fredag 16. oktober 2020

November - la oss ta ei litterær reise til Spania!

 

På rundreisa Jorda rundt på 12 bøker har vi no kome til Spania. Selskapet skal denne gongen lese ein krim av Alicia Giménez-Bartlett: Mørke netter i Barcelona. Det er ikkje ofte vi les krim og vi kan håpe at ho kan gje oss noko å tenkje på og kanskje le litt av og?

Vi møtast torsdag 26 november kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug.

Vi tek omsyn til Folkehelse Instituttet sine reglar, så vi meiner det skal vere trygt å møtast. 

Har du lyst til å vere med og lese boka, ta kontakt med biblioteket.

Velkomne alle!

mandag 12. oktober 2020

Kjensler og familie - så vanskeleg kan det vere


 På vår ferd jorda rundt på tolv bøker var vi komne til Irland og vi hadde lese Veien ved Boolavaun av Anne Enright. Det skal seiast med ein gong at det er mange "flinke jenter" i Selskapet som, sjølv om dei ikkje likte boka, så hadde dei lese ho. Dei andre som likte boka hadde nok lese ho med meir glede og innleving, men sidan vi alle er ulike og folk likar ulike forteljingar så var det eit særs godt utgangspunkt for å snakke om boka vi hadde føre oss.

Veien ved Boolavaun handlar om familien Madigan, med mora Rosaleen i sentrum og barna hennar Constance, Dan, Emmet og Hanna i hennar næraste sirkel. Contance bur nær mora med mann og to barn. Dan bur i USA/Canada, Emmet i Mali/Dublin og Hanna bur i Dublin med mann og eit barn. Rosaleen gifte seg "under sin stand" med ein mann som skulle elske ho og bere ho på hendene sine. Det gjorde han og så lenge han levde, men han levde ikkje så lenge. Medan han levde synte han nok kjærleik til kona, men endå meir til mor si og garden han dreiv for ho. Barna var ikkje så viktige for han, men for Rosaleen er dei sentrum i hennar liv - det vil seie etter at mannen døde. Var Rosaleen ei oppofrande mor? Slett ikkje ho ville ha all merksemd og vi får sjå korleis dette prega barna når vi møter dei først i 1997 og seinare når dei alle kjem heim i 2005. Vi møter dei alle første gong når Dan har kome heim frå universitetet og seier at han vil bli prest i den katolske kyrkja. Det betyr at det vert ikkje nokre barnebarn frå han si side. Rosaleen brukar ein, for ho og hennar familie, kjend teknikk; ho legg seg i senga! Der ligg ho i veker. "Dette var ikke første gang moren valgte den horisontale løsningen, som Dan brukte å kalle det, men det var den lengste som Hanna kunne huske" (s.17)

Vi møter barna i kvart sitt kapittel og vi treff fire menneske som på kvar sin måte er eit uttrykk for einsemd og lengt etter å bli sett og høyre til. Dan vert ikkje prest men søkjer inn i det homofile miljøet i New York og seinare Canada. Emmet driv hjelpearbeid i Mali, Hanna vil bli skodespelar, men er alkoholikar, Constance ofrar seg for familien sin og ikkje minst for mora. Rosaleen har berre syn for seg sjølv og vert eigentleg ikkje heilt nøgd med merksemda ho får. Det vil seie til den julafta der alle er heime av di ho vil selje barndomsheimen deira. Då tek ho bilen og køyrer vekk i sinne. Dei må ut med leitemannskap for å finne henne. Alle vert skremd, alle erkjenner at det er noko som knyt dei saman og Rosaleen har ein kort periode med takknemlege kjensler for barna sine. 

Selskapet var samde i at dette er ei bok som gjer inntrykk. Om vi lika ho eller ikkje så vil vi hugse denne. For Enright klarer å skildre lengt og einsemd på ein slik måte at det gjev inntrykk. Vi får lyst til å riste i både den eine og den andre og ikkje minst mora som er særs sjølvsentrert. Det svakaste partiet i boka er skildringa av det homofile miljøet i New York, syntest Selskapet. Det er ei truverdig bok og fleire i Selskapet kunne gjere anbefale denne til andre lesarar.