Vi starta året med å samsnakkast om Barneloven av Ian McEwan. Dette var ei bok som greip oss alle og som ga oss mykje å snakke om. Boka handlar om Fiona Maye, ho er dommar med familierett som spesialområde, ho bur i lag med mannen sin Jack og dei har vore gift i mange ti-år og er barnlause. Boka startar med at Jack vil ha Fiona si godkjenning på at han kan ha eit sidesprang og dette er opptakten til eit turbulent privatliv i den tida vi følgjer dei, ved sida av at Fiona får ei vanskeleg hastesak i retten.
Samtalen i Selskapet starta faktisk med: Trur de han var utru? Synest han at han hadde "rett til" å vere utru sidan Fiona berre var oppteken av sakene sine og ikkje såg hans behov?
Fiona er dyktig, ho har arbeidd målmedveten for å kome dit ho er i dag. Eigne barn har ho utsett så lenge at det ikkje er aktuelt no, men dei har mykje kontakt med andre barn i storfamilien. Saka ho får handlar om ein gut, Adam på 17 år som treng blodoverføring for å overleve, men både han og familien er medlem i Jehovas Vitne og dei aksepterer ikkje den slags behandling. Fiona reiser til sjukehuset der guten ligg og det oppstår eit spesielt forhold mellom dei. Han fortel henne om sine tankar, han skriv dikt og spelar fiolin. Fiona er og ein god pianist og dei les og syng saman. Møtet med Adam skaper eit stort engasjement og sterke kjensler hos henne.
Selskapet diskuterte ekteskapet mellom Fiona og Jack - ho utsett, han tenker på sine behov, dei hadde på eit vis kome inn i "ein tralt", spenninga i ekteskapet var ikkje der lenger. Forfattaren set den private Fiona opp mot dommaren Fiona. Vi merka oss at Fiona oppsøkte Adam på sjukehuset, noko som i dag er særs uvanleg og ho går over streken når det gjeld relasjonen til han.
Vi var og innom blodoverføringa som eit livreddande middel. Forfattaren skriv nyansert og fint om dette, vi skjønar det ikkje - men forfattaren får fram dilemaet.
Boka var lett å lese med godt språk. Det var litt mange detaljar og det hadde vore kjekt med eit kart over London.
Den gode Odd W. Surén har skrive eit fin melding i Dag og tid, som og tok oss tid til å lese.
Selskapet anbefaler Barneloven og med den fleire bøker frå handa til Ian McEwan, det er fleire av oss som nok les boka ein gong til.
Viser innlegg med etiketten England. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten England. Vis alle innlegg
tirsdag 2. februar 2016
Livet er meir komplisert enn ein dom
Etiketter:
dommar,
England,
Ian McEwan,
Jehovas Vitne,
kjensler,
kjærleik,
loven
tirsdag 15. september 2015
«Han var no ein liten snushane og!»

Nokre av oss hadde lese eller hørt om denne tidlegare, men vi var einige om at den tolte godt eit par gjennomlesingar og var vel verd å bruke tid på.
Hovudpersonen og forteljaren Christopher seier i kapittel sju at « Denne boken handler om et mystisk mord» , men selskapet opplevde den som mykje meir enn det. Christopher er 15 år og har ei mild form for autisme. Han bur i Swindon i England saman med far sin. Autismen gjer at han må ha sine faste rutinar og det er ei stor utfordring å forstå dei sosiale kodane i omverda.
Ei natt finn Christopher naboen sin hund ihelstukken med høygaffel . Han var glad i hunden og i beste Sherlock Holmes stil sett han seg føre å oppklare kven mordaren er. Denne ettersøkinga fører Christopher til mange utfordringar og til eit endå større mysterium; kva hadde eigentleg skjedd med mora? Etter kvart viser det seg at mora slett ikkje er død slik far har sagt, og Christopher legg ut på ei reise til London for å finne henne.
Selskapet vart raskt einige om at høgdepunktet i boka var då han etter mykje strev og angst fann fram til mora.
Boka var gripande og tankevekkande på så mange måtar. Innimellom måtte ein le litt av tankane, funderingane og formuleringane hans ( for han var no ein liten snushane og, som ei utrykte det ). Andre gonger slo det såre og vanskelege inn over oss. Angsten for det ukjende, raseriet då faren sine løgner kom for ein dag, og skuffelsen hans då mora ikkje hadde plass til han i London kunne vi godt leve oss inn i. I det heile fekk vi eit godt innblikk i korleis menneske med problem som Christopher må streve for å halde orden i eit dagleg kaos.
Vi kunne og godt tenkt oss ein tur til Det Norske Teater i Oslo og sett førestillinga basert på Jon Fosse si omsetjing av denne boka. Om vi får det til i ein travel haust får vi sjå, men vi vil iallfall forsøke å få tak i filmen og sjå den på siste møtet før jul.
Etiketter:
angst,
autisme,
England,
Mark Haddon,
spenning
torsdag 12. juni 2008
Og kva skal vi lese neste gong?
Anita Nair er ein av forfattarane vi skal lese på neste møte som skal vere 4. september på Lindås folkeboksamling i Knarvik. Vi har bestemt oss for å lese to bøker og den andre forfattaren heiter Diana Evans med boka 26a. Dette er to svært ulike bøker ein med miljø frå India og ein frå England/Nigeria. Diana Evans debuterte med denne boka og fekk Organge prisen for debutantar.
Anita Nair har fleire bøker både frå før og etter denne boka vi no skal lese. Bøkene finnest i billeg utgåver så dei som vil eige sitt eksemplar treng ikkje vrenge lommeboka! God lesing!
Abonner på:
Innlegg (Atom)