mandag 20. desember 2021

Plutseleg var siste møtet i 2021 over!

 

Først av alt må Skrivaren be om orsaking for ikkje å ha varsla siste møte i 2021 på vanleg måte! Orsak, var ikkje meininga! Dei faste medlemmane fekk melding, men eventuelle nye fekk ikkje vete noko. Det var lenge uvisse om vi kunne gjennomføre møtet eller ikkje, men med sjefen over alle sjefar si signing, så møtte fem prateglade opp. 

Pappa var nesten i Woodstock handlar om Theis og Ruby, far og dotter. Theis har vore ein heller ustabil faktor i livet til Ruby og Ruby har gjennom heile barndommen lengta etter eit "normalt" og stabilt liv. Ein heim der det ikkje er farleg å ta med seg vener heim og foreldre som møter når dei har sagt at dei kjem. Ruby er sambuar med Bjørnar som nettopp kjem frå ein slik heim som Ruby alltid har ønska seg. Ho samanliknar sitt liv med Bjørnar sitt og kjem ut i minus. Bjørnar på sin side blir glad i Theis og synes han er ein kul fyr. Theis vil så gjerne ha kontakt med Ruby, men når ho verkeleg treng han sviktar han nok ein gong og Ruby orkar verkeleg ikkje meir. Theis har ein hund han kallar Snuppa. Hunden har helde han borte frå alkoholen, for Snuppa vert uroleg når matfar drikk. Snuppa er gamal og sjuk og sjølv Theis skjønar at ho må få sleppa lidingane. Når det ikkje er nokon som kan halde Theis frå flaska, går det kjapt unnabakke med han. Heldigvis finst Tanja, ei butikkdame der Theis handlar. Dei kjem i kontakt og på utrulegvis får ho han til å love og ta til seg ein katt som treng ein roleg heim. Theis heldt fast ved at han er eit hunde menneske, men katten smyg seg til ein god plass i hjartet til Theis. Ruby og Bjørnar vil ha barn saman, men det går ikkje så raskt som Ruby gjerne vil. Ho får gode råd i bøtter og spann frå kollegane sine, men dei er ikkje til så mykje hjelp. 

Theis og Ruby strevar, kvar på sin måte. Selskapet var samde i at Theis ikkje skjøna at han skada relasjonen til dottera ved sin veremåte. Samstundes får vi vite at far til Theis var ein tyrann og at Theis rømde heimanfrå så raskt han kunne. Vi lo godt av katten som valde bokhylla på nyttårsaftan og vi vart ganske bevega av korgutta som kom på sjukehuset til Theis med song, kaker og kaffe. Alle dei frammøtte likte boka. Ane Barmen skriv godt og vi kjenner oss at i situasjonane. Språket er levande og ei av dei frammøtte kunne ikkje hugse at boka var på nynorsk. Det var ho, eit lett og friskt nynorsk som det var ei glede å lese.


onsdag 10. november 2021

Humor er ei vanskeleg sak

 


Selskapet hadde lese Når ein først skal skyte nokon av Arnfinn Kolerud, ei så kalla humoristisk bok. Denne gongen var ikkje meiningane delte i det heile teke. Dette var ei masete bok! Kva vil forfattaren med denne boka? Er det språkstrid - eller kva? Og alle desse småforteljingane som var delvis morosame, men og vanskelege å finne hovud og hale på... Det er sjeldan Selskapet var så samstemde i dommen, men det skjedde altså denne gongen.

Romanen handlar om folk i Vassbygda/Vassbygdi der nokon hevdar at a-ending er det einaste rette og nokon at i-endingar er det som gjeld. Vi møter eit utval personar som bur i denne bygda/i, mellom dei Bendik Utføre som er ein ihuga i-mann. Han køyrer Toyoti og legg stadig ut på tur for å lesa høgt frå diktsamlinger med rett ending i orda. Han deler ut ordlister til nyinnflyttarar og er særs misjonerande for saka/i si. Han vert "stalka" av Sylvia som passar på at han ikkje vert altfor ivrig i misjoneringa. Ho køyrer Auda og er altså ein av "dei andre". Vi møter og ein hemmeleg gjeng som er særs oppteken av at det skal berre vere ein Ivar Aasen og då det vert oppdaga eit ein bjørn i Dyreparken i Kristiansasnd som heiter Ivar, må noko drastisk gjerast. Dei hyrer inn Orm Åkerstein til å utføre oppdraget og dette fører med seg mange rare situasjonar.

Alt dette høyrest nok morosamt ut, og det er det og, men det er for mykje, altfor mykje. Det var slik at fleire i Selskapet sleit seg igjennom boka av rein pliktkjensle og då vert jo ikkje lesinga ein opptur akkurat. Det var sjølvsagt nokre kostelege episodar, tildømes der Orm køyrer postbilen på sjøen i reint sjølvforsvar/sjøforsvar. Eller då Bendik har opna hanskerommet i bilen til Sylvia og fått ein eksplosjon av papirbitar over seg og må støvsugast av henne på bensinstasjonen. Det var fleire som hadde ledd kraftig då. Likevel, for Selskapet vart boka for oppstykka i små sidefortjelingar og vi sakna den raude tråden. Kva vil forfattaren med boka? Vi fann ikkje svaret i bind ein av denne trilogien. Den som vil kan lese vidare i bind to og tre. Selskapet kjente på at det var nok med bind ein.

søndag 3. oktober 2021

Novembermøte

 

Selskapet er no i godt haust-driv og skal møtast torsdag 4. november kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug.

Denne gongen skal vi lese første bind i trilogien om Vassbygda/Vassbygdi Når ein først skal skyte nokon av Arnfinn Kolerud

Det går eit rykte om at dette er ei humoristisk bok og det kan vi vel trenge i ein hustrig haust.

Har du lyst til å vere med i Nordhordland Litterære Selskap, ta kontakt med biblioteket.

Velkommen!

fredag 24. september 2021

Vi liker tøffe damer!

 

Det var ein oppglødd gjeng som samla seg for å snakke om Cecilie Enger si bok: Himmelstormeren. Dette var ei bok som alle likte og alle syntes dei hadde noko å lære av. Det var fleire i Selskapet som ikkje hadde høyrt om Ellisif Wessel tidlegare. Ho var kvinna som kom frå ein velståande og velutdanna familie, men som gifta seg med fetteren sin og vart kona til distriktslegen i Kirkenes. Ho har ein draum om ein stor familie, men barna døyr før dei vert fødd, med unnatak av ein son som berre lever nokre månader. I staden kjenner ho på trongen til å ha ei livsoppgåve og ikkje berre sitte på stas. Ho får eit fotografiapparat av ei venninne og ho tek dette med seg når ho er på legebesøk med mannen. Ho dokumenterer forholda som samane lever under og slik  folk flest har det. Ho vert radikalisert når ho ser korleis storsamfunnet i Sør-Noreg omtalar og behandlar folk i Finnmark. Det er stor naud i fylket, men får dei hjelp? Nei, Stortinget seier at om dei får hjelp vil dei ikkje orke å dra ut på fiske. Ellisif samlar inn mat og klede og deler ut, men det er ikkje slik ho vil at eit samfunn skal fungere. Ho skriv artiklar i aviser for å gjere merksam på forholda, men ho er krass og får mykje motstand. Når gruveselskapet Sør-Varanger vert starta ser ho at det er naudsynt med ei fagforreining og ho er med å starte Norden klippe. Ho lærer seg russisk og tysk for å kunne oversette skrifter slik at folket kunne lese og få ny kunnskap. Ho får støtte av mannen Andreas og han tek ho i forsvar når det trengs, men han er ein mann av si tid og heldt på med sitt.

Selskapet var temmeleg imponert over denne dama og kva ho fekk til. Vi tenkte nok at ho var i krassaste laget når ho uttala seg, men ho hadde ein bodskap om rettferd som var viktig å få fram og då var det kanskje rett? Ellisif Wessel hadde evne til å halde ut og stå på sitt uansett og det var viktig og er framleis viktig i ei tid der rettane til arbeidarane er under press. Cecilie Enger har gjort eit stort arbeid i å finne fram til og bruke historia til Ellisif Wessel. Det er ein roman som må gå med på biografien sine premissar og det gjer at den personelege historia i nokre tilfelle må komme i bakgrunnen for den politiske historia. Likevel meinte Selsakpet at dette hadde Enger klart på ei utmerka måte. Ei bok vi verkeleg likte!

tirsdag 24. august 2021

Septembermøtet 2021

 Det er fofattaren Cecilie Enger som er i fokus i september!

Allereie onsdag 1. september kl.19.00 kan du vere med på ein samtale mellom Cecilie Enger og Kaja Scherven Mollerin som skal strøymast frå Litteraturhuset i Oslo. Du må melde deg på for å vere med på dette arrangementet, strilabiblioteket.frekhaug@alver.kommune.no eller telefon 56171080


Selskapet skal ta føre seg Himmelstormeren som kom ut i 2008. Boka handlar om Ellisif Wessel som kom fra overklassen, men som vart dei svakaste si talskvinne. 

Selskapet møtast torsdag 23. september kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug.

Velkomne!

mandag 23. august 2021

Kjærleik, forviklingar og litt historie om Australia.

 

Endeleg var Seslakpet samla etter ei lang og solrik ferie. Vi hadde lese Merice Briffa: Mine drømmers land som er den første boka i serien om familiane Collins, Tremayne og Trevannick. Vi møter dei først i Cornwall, England der konfliktane og løyndomane startar og seinare i Australia. Hovudhandlinga går føre seg i Australia dit familien Collins reiser til etter at den eldste dottera har teke livet sitt heime i Cornwall. Hovudpersonen i denne boka er Meggan, den yngste i familien og den som har sterke draumar om å bli songarinne. Ho har ei vakker stemme, men mor hennar meiner ho bør bruke meir tid på å få seg arbeide enn å dyrke draumen om å synge. Meggan redder livet til ein liten gut og vert beden om å vere barnepike hos denne familien. Ho takkar ja og får møte eit anna miljø der songtalentet hennar vert sett pris på. Vegane til familiane Collins, Tremayne og Trevannick krysser kvarandre og Meggan får sterke kjensler for Con Trevannick som er forlova med Jenny Tremayne. Ho legg desse til side og gifter seg med David Westoby som er ein rik mann og er villig til å betale for musikkutdanninga til Meggan. Brødrene til Meggan høyrer at det er funne gull nær Adelaide. Dei legg ut på reisa og treff familien Wenton. Denne familien har teke til seg ei aborignerjente og oppdratt ho saman sine eigne barn.  Brødrene Collins reiser vidare, men på vegen er dei ute for ei ulukke og vert hjelpt av aborigere som heldt til i omådet. Con Trevannick oppsøker Meggan igjen, dei vert elskarar og Meggan vert gravid. Mannen hennar David får vite om graviditeten via songlæraren til Meggan. Ved ei ulukke døyr han før han rekk å snakke med Meggan. Og dramaet rullar vidare...

Det er mange forviklingar i denne romanen, men som Selskapet kom fram til: her er det mykje som er føreseieleg. Forfattaren har teke eit skal av historia til Australia og skreve om tida frå 1844 til 1853 då det vart dreve intensiv gruvegrift og gullfunna dreiv sindige karer til å reise frå hus og heim til område der det var funne gull. Ho har og skrive om haldningane til aborignarane og det er like skremmande som rasistiske haldningar og handlingar alltid er. Forfattaren skriv bra, lett og ledig. Det er underhaldande, men vi kunne gjerne tenkt oss litt meir om samfunnet og historia og ikkje så mange kjerleiksfoviklingar.

tirsdag 20. juli 2021

I august skal vi snakke om...


 På møtet i august skal vi samtale om Merice Briffa sin roman Mine drømmers land. Det er den første boka i ein serie på tre bøker, men Selskapet har ingen planer om å lese alle tre, men vi trur ho kan gje oss lyst til å lese meir litteratur frå Australia. Denne boka er ein historisk roman og det er ei stund sida Selskapet las noko i den sjangeren.

Vi treffast torsdag 19. august kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug.

Har du lyst til å vere med i Selskapet? Ta kontakt med biblioteket og meld ifrå!

Ha ein fin sommar! Ta vare på kvarandre! 

Velkomne til møte i august!

tirsdag 25. mai 2021

Long time - no see

 Endeleg var Selskapet samla etter fleire månader med nedstenging og sterke restriksjonar om kvar og kor mange ein kunne vere på same staden. Dette la vi no bak oss og tok fatt på oppsummeringa av kva vi hadde lese i denne distanserte tida.


Første bok ut var den vi skulle ha drøfta i november 2020 Mørke netter i Barcelona av Alicia Giménez-Bartlett

For nokre av oss var dette ei forgløymande bok, medan andre hadde vore noko skeptisk, men etterkvart hadde blitt sjarmert av Petra Delicado og partnaren hennar Fermín Garzón. Vi prøvde å friske opp att kva boka handla om og ganske sakte fann vi ut både kven mordaren var og andre sider av boka som vi faktisk hadde mora oss over. Boka gjev eit godt innblikk i den spanske levemåten og fleire meinte at dette var krim av den meir avslappende sorten. Ei morosam bok, trass mordet.





Neste bok, den vi skulle ha snakka om i januar 2021 var Istanbul, Istanbul av Burhan Sönmez. Det var fleire som ikkje hadde lese boka på grunn av den valdelege rammeforteljinga. Dei som hadde lese, hadde konsentrert seg om forteljingane som dei fire mennene fortel kvarandre og ikkje så mykje torturen som gjekk føre seg i fengselet dei satt i. Desse fire mennene heldt motet opp hos kvarandre ved å fortelje kvar si historie som dei hugsa frå livet sitt før dei vart fengsla. Dei fortel ikkje noko som kan røpe kvar dei kom frå eller noko om familiene deira, men dei fortel om minner slik som å ta ein røyk, sitte på terrassen og sjå ut over byen og ein og anna vandrehistorie.  Det er på sitt vis vakkert og interessant, men for dei fleste vart ramma med fengselet og det usikre livet der for brutalt. Det var ei tung bok å lese.




Boka vi skulle lese i mars var Nadine Gordimer sin roman Et eget liv. Gordimer skriv frå Sør-Afrika og hennar tema er ofte raseskilje, men i denne romanen skriv ho om naturvern, aids, klasseskilje og relasjonar i familien. I romanen møter vi Paul Bannermann, 35 år, naturvernforkjempar og økolog. Han er gift med Benni/Berenice og dei har ein son saman. Paul har fått kreft og behandlinga med stråling gjer at han må bo hos foreldra for å skåne familien sin. Faren skal snart pensjonere seg, han har alltid lete kona få rom til å arbeide med karriera si. Ho er advokat for menneskeretts-spørsmål. Paul kjenner på korleis distansen han no må ha til familien sin endrar relasjonen mellom  dei. Han ser korleis han og kona eigentleg arbeider mot kvarandre, ho for eit stort reklamefirma og han med naturvernspørsmål. Foreldra reiser til Mexico for å følgje arkeologiske utgravingar, for endeleg skal faren få følgje sin draum. Dei kjempar kvar på sin plass for å finne sitt eige liv .

Det er svært mange tema som vert tatt opp i denne romanen. Det er interessant, men det var perioder i boka der fleire i Selskapet fall ut av di det var side opp og ned med betraktingar om naturvern. Kanskje ikkje ein av Gordimer sine beste?


Og endeleg var vi komne fram til boka vi skulle lese i mai! Tore Renberg fekk Bokhandlarprisen for romanen Tollak til Ingeborg. Ein roman på ikkje så mange sider, men som gjorde eit sterkt inntrykk på Selskapet. Romanen er eit portrett av ein mann som kjempar mot framskrittet, som rasar mot det og dei som vil endre verda slik han kjenner ho. Det er Tollak som fortel om Ingeborg, barna og Oddo, sonen han har utanom ekteskapet. Tollak drikk, han vert rasande og trugar og slår dei som står i vegen for han. I eit raserianfall drep han Ingeborg og skjuler drapet ved å leggje ho ein gamal Citroen som han og Oddo grev ned. Han ber på denne ugjerninga gjennom resten av livet. Forholdet til barna har vore dårleg sidan dei flytta heimanfrå og no er det så vidt dottera hans orkar å komme heim. Når han får kreft og veit at han skal døy ber han dei to barna komme og fortel dei om kva han har gjort. 

Tollak har ein merkeleg form for logikk. Det er han som har rett og han argumenterer slik at du føl tankane hans, sjølv om alle i Selskapet innsåg at her har vi med ein bitter og øydelagt mann å gjere. Renberg viser oss den makteslause mannen som rasar mot samfunnet og handlar mot dei næraste på ein vond og øydeleggjande måte. Språket i boka er utruleg vakkert. Det er ei mørk forteljing og ei bok som vi nok vil hugse ei lang stund.

Etter denne maratongjennomgangen tek Selskapet ferie fram til august for så å starte opp att med nye kjekke bøker og gode samtalar. 


fredag 30. april 2021

Ei von er vekt, vi kan møtast!

 

Etter siste oppdaterte meldingar skal det no vere mogeleg å treffast! Vi skal berre ha ein meter mellom oss og då er det igjen mogeleg å ha eit møte i Selskapet. Vi skal snakke om Tore Renberg sin siste roman Tollak til Ingeborg. Romanen er på berre 165 sider og lett å lese. 

Vi treffast på Strilabiblioteket, Frekhaug torsdag 20. mai 2021 kl.19.00

Biblioteket har tinga bøker til alle faste deltakarar, men om det er nokon som ønskjer å vere med så ta kontakt med biblioteket, slik at dei kan tinge bok.

Vi vonar på det aller beste og ønskjer alle velkomne!

tirsdag 20. april 2021

Eit tilbod!


 Har du lese Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar? No er det mogeleg å sjå teaterframsyninga frå Det norske teateret på storskjerm på Strilabiblioteket,  Knarvik.

Framsyninga er onsdag 28. april kl.19.30. Du må melda deg på 56375431 eller på e-post til strilabiblioteket.knarvik@alver.kommune.no

Grip sjansen! Kven veit kor lenge vi får ha 1-meter´n? - og kan sjå ein flott teaterframsyning saman med andre!

Facebook:     https://www.facebook.com/events/1446955355641325/

Nettsida:       https://nordhordlandsbiblioteka.no/nn/event/teaterframsyninga-tante-ulrikkes-vei-direktestr%C3%B8yming-fr%C3%A5-det-norske-teatret

 

 

onsdag 7. april 2021

Nedstenging eller ikkje - vi heldt fram med å lese

 

Sjølv om Selskapet har måtte avlyse den eine samlinga etter den andre så kan vi ikkje slutte å lese. Vi kan enno ikkje melde om ein dag vi kan møtast, men så snart det er mogeleg kjem det ei melding!

I mellomtida les vi Tore Renberg sin siste roman Tollak til Ingeborg ein roman som har fått mykje god omtale og som er ikkje altfor tjukk, men likevel inneheldt mykje.

Strilabiblioteket tingar bøker og de vanlege medlemmene i Selskapet får melding når dei kan hente boka. Om du vil vere med å lese denne, ta kontakt med Strilabiblioteket!

God lesing!

lørdag 3. april 2021

Og den som trudde at no endeleg kan vi møtast, må tru om att!

 Vi som optimistisk planla å møtast torsdag 8. april for å snakke oss igjennom dei tre siste bøkene vi har lese må diverre innsjå at slik vert det ikkje!

Sidan det må vere minst to meter mellom kvar deltakar er det ikkje mogeleg å gjennomføre eit møte i lokala til Strilabiblioteket på Frekhaug.

No tek vi ei tenkjepause og kjem attende med nye meldingar når vi har tenkt litt. 

Vi ynskjer alle ei god påske!

torsdag 25. februar 2021

Endeleg! Atter skal vi møtast!

 Koronarestriksjonane er endra og vi kan igjen møtast! 

I siste innlegg står det at vi skal lese Et eget liv av Nadine Gordimer og fleire har fått melding om at boka kan hentast på biblioteket, gjer det og møt opp på Strilabiblioteket, Frekhaug torsdag 8. april 2021 kl.19.00


Om du ikkje har fått boka eller melding om å hente den, ta kontakt med biblioteket for nærare avtale.

Vi tek ei runde gjennom bøkene vi har lest til no. Har du lest alle er det fint, har du gløymt kva du har lese så vil nok samtalen minne deg om det. Har du ikkje lese noko, men berre har lyst til å høyre på er du velkommen til det.

Velkomne, alle!

mandag 15. februar 2021

Er det ljos i coronatunnelen?

Nix, det er per idag ikkje noko som tydar på at vi kan treffast med det første, men optimistar som vi er - kan det vere lurt å halde lesinga i gang. Vi har lese oss gjennom diverse land og kontinent og no i februar les vi bøker frå Sør-Afrika. Då er det vel naturleg å ta føre seg ei bok av Nadine Gordimer, er føregongskvinne, ei tydeleg motstandar av apartheid og Nobelprisvinnar i 1991.


Vi les Et eget liv men har som sagt ikkje nokon møtedato å sjå fram til. Når vi igjen kan ha møte vil vi ta ei oppsummering av dei tre bøkene vi har lese og så bestemme løpet vidare.

Dei som vanlegvis møter opp til Selskapet sine samtalar vil få melding når boka er klar for henting på biblioteket. Heldigvis er biblioteket ope!

Då er det berre å leve i håpet om betre tider slik at vi kan treffast igjen om ikkje så veldig lenge! Lukke til med lesinga!

tirsdag 5. januar 2021

Og nok ein gong må vi avlyse!

 


Erna har talt! Søndag 3. januar sa ho: bli heime, gå ikkje på besøk, treff så få folk som mogeleg. Alver kommune har difor bestemt at alle arrangement skal avlysast fram til 18. januar.

Dette gjeld også vårt kjekke Selskap som skulle hatt møte 14. januar. Vi har ikkje bestemt neste møte, men vil be alle som er med i Selskapet om å følgje med her på bloggen for ny dato.

Trass alt: Ha eit godt nytt leseår og lat oss håpe at dette er siste gong vi må avlyse grunna koronaen.