er høg -
vadefugl aktig - han er sjenert, han er narsissistisk og han vil at alt skal
vere vakkert og opphøgd. Han oppdagar tilfeldig at faren musikalsk, ein
musikalitet faren gøymer og ikkje lar kome fram i nokon samanheng. Ask derimot
får seg ein fiolin og speler mykje på den. Han komponerer og han ynkar seg når
amatørar speler piano. Han ser på mora som ein ”bussybody” utan smak og som ein
etterapar av tilfeldige trendar. Faren ser han på som ein streng innelukka
mann. Broren Balder, tenkjer han på han? Ikkje før det er altfor seint. Ask får
tilbod frå rektor Rex om ein stilling som styrar på ein handelsskule nordpå.
Vel, tilbod og tilbod, han blir vel nærmast beordra og Ask grip sjansen til å
komme vekk frå heimbyen og foreldra. Han får losji
i romma til bestyraren og kost hos familien Zebedeussen som har seksten døtrer.
Han blir kjent med Gunnhild og innleier eit forhold til henne. Gunnhild er
vulgær etter Ask si meining, men Ask er mest oppteken av sex og seg sjølv og
held ut med Gunnhild. Det viser seg at Gunnhild har hatt mange menn og går
under namnet Nattstjernen. Den sjukmelde styraren råder han forsiktig til å avslutte forholdet,
men for Ask er dette lettare sagt enn gjort. Gunnhild er gravid og Ask skal
prøve å ordne ein abort for ho, dette mislukkast og Gunnhild meiner dei bør
gifte seg. Ask vaklar, utset og tida går. Det nærmar seg eksamen for
handelsskuleelevane, konvolutten med oppgåvene kjem og sanneleg er ein av
konvoluttane dårlig limt igjen. Ask og Jo, hjelpelæraren lirkar ut eit ark og veit plutseleg
korleis dei skal førebu elevane til eksamen. Det går strålande med eksamen og
Ask får tilbod om å utvide opphaldet og vere styrar på handelsskulen i
Ytrepollen. Han takkar ja og kjem seg unna både Gunnhild og familien hennar.
Her møter han Siv, ei kvinne som er lita, slank og av eit anna kaliber enn
Gunnhild. Når skuleåret er over får han vite at Gunnhild har fått ei dotter, han
lover å gifte seg med henne, men stikk av til heimbyen og kjem seg unna nok ein
gong. Siv som og vart gravid, reiser til Sørlandet og tek inn på ein heim for einslege mødrer. Hun
får ei dotter, men adopterer henne vekk. Ho treffer Ask igjen, men det dei
hadde saman er over.
Selskapet var samde i at Ask var ung og uerfaren, umoden, sjølvoppteken, ja, nærast narsissistisk mann. Han ser på Gunhild som hore og Siv som madonna og for ein som er oppteken av det vakre og opphøgde fell Gunhild sørgjeleg igjennom. Ask vert i løpet av eit år far to to barn, men tekjer han på det? Berre som eit problem. Her tok Selskapet ei lita runde på tida då boka vart skreve og korleis haldningane har endra seg. Barn var ei kvinneoppgåve og det var berre kvinnene som "kom i uløkka". Vi forundra oss og over språket, den særs konservative ordbruken, men og tempo i boka - for her skriv forfattaren mange og lange setningar om korleis ei brødskive skal serverast for å gjere livet til ein sjuk betre. Det er mange gode observasjonar i boka og slike var det godt å bli minna på etterkvart som vi nærma oss høgdepunktet i boka: Reisa med nattoget! Ei reise med nattog har vel aldri korkje før eller seinare vorte levandegjort på ein slik måte. Vi kjende alle igjen kor trongt og vanskeleg det er å buksere seg inn i ei sovevogn. Detaljane med vattenkaraffelen, vasken i hjørnet, stigen, den skrekkelege stigen, dei andre i kupeen og deira lyder. Jau, vi var tilbake og hugsa kor dårleg vi sov om vi i det heile sov, lydane, den svake ristinga, slik var det.
Kunne vi konkludere? Som ei sa, denne boka går nok inn i vår historie som ei bok vi ikkje gløymer! Ho har nok rett...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar