torsdag 16. september 2010

Litt av ei bok!

Ja, det var hovudinntrykket etter at deltakarane i Selskapet hadde lese Sin egen herre av Halldór Laxness. Vi var fascinert av Bjartur som var meir oppteken av å vere sin eigen herre enn kona og barna sin velferd. Er det mogeleg å ikkje springe ut i natta og leite etter sonen sin når han har forsvunne ut i mørkret? Når du har mange sauer og du knapt kan fø dei gjennom vinteren, er det ikkje då "naturleg" å slakte nokre slik at familien kan spise anna enn rotna fisk? Er denne boka ein parodi eller skildring av ei tid som var ein gong? Vi fann ut at handlinga går føre seg i tida før første verdskrigen. Bjartur har arbeid i atten år for å få høve til å skaffe seg sitt eige bruk slik at han kan bli sin eigen herre. Han gifter seg med Rósa men det vert ikkje noko godt ekteskap og Rósa døyr i barsel. Bjartur er ikkje dum og reknar raskt ut at denne graviditeten har ikkje noko med han å gjere, men når barnet overlever trass mykje dramatikk, tek han seg like vel av henne. Ásta Sóllilja vert den av barna han verkeleg elskar, men som han og har eit komplisert forhold til. Vi sleit oss igjennom lange passasjer med diskusjonar om reinsing av sau, kor mykje tobakk kunne ein gje dei utan at dei døyde? Like eins desse kranglane om å melde seg inn i Samvirke eller ikkje. Det var ikkje så mykje mat i heimen til Bjartur, men kaffi drakk dei - kopp etter kopp! Også denne historia om Gunnvör og ulukkene som følgjer han som ikkje kastar ein stein i dyssa hennar - nok ei islandsk soge? Denne romanen er ei skattekiste av merkelege tildragingar og hjarteskjerande historier. Vi vart provoserte av Bjartur, men etter ei stund viser han ei anna side og vi får sympati med han igjen, han blir eit heilt menneske! Men som ei sa: "Han e ein god eitel!"

Ingen kommentarer: