torsdag 14. august 2014

En bergenser møter verden

Selskapet har hatt ferie, men før ferien var vi samla om snakka om Tomas Espedal si bok Bergeners. Dette var ei mangslungen bok, med mange kjende forfatternamn, stader i Bergen som vi kjende igjen og ulike sjangrar. Kva skal vi seie? Vi mislikte ikkje boka, men den var springande og forfattaren hoppar frå tema til tema. Vi var samde om at språket er flott, det er vakkert med formuleringar som er ei fryd å lese. Det er sekvensar som får oss til å fnise og det er omtalar av kjende forfattarar i pinlege situasjonar som vi berre har høyrt vage rykte om - i denne boka får vi ei forklaring.
Høgde punktet var forfattaren sitt møte med Dag Solstad i Madrid og ikkje minst "det perfekte rom" med Harold, der inspirasjonen til å skrive forsvann i den totalt sterile perfeksjon. Det var i det heile mange høgdepunkt, sjølv om vi ikkje unisont var heilt begeistra.
Det vi likte minst med boka var den overveldande "namedroppinga" - mange kjendisar, men kvifor, kva tilførde dei romanen? Vi var alle samde om at forfattaren har noko uoppgjort med mor si og det burde han få ordna. Etter dette vart vi vikla inn i ein samtale om å ta kontakt med dei daude og ein av deltakarane braut då ut: Får eg tilbod om å møte dei daude, seier eg beint nei! Selskapet slutta seg til dette.
Boka dyrkar kunstnarmyta og vi lurte fleire gonger på om Espedal sende interne meldingar til kunstnarvenene sine - det gjer avstand mellom forfattar og lesar større syntes vi. Vi er veldig spente på om han får Nordisk Råds Litteraturpris, om han fortjener det for denne boka er vi ikkje så sikre på, men han har mange andre bøker som er verd å merke seg. Vi slo fast at han lever eit vilt og poetisk liv, det kan jo vere til inspirasjon for dei meir forsiktige mellom oss.

Ingen kommentarer: