tirsdag 25. mai 2021

Long time - no see

 Endeleg var Selskapet samla etter fleire månader med nedstenging og sterke restriksjonar om kvar og kor mange ein kunne vere på same staden. Dette la vi no bak oss og tok fatt på oppsummeringa av kva vi hadde lese i denne distanserte tida.


Første bok ut var den vi skulle ha drøfta i november 2020 Mørke netter i Barcelona av Alicia Giménez-Bartlett

For nokre av oss var dette ei forgløymande bok, medan andre hadde vore noko skeptisk, men etterkvart hadde blitt sjarmert av Petra Delicado og partnaren hennar Fermín Garzón. Vi prøvde å friske opp att kva boka handla om og ganske sakte fann vi ut både kven mordaren var og andre sider av boka som vi faktisk hadde mora oss over. Boka gjev eit godt innblikk i den spanske levemåten og fleire meinte at dette var krim av den meir avslappende sorten. Ei morosam bok, trass mordet.





Neste bok, den vi skulle ha snakka om i januar 2021 var Istanbul, Istanbul av Burhan Sönmez. Det var fleire som ikkje hadde lese boka på grunn av den valdelege rammeforteljinga. Dei som hadde lese, hadde konsentrert seg om forteljingane som dei fire mennene fortel kvarandre og ikkje så mykje torturen som gjekk føre seg i fengselet dei satt i. Desse fire mennene heldt motet opp hos kvarandre ved å fortelje kvar si historie som dei hugsa frå livet sitt før dei vart fengsla. Dei fortel ikkje noko som kan røpe kvar dei kom frå eller noko om familiene deira, men dei fortel om minner slik som å ta ein røyk, sitte på terrassen og sjå ut over byen og ein og anna vandrehistorie.  Det er på sitt vis vakkert og interessant, men for dei fleste vart ramma med fengselet og det usikre livet der for brutalt. Det var ei tung bok å lese.




Boka vi skulle lese i mars var Nadine Gordimer sin roman Et eget liv. Gordimer skriv frå Sør-Afrika og hennar tema er ofte raseskilje, men i denne romanen skriv ho om naturvern, aids, klasseskilje og relasjonar i familien. I romanen møter vi Paul Bannermann, 35 år, naturvernforkjempar og økolog. Han er gift med Benni/Berenice og dei har ein son saman. Paul har fått kreft og behandlinga med stråling gjer at han må bo hos foreldra for å skåne familien sin. Faren skal snart pensjonere seg, han har alltid lete kona få rom til å arbeide med karriera si. Ho er advokat for menneskeretts-spørsmål. Paul kjenner på korleis distansen han no må ha til familien sin endrar relasjonen mellom  dei. Han ser korleis han og kona eigentleg arbeider mot kvarandre, ho for eit stort reklamefirma og han med naturvernspørsmål. Foreldra reiser til Mexico for å følgje arkeologiske utgravingar, for endeleg skal faren få følgje sin draum. Dei kjempar kvar på sin plass for å finne sitt eige liv .

Det er svært mange tema som vert tatt opp i denne romanen. Det er interessant, men det var perioder i boka der fleire i Selskapet fall ut av di det var side opp og ned med betraktingar om naturvern. Kanskje ikkje ein av Gordimer sine beste?


Og endeleg var vi komne fram til boka vi skulle lese i mai! Tore Renberg fekk Bokhandlarprisen for romanen Tollak til Ingeborg. Ein roman på ikkje så mange sider, men som gjorde eit sterkt inntrykk på Selskapet. Romanen er eit portrett av ein mann som kjempar mot framskrittet, som rasar mot det og dei som vil endre verda slik han kjenner ho. Det er Tollak som fortel om Ingeborg, barna og Oddo, sonen han har utanom ekteskapet. Tollak drikk, han vert rasande og trugar og slår dei som står i vegen for han. I eit raserianfall drep han Ingeborg og skjuler drapet ved å leggje ho ein gamal Citroen som han og Oddo grev ned. Han ber på denne ugjerninga gjennom resten av livet. Forholdet til barna har vore dårleg sidan dei flytta heimanfrå og no er det så vidt dottera hans orkar å komme heim. Når han får kreft og veit at han skal døy ber han dei to barna komme og fortel dei om kva han har gjort. 

Tollak har ein merkeleg form for logikk. Det er han som har rett og han argumenterer slik at du føl tankane hans, sjølv om alle i Selskapet innsåg at her har vi med ein bitter og øydelagt mann å gjere. Renberg viser oss den makteslause mannen som rasar mot samfunnet og handlar mot dei næraste på ein vond og øydeleggjande måte. Språket i boka er utruleg vakkert. Det er ei mørk forteljing og ei bok som vi nok vil hugse ei lang stund.

Etter denne maratongjennomgangen tek Selskapet ferie fram til august for så å starte opp att med nye kjekke bøker og gode samtalar. 


Ingen kommentarer: