tirsdag 15. september 2015

«Han var no ein liten snushane og!»



Tredje september samla vi troppane att  for å snakka om bøkene selskapet blinka seg ut før sommaren kom over oss. Litt kvinnefall var det denne kvelden, men seks brave lesarar benka seg kring bordet. Etter litt drøs om  regn og sol og opplevingar, starta vi med Mark Haddon si bok « Den merkelige hendelsen med hunden den natten» frå 2003.
Nokre av oss hadde lese eller hørt om denne tidlegare, men vi var einige om at den tolte godt eit par gjennomlesingar og var vel verd å bruke tid på. 
Hovudpersonen og forteljaren Christopher seier  i kapittel sju at « Denne boken handler om et mystisk mord» , men selskapet opplevde den som mykje meir enn det.  Christopher er 15 år og har ei mild form for autisme. Han bur i Swindon  i England saman med far sin.  Autismen gjer at han må ha sine faste rutinar og det er ei stor utfordring å forstå dei sosiale kodane i omverda.
Ei natt finn Christopher naboen sin hund ihelstukken  med høygaffel . Han var glad i hunden og  i beste Sherlock Holmes stil sett  han seg føre å oppklare kven mordaren er.  Denne ettersøkinga fører Christopher til mange utfordringar og til eit endå større mysterium; kva hadde eigentleg skjedd med mora?  Etter kvart viser det seg at mora slett ikkje er død slik far har sagt, og Christopher legg ut på ei reise til London for å finne henne.
Selskapet vart raskt einige om at høgdepunktet i boka var då han etter mykje strev og angst fann fram til mora.
Boka var gripande og tankevekkande på så mange måtar. Innimellom måtte ein le litt av tankane, funderingane og formuleringane hans ( for han var no ein liten snushane og, som ei utrykte det ). Andre gonger slo det såre og vanskelege inn over oss. Angsten for det ukjende, raseriet då faren sine løgner kom for ein dag, og skuffelsen hans då mora ikkje hadde plass til han i London kunne vi godt leve oss inn i. I det heile fekk vi eit godt innblikk i korleis  menneske  med problem som Christopher må streve for å halde orden i eit dagleg kaos.

Vi kunne og godt tenkt oss ein tur til Det Norske Teater i Oslo og sett førestillinga basert på Jon Fosse si omsetjing av denne boka. Om vi får det til i ein travel haust får vi sjå, men vi vil iallfall forsøke å få tak i filmen og sjå den på siste møtet før jul.

Ingen kommentarer: