Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg

mandag 13. juni 2022

Språk som frå sagalitteraturen

 

Det er særs sjeldan at alle dei frammøtte i Selskapet var samde om at dette var ei grusom, men fantastisk bok å lese. Har det i det heile teke hendt? Det nesten ikkje mogeleg å hugse, men no har det skjedd! Boka Tvillingenes dagbok er den første i ein trilogi av forfattaren Agota Kristof. Ho flykta frå Ungarn til Sveits og begynte å skrive på fransk som ho måtte lære seg. Boka handlar om to gutar, tvillingar, som mora tek med seg til bestemora slik at dei kan bur hos henne og få mat. Slik ståa er i byen kan mora ikkje fø dei, faren er i fengsel og bestemora er einaste utveg. Gutane vert ikkje godt mottekne, dei må arbeide mykje, maten er heller skrinn og det er mange vonde ord og slag. Gutane har kvarandre, dei ser og observerer mykje. Dei opplever brutale hendingar og vi skjønar at landet er i krig og det er den sterkaste som rår. Gutane bestemmer seg for at dei skal herde seg. Dei skal tåle sult, kulde, hat og godleik, det skal hgerde seg slik at dei kan ta i mot det som skjer. Dei får ei bok og bestemmer seg for å skrive ned alt som skjer, men det dei skriv må vere mogeleg å måle. Om dei synest bestemora er ei heks, kan dei ikkje skrive det, dei må i staden skrive: folk i landsbyen synest at ho er det. Dette er stemmer for bestemora vert omtala som Heksa. I landsbyen bur det ei jente med hareskår, presten har forgrepe seg på henne. Gutane oppsøkjer presten og konfronterer han med dette. Presten forsøkjer å vri seg unna, men gutane heldt fast på sitt og presten går då med på å betale jenta og mor hennar ei viss sum slik at dei kan komme ovanpå igjen. Landsbyen har fleire originalar og dei set sitt preg på livet der. Gutane var eigentleg ikkje onde, men dei vart svekne av dei vaksne og lærte seg å handle ut i frå dette. Dei tok kontroll over sitt eige liv og stolte berre på kvarandre. 

Selskapet vart som sagt hekta. Fleire hadde eller var i gong med å lese bind to og tre og fasinasjonen heldt seg. Faktisk alla sa: boka er forferdeleg, men fasinerande og språket er nok heilt eineståande. Vi var inne på om Kristof skreiv på denne måten av di ho skreiv på eit språk som ikkje var morsmålet hennar. Ho bruker eit knapt ordforråd, men bruker dette på ein heilt utruleg god måte. Det er så presist og vakkert at vi vart minna på sagalitteraturen som har desse korthogde setningane. Forfattaraen gjev oss inntrykk av at det ho skriv er sant, det er som ein rapport men med to gutar i hovudrolla. Selskapet var fornøyd, ei verkeleg god bok!

mandag 3. april 2017

Veit du kven naboen din eigentleg er?

Selskapet var nesten "alle mann, alle" denne kvelden og dei frammøtte hadde lese boka og hatt ei fin lesaroppleving. Det kunne ha enda der, men når vi begynte å grave litt meir i denne boka kom det fram at her var det fleire synspunkt enn berre jubelrop.

Historia  vert fortald etter at ting har skjedd, forteljaren  er Jørgen, gift med Vibeke og far til Vidar og Eyolf. Han arbeider med menneske som har en vanskelig bakgrunn og han er ein roleg og litt bakoverlent mann. Han elskar kona og de har eit bra liv saman. I nabohuset kjem det ein ny familie, Steinar, Liv Merete og Magnus. Steinar er lege og han tek mykje plass, han lyser, alle legg merke til Steinar. Familien som flyttar inn er tilsynelatande velfungerande, men det er noko med Steinar som skaper uro hos både Jørgen og Vibeke. Første gang Jørgen ser Steinar tenker han "Her kjem ein fryktlaus mann" (s.14). Jørgen er lidenskapleg fan av fotballaget West-Ham og pleier saman med vennen Bjørn å reise på tur til London eit par gongar i året. Billettene til neste tur er allereie tinga, men Bjørn blir alvorleg sjuk og kan ikkje dra, men da melder Steinar seg og kven kan si nei til han? Turen blir ikkje slik Jørgen har tenkt seg og uroa han kjenner på ovanfor Steinar berre veks. Alt ser så fint ut på utsida, men kva veit vi eigentleg om menneska rundt oss?

I kritikkane har vi lese at Tore Renberg "punkterer" romanen ved at han avslører kva som har skjedd etter ca 200 sider. Det syntes ikkje fleirtalet av gruppa, snarare tvertom - her fekk vi stemma til Steinar som forklarar kva som førte han inn i denne situasjonen. Det einaste er at forfattaren let Steinar skrive på bokmål(!) - Jørgen  si forteljing er på vakkert nynorsk - dette likte vi ikkje. Andre synspunkt var at forfattaren lurer oss inn i ein måte å sjå hendingane på. Vi får ikkje sjølv oppdage kva det er med Steinar. Det er Jørgen som brukar ord som bygg opp til ei veldig spenning og brukar ord som får oss til å tru at Steinar nærast er demonisk og vil gjere grusomme ting. Dette vert spenning på falske premissar. Vi spurde oss om Jørgen vert prega av jobben sin, slik at han tek med seg måten å se folk på inn i sitt privatliv? Vi får stor sympati med Jørgen og kona Vibeke, men ville vi ha låst oss inn i naboens hus for å sjå etter mistenkelege ting? Det er lett å bli forført av engstelege tankar, når naboen du ikkje er heilt trygg på tek med seg guten din på hyttetur. 
For dei fleste var høgdepunktet i romanen når Steinar kjem med guten til Jørgen og Vibeke på skuldrane ned frå fjellet - eller forfatteren sin omtale av dei einskilde familiemedlemmane til Vibeke, det var fleire som lo berre ved tanken på korleis forfattaren til dømes omtalar svigerfar til Jørgen.
Kva så- var det nokre nedturar? Den tyngste kritikken gjekk på at forfattaren ikkje let lesaren oppdage kva det er med Steinar. Vi vert lurte inn i ein tenkemåte. Trådane er så difuse at vi berre anar at det er noko ekkelt med han. Orda som vert brukte set Steinar i eit spesielt lys, som overgripar av eit eller anna slag. Vi fekk heller ikkje så godt inntrykk av kona til Steinar, kven er ho, kvifor er ho nesten aldri ute, kvifor gjev ho nøkkelen til huset deira til Jørgen og Vibeke når dei reiser på fjellet og kvifor er ho ein heilt anna når dei kjem til hytta? Det er mange lause trådar her og det fekk nokon i Selskapet til å utbryte: dette er lettvint ! 
Vi får sympati med personane i romanen, både med Jørgen og Steinar - etterkvart. Det ga oss noko å tenke på - kor godt kjenner vi eigentleg naboen? - og kva med situasjonar vi observerar, er det alltid rett det vi trur vi ser?
Kor som er - alle deltakarane fekk lyst til å lese meir av Tore Renberg, for han skriv godt, veldig godt!


lørdag 1. november 2014

Å blande seg inn - er det eit mødre-gen?

Alle dei frammøtte i Seslkapet hadde prøvd, verkeleg prøvd å lese seg igjennom Carl Frode Tiller si bok Innsirkling, men alle hadde ikkje lukkast. For nokre vart det for dystert, medan andre vart sugd inn i forteljinga og er no djupt inne i Innsirkling 2 og det var og dei som hadde lese bok 3 og visste svara på korleis det gjekk til slutt med alle dei nære vennene og dei litt fjernare.
Boka startar med Jon, musikaren som ser så dystert på livet at han er nærast ufør. Han skriv brev til David som har mista hukommelsen. Gjennom brevskriving skal dei som kjende han skrive om barndom og oppvekst, slik at han kanskje igjen kan hugse kven han er. Jon skriv, Arvid som er prest og stefar til David skriv og Silje som var kjærasten (?) til David. Dei fortel om hendingar og tida som barn og tenåringar, men dei skriv like mykje om seg sjølv og slik livet såg ut frå deira ståstad. Jon har et dårleg sjølvbilete og mor hans legg seg opp i både det eine og det andre. Det var nokon i Selsakpet som kjende seg veldig att og vi var ei lita runde innom temaet - mødre som legg seg oppi ting. Ja,om det er slik at mødre berre gjer slik? Jon klarte og å få heile forsamlinga til å ønske å filleriste han, slik at han kom seg ut av ei djup sjølvmedkjensle. - sikkert ei umogeleg oppgåve, men lell... Vi snakka om kor ulikt ein kan oppfatte situasjonar og forhold mellom menneske. Jon ser på presten/stefar til David som ein tafatt og bleik type, men når Arvid skriv ser det ut til at det er god kontakt mellom han og David. Silje skriv om den frigjorte kunstnartypen mor hennar var. Ho skriv om ekteskapet sitt som ser ut til å vere nede i ein bølgjedal og betre vert det ikkje når ho later som ho har ein elskar - nemleg bror til mannen. Makan til manipulerande dame!
Vi får fleire eksempel på totalt absurde diskusjonar - og anar nok at forfattaren har henta ein del av desse frå det verkelege livet.
Boka gjev eit tidsbilete - det er hippie-tid, menneska skal vere frigjorte og prøve alt. Tiller skriv på ein ny og kreativ måte og språket er utruleg bra!
Det er mykje krangling mellom venner og familie og vel har vi høyrd om dramatiske og turbulente familiemiddagar, men søndagmiddagen hos Silje og mannen den tar kaka - denne sekvensen var eit absolutt høgdeunkt!
Fleire i Selskapet syntes boka var tung å lese. Ein må lese lengre avsnitt om gongen, boka krev at ein er konsentrert og tenkjer på det ein les.
På den andre sida, dette er nok ein av dei bøkene vi vil hugse, for her var det mykje å tenke over - og Tiller skriv utruleg bra!

torsdag 5. september 2013

Should I Stay Or Should I Go?

Syng The Clash og dette vert etter kvart eit stort og viktig spørsmål for Mia, hovudpersonen i boka Du forsvinner av Christian Jungersen.
No, kunne dei frammøtte i Selskapet konkludere med at: "Hadde dei gjort ein skikkeleg innsats med den første mannen/kona så hadde det vore det beste", men slik er jo ikke røynda.
I starten på boka er vi med på ein forrykande køyretur på Mallorca. Frederik, Mia og sonen Niklas sit i bilen Frederik køyrer, dei raser nedetter svingete vegar, Mia skrik til Frederik at han skal sette ned farten, men han køyrer berre på. Dei skrenser inn mot fjellet, Frederik klarer å rette opp bilen, han svinger ut til sida, går ut og fell om. Ambulansen kjem, han blir lagt inn på sjukehus og der får Mia vite at Frederik har ein svulst på frontallappen i hjernen.
Når dei kjem tilbake til Danmark og det vakre huset sitt, må Frederik opererast og medan dette skjer vert det oppdaga at han har underslege millionar frå skulen der han er rektor. Mia les alt ho kjem over av litteratur om hjernesvulstar og korleis dei påverkar  menneske som får denne diagnosen. Ho tenkjer tilbake og må erkjenne at Frederik har endra personlegdom i løpet av dei siste tre åra.
Både Mia og Frederik blir stilte for retten grunna underslaget. Dei får hjelp av advokaten Bernhard og i løpet av denne rettsaka vert Mia forelska i advokaten og dei innleiar eit forhold. Bernhard har ei kone som er sterkt hjerneskadd. Denne skaden fekk ho i ei bilulykke der og Bernhard var med. Mia oppdagar etterkvart at Bernhard og har ein hjerneskade og ho må velje mellom desse to mennene.
Selskapet likte boka av di den var full av driv og aktion, men samstundes var det for mykje av alt. Vi syntes at Mia var altfor grunn, var ho verkeleg berre oppteken av tennis og design? Relasjonane mellom menneska i boka verka fjern og kva med sonen Niklas, var det naturleg å ikkje ta meir omsyn til han? I Selskapet er alle kvinner og vi synest nok ikkje at Jungersen har heilt teken på å skrive om kvinner. Boka sine høgde punkt er innleiinga, du blir sugd inn i romanen. Når forfattaren beskriv nokre av dei bisarre utslaga som sjukdomen fører til for Frederik, må vi trekke på smilebandet, trass i det tragiske. Han skal nemleg ale opp kaninar og det skal skje på soverommet(!).
For dei av oss som hadde opplevd å ha nære relasjonar med hjernesvulst var det både godt og vondt å lese boka. Det ga oss ein god samtale om å leve med sjukdom, kva tel når alt kjem til alt?
Kan vi anbefale boka? Ja, skal du lese ei spennande bok absolutt, men skal du lese om relasjonar og sjukdom ta ei fagbok.

mandag 22. juni 2009

Rødby - Puttgarden

Det vil nok gå greit å lese denne, sa eg før vi starta på boka Rødby - Puttgarden av Helle Helle. Det var før nokon i Selskapet hadde lese boka og før nokon hadde prøvd å finne ut kva den handla om. Kva skjer eigentleg i denne boka? Søstrene Tine og Jane bur saman i Rødby og begge arbeider på ferjene mellom Rødby-Puttgarden i parfymeriet. Den yngste, Jane er ei skikkeleg jente, medan den eldre søstra er meir som ei villgeit - i følgje ei i Selskapet. Tine har ei dotter, Ditte som må passast av naboar og kjende når søstrene er på jobb og folk trår til og hjelper kvarandre. Vi undra oss over dette lille barnet, som aldri grein, alltid spiste maten sin, sovna og i det heile var eit uvanleg roleg barn. Søstrene derimot er stadig på farten, går og går med barnevogna hit og dit, møter underlege personar som er ein sjølvsagt del av deira lille verd. Jane blir med Abel, ein mann ho møter i parfymeriet, til Tyskland og vi vona alle at her ville ho finne kjærleiken, men, nei. Abel er gift og sjølv om han seier at han nesten ikkje ser kona si, reiser han straks heim når han får melding om at ho er sjuk. Jane derimot blir igjen i Tyskland og reiser først heim etter nokre dagar, kvifor blir ho igjen? Det var fleire av oss som hadde lese boka for ei stund sidan og trengte litt oppfrisking både om hendingar og personar og då skjer det dette merkelege og kjekke: Boka kjem fram i eit nytt lys. Den stille humoren, dei korte tørre setningane får tyngd og blir viktige på ei ny måte. Det er fleire sider ved denne boka enn ein skulle tru og kanskje skulle vi lese ho ein gong til, høgt til og med?

onsdag 18. februar 2009

Kva veit vi om dansk litteratur?


Danmark er eit av våre kjære naboland som vi har ei lang og ikkje alltid like hjarteleg historie saman med, men Selskapet har spurd seg sjølv og tenkt på: kva veit vi eigentleg om dansk litteratur? Ja, vi veit jo om H.C. Andersen og .... Ja, vi nemner jo ikkje Holberg for han var jo bergensar. Men kva veit vi om samtida? Kva vert skriven og lest av dansk litteratur i dag? Dette veit vi fint lite om og difor skal vi lese danske forfattarar i 2009. For ikkje å bli heilt lausrivne frå det heimlege skal vi starte med
Morten Ramsland si bok Hundehode. Denne boka hentar handlinga si både frå Bergen og frå Danmark og er ei familiekrønike. Det er ei stund sidan boka kom ut så nokre har vel lest denne, men kanskje det er tid for ei ny gjennomlesing? På neste møte skal vi og finne fram til fleire danske bøker og forfattarar, det kan bli kjekt. Og neste møte ja det er 19. mars kl. 19 på Lindås folkeboksamling i Knarvik. Velmøtt!