Viser innlegg med etiketten Tyskland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tyskland. Vis alle innlegg

lørdag 8. oktober 2016

Ein får meir med av ei bok ein må kjempe med


Det var tid for første møtet der vi skulle snakke om tysk samtidslitteratur og valet hadde falle på Kruso av Lutz Seiler.

 Boka starter i 1989 med Edgar som er student ved universitetet i Halle. Kjærasten G har omkome i ei ulykke og sjølv er han nær eit samanbrot. Han reiser til Hiddensee kor han får sommarjobb i oppvasken på restauranten Klausner. Hiddensee var på denne tida kjend som ein tilfluktstad for intellektuelle og kunstnarar om sommaren. Øya ligg berre fem mil frå den danske kysten, noko som førde til at mange prøvde å rømme frå DDR til vesten i dette området.
Det er eit rikhaldig galleri av personlegdomar som er tilsette på restauranten og dei vert alle omtalta som "besetningen", altså som på ein båt. Edgar eller Ed som han blir kalla går ned til stranda og der finn han kadaveret av ein rev som han legg i ei hole og den daude reven vert samtalepartnaren hans. 
Det er vennskapen med den karismatiske Alexander Krusowitsch eller Kruso som er hovuddrivkrafta i romanen. Kruso fører Ed inn i ei verd av ritualar, festar og ikkje minst tankar om fridom og omsorg for "dei skipbrudne". Kruso opplevde at den kjære storesøstera hans, Sonja forsvann, dei var på stranda og ho ba han sitte og vente på henne - ho kom aldri tilbake. 
Når sommarsesongen på Klausner går mot slutten er det fleire av dei tilsette som blir borte, vi veit ikkje om dei har flykta eller berre reist vekk, men hele etablissementet bryt sakte saman og forholdet mellom Ed og Kruso avspeglar dette.

Samtalen bar nok litt preg av at det var fleire som ikkje hadde lese og i tillegg nokon som ikkje var ferdige.
Alle meinte dette var ei vanskeleg tilgjengeleg bok. Ho var tunglese, mellom anna av di det ikkje var nokre lette passasjar du raskt kunne «skumme over», her var alt meiningsbærande. Setningsoppbygginga er prega av  lange setningar, ofte med innskotne parentesar. Men det som gjer boka vanskeleg tilgjengeleg er og med på å skjerpe tankane og utløyse refleksjonar. Brita trefte spikaren på hovudet:  «Ein får med meir av ei bok ein må kjempe med!».
Vi drøfta litt kva denne gjengen av outsidarar eigentleg var på jakt etter. Kruso står sjølv på staden kvil, og kan ikkje anna (søstra har jo bede han om å bli ståande der på stranda å vente..) Når vi høyrde omtale om at dette var ei bok som omhandla tida rett før og etter murens fall, tenkte vi oss at det var ei politisk bok, men her møter vi meir personar i krise og jakt på eigen identitet, der det som skjer i samfunnet rundt berre fungerer som bakgrunnsstøy. Likevel spelar den stengde grensene ei viktig rolle som eit bilete for menneskeleg lenkt, sjølv om det for Kruso var viktig å få fram at du finn ikkje fridomen i forbrukarsamfunnet i Vest – men i ditt eige indre. Boka skrifter synsvinkel i Epilogen når Ed vil skape eit minne for dei som drukna under flukta til Danmark. Denne avslutninga er som eit forsøk på å komme vidare i livet for Ed, og på eit vis fekk vi godt håp for han.

Så er spørsmålet om denne boka vert ei av dei vi vil hugse i lang tid eller om ho snart er gløymd, kven veit?

onsdag 30. mars 2011

Kvinna Blum

Ja, slik vert ho omtala i denne romanen som er skrive som ein slags rapport. Distansert, nøyaktig og likevel eit knallhardt innlegg mot pressa som jaktar på oppslag. Dette er historia om hushjelpa Katharina Blum som på karnevalet i Köln møter Ludwig Götten og forelskar seg hovudstups i han. Han er i leilegheita hennar om natta og om morgonen stormar politiet inn for å arrestere Götten, som er ein ettersøkt venstreekstrem terrorist. Götten har ved hjelp av Katharina klart å gøyme seg vekk og det er Katharina som må reise med til politistasjonen for å forhøyrast. Boka handlar for det meste om korleis politi og samfunnet med pressa i spissen grev seg inn i hennar privatliv, henger ho ut som "morderbrud", kriminell og samfunnsfiende. Journalistane diktar opp historier om ho og denne uthenginga får ho til slutt til å ta saka i eigne hender, noko som fører til endå meir ulukke.
Det er Nobelprisforfattaren Heinrich Böll som står bak denne boka. Han fekk ikkje prisen for denne boka, men prisen gjorde det kanskje mogeleg for han å skrive ho? Etter at boka kom ut vart han boikotta av den konservative Springerpressa og han vart skulda for å vere for terror.
Selskapet las boka med stor interesse, for dette handla då ikkje berre om 1970-åra i Tyskland? Hadde vi ikkje fleire saker å sjå tilbake på her til lands og? Presseoppslag der stemninga for eller mot ein person vart hausa opp slik at det for nokon enda med sjølvmord og for andre skapte ein veldig sympati? Vi snakka om kor lett det er å vandre i flokk og ikkje minst delta i å forteljingar som gjer ei fjær til fem høns. Jau, det trengs både innleving, men og distanse når ryktebørsen koker og vi alle vil vite litt meir.

tirsdag 1. februar 2011

Heinrich Böll


Heinrich Böll fekk Nobelprisen i litteratur i 1972 og difor skal vi lese boka:
Katharina Blums tapte ære. Denne boka kom ut i 1974 og er ikkje "nobelprisboka", men Böll fekk prisen i hovudsak for heile forfattarskapet sitt og når boka er på under 200 sider såg Selskapet føre seg at dette skulle dei makte. For dei som gjer seg raskt ferdig med Katharina Blum kan vi allereie no melde at neste bok vert: Hundre års ensomhet av Gabriel Garcia Marquez.
Vi samtalar om Katharina Blum den 17. mars kl.19.00 på Lindås bibliotek. Ta kontakt med personalet på biblioteka om du ønskjer å vere med. Velkomne!