torsdag 3. april 2014

Mai - kanskje siste møte før sommarferien?

Då vi skulle velge ny bok for neste møte, var vi samde om at no hadde det vore kjekt å lese ei tynnare bok og ei nyare bok. Vi heldt fast på at vi skulle lese noko knytt til Nordisk Råds Litteraturpris og då høvde det godt å prøve seg på Thomas Espedal si bok Bergeners som er nominert til prisen for 2014.
Selskapet skal møtast torsdag 15. mai kl.19.00 på Lindås bibliotek. Har du lyst til å vere med er det berre å møte opp. Boka finnes og som e-bok og opplysningar om korleis du kan bli e-bok låner får du på biblioteket eller her.

Velkomne til litteraturprat på biblioteket -
 Litteraturhusa i Nordhordland 

fredag 21. mars 2014

Kva gjer mødre når dei trur barnet har gjort noko gale?

Ja, dette var eitt av spørsmåla dei frammøtte i Selskapet tok føre seg då dei møttes torsdag 20. mars. Vi skulle lese og snakke om boka Hendelser ved vann av Kerstin Ekman og som vanleg hadde nokon lese alt, nokon var nesten ferdige og nokon hadde knapt starta. Kor ein enn var i lesinga så var alle ivirige til å diskutere, trekke fram ulike sider ved denne merkelege kriminalforteljinga. Ja, eller var det ein krim? Det er jo fleire mord, men politiet gjev ganske fort opp og det går lang tid før hendingane begynner å ta fart igjen. Vi kom fram til at sjølv om det ikkje var nokon eigentleg etterforskar, så var det faktisk legen Birger som til slutt fann ut kven mordarane var.
Det var ikkje berre enkelt å halde personane frå kvarandre, så vi hadde ei lang utgreiing kven som var far til kven og kven som hadde eit forhold til kvarandre og kven som kom utanfrå og inn til denne vesle plassen og om dei hadde ein relasjon til plassen eller ikkje.
Boka startar med at Annie Rafft ser dottera si kome heim tidleg ein morgon med ein mann ho kjenner att som mordaren, han som drap to unge menneske for atten år sidan. Ho heldt seg i skjul og later som ingenting då dottera kjem inn, men tankane strøymer tilbake til den gongen ho første gong kom til denne plassen. Annie og dottera skal bu i eit kollektiv og Dan skal hente dei på tettstaden og køyre dei til kollektivet som er på ei seter langt til fjells. Dan kjem ikkje og til slutt begynner mor og dotter å gå. På vegen dit ser dei eit telt og Annie går bort til teltet, der finn ho to unge menneske myrda. Ho melder frå til politiet og uroa, mistenkjeleggjeringa er sett i gang. Annie og dottera kjem til kollektivet og dette vert styrt av Petrus, ein ganske utkropen type. Vi møter Johan som er på rømmen frå brørne sine, eller er det noko anna han rømmer frå? Alle er i tvil om rolla hans, til og med mor hans, heilt til siste slutt.
Det er ei krevjande bok, men ho er utruleg godt skrive, vi vert fasinert av personane og deira ulike motiv for å handle slik som dei gjer. Høgdepunkta ligg tett, men det er ei slik bok det tek tid å lese, du kan ikkje berre lese nokre sider, her må ein ta seg tid og la boka kome til deg. Dette er nok ei av bøkene vi vil hugse og snakke om ei god stund frametter. Ikkje rart denne fekk Nordisk Råds Litteraturpris i 1994!

mandag 10. mars 2014

Mars - og vi les ein svensk kjend forfattar!

Det er Kerstin Ekman og boka ho fekk Nordisk Råds Litteraturpris som er boka vi no les. Vi skal snakke om boka torsdag den 20. mars kl.19.00 på Meland bibliotek. Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med biblioteka i Lindås eller Meland. Velkomne!

fredag 21. februar 2014

Ei viktig bok.

Selskapet fekk tilsendt boka Hvorfor hopper jeg av Naoki Higashida frå forlaget Pantagruel ei tid før jul. Boka var ikkje kome ut så vi las pdf-en, noko som var litt uvand for dei fleste, men innholdet var nå det same..
Naoki Higashida er ein gut med autisme. Mor hans har laga nokre spørsmål til han om korleis det er å leve med autisme og han svarer på ein slik måte at det er til å verte litt meir opplyst av. Fleire av selskapet har menneske med autisme i familien eller har kontakt med andre som lever nær desse, dei nikka gjenkjennande til mange av tekstane. Boka er lettlesen og den gav oss noko å tenke på. For mange som berre ser menneske med autisme som støyande og eigenarta, er det verkeleg ei oppvakning å lese denne. Forfattaren David Mitchel har skrive forordet til boka. Han har sjølv ein gut mes autisme og gjennom sine erfaringar kunne og dette gje oss eit bilete av korleis det er å leve med menneske med autisme.  Boka ga oss eit anna syn på autisme, men i løpet av samatalen og fleire delte sine erfaringar fann vi ut at denne boka viser ei side av eit mangfaldig bilete - og det er og viktig å ta med seg. Etter kvart kapittel i boka blir nokre setningar trekte fram som ein slags vignett, desse var av varierande kvalitet og vart etterkvart uinteressante. Alle var samde om at boka er fin til å begynne med, men så skilde selskapet seg: nokre var begeistra heile vegen og andre meinte det etterkvart vart lite truverdig og heller uinteressant.

torsdag 30. januar 2014

Disse øyeblikk - fragment frå eit liv

Selskapet hadde møte 5. desember 2013 og dei som ikkje var overvelda av juleførebuingar møtte opp væpna til tennene med synspunkt og kommentarer til Herbjør Wassmo si siste bok. Det var delte meiningar om boka, men vi var samde i at Wassmo skriv godt, flytande og ærleg og vi har kan godt anbefale boka.
Etter dette skilde flokken seg i minst to grupper: dei som likte alt og dei som syntes at ho aldri kom seg ut av den private sfæra. Boka handlar om ei jente som har blitt misbrukt av far sin. Dette pregar ho gjennom heile livet. Ho har ein sterk driv i seg til å ta utdanning og til å skrive. Ho vert forelska og blir gravid med ein gut som ho likevel ikkje gifter seg med. Sonen hennar bur store delar av barndommen hos  bestemora og blir meir knytt til henne, enn si eiga mor. Når hovudpersonen giftar seg og flytter til Finnmark vert sonen med og han lengtar så sårt etter bestemora. Dette glimtet er faktisk så nært og tett skrive at vi fekk heilt vondt av guten alle saman. Ho får ei dotter med ektemannen og medan dei bur i Finnmark oppdagar ho seg sjølv som forfattar. Disse øyeblikk trekker fram einskild historier som fortel noko om utviklinga av hovudpersonen, men som samstundes tilslører kven ho eigentleg er. Ektemannen vert framstilt som ein tiltakslaus, egosentrert dust som er utro - til og med midt på julaftan. Ho vert framstilt som ei dame med mot, m.a. set ho seg ved "jaktbordet" på lærarrommet utan å vere invitert - og alle som har "teke plassen til nokon" veit at det gjer ein ikkje ustraffa.
Det er mange skarpe observasjonar i boka, men vi saknar ei avklaring, dama er rasande sint heile tida, i djupet av hjarte - og det er lite forløysande.

tirsdag 28. januar 2014

Nytt år, nytt møte!

Kva kan vi si? Long time no see? Vi har klart oss forbi både jul og nytt år og tida nærmar seg sterkt for eit nytt møte i Selskapet. Referatet frå siste samtale om Herbjørg Wassmo si bok er enno ikkje skreve, det ligg på modning (uttrykk frå ein lærar eg kjenner, som ikkje alltid er like kjapp med rettinga).
Men kanskje dette året vil føre til litt raskare tilbakemelding på kva vi eigentleg snakka om? Det er von i hangande snøre, seier dei.
Som nemnt skal vi snart ha nytt møte i Selskapet, nærare bestemt torsdag 30. januar kl.19.00 på Lindås bibliotek i Knarvik. Vi skal snakke om boka Hvorfor hopper jeg av Naoki Higashid. Naoki var 13 år då han skreiv denne boka. Han fekk diagnosen autisme då han var fem år og han har gjennom denne boka forsøkt å forklare eller gje eit bilete av korleis livet til ein autist kan opplevast. Ta turen til biblioteket og ver med på samtalen.

onsdag 4. desember 2013

Siste møte i 2013

På det siste møtet i 2013 skal vi samtale om Herbjørg Wassmo: Disse øyeblikk. Boka har fått ein del merksemd sidan denne boka seiast å ha sterke sjølvbiografiske trekk eller til og med vere ein sjølvbiografisk roman. Er ho det? Den som kjem på Meland bibliotek torsdag 5. desember kl. 19.00 vil få snakke seg fram til ei løysing på dette spørsmålet! Velkomne!