tirsdag 5. september 2017

Arv og miljø

Selskapet samla seg på biblioteket på Frekhaug etter ein lang sommarferie. Vi hadde lese Arv og miljø av Vigdis Hjorth og berre eit par veker før samlinga hadde søstera Helga Hjorth gjeve ut sin roman Fri vilje som eit motsvar eller var det hemn? Fra før hadde vi lese om dei strålande meldingane Arv og miljø fekk, Bokhandlarprisen som ho fekk for boka og mange andre nomineringar. Dei i selskapet som hadde lese boka før dei største debattane i media starta hadde fryda seg over ei strålande bok, levd seg inn i Bergljot sine opp og nedturar og kjent sympatien med hennar skjebne. Så kjem den store "virkelighetsdebatten" - og seint i sommar - som sagt - søstera sitt motsvar til boka.
Vi kjende oss både nyfinkne, men og litt irriterte for kva er det vi eigentleg er invitert til å lese? Ein fiksjon eller ei framstilling av ei røynd sett frå to synsvinklar? Vil vi eigentleg lese slik litteratur?
Vi fann ut at vi ville konsentrere oss så godt vi kunne om Vigdis Hjorth si bok, men likevel - lesinga vart prega av debatten.
Boka handlar om Bergljot som er forfattar. Ho har to yngre søstre og ein bror som er nærare henne i alder. Bergljot påstår at faren har misbrukt henne då ho var liten, broren trur på ho, men veit ikkje noko sikkert. Dei to yngre søstrene kan ikkje tru at dette er sant og nektar for at deira gode far kunne ha gjort noko slik. Mora vil ikkje høyre på slikt vås. Når faren døyr skal arva gjerast opp og dei to yngre søstrene arver kvar si hytte, medan Bergljot og broren får pengar. Dei meiner taksten for hyttene er sett altfor lågt og vil ikkje godta delinga. For Bergljot er det ikkje pengane som er det viktigaste, men det er å bli trudd av resten av familien.
Selskapet var samde i at Vigdis Hjorth skriv godt, ho kan skrivehandverket og det gjer at vi trur på personane, vi trur på Bergljot og hennar historie. Vi var og opptatt av barna til Bergljot, kor vanskeleg var det ikkje for dei å ha ein god relasjon til besteforeldra og tantene? Etterkvart som historia rullar fram tek dei side, men slikt koster for alle.
Vi levde oss inn i kjensla av å ikkje bli trudd, for dette kan Hjorth - beskrive kor makteslaus ein kjenner seg når ein er åleine om si forteljing.
Samstundes - kva kjenner dei som aldri har høyrt denne vanvittige historia før? Kan det verkeleg vere sant? Er det ikkje rett å vere litt skeptisk eller undrande om ikkje anna?
Vi samtala om falske minne, er det slik med Bergljot? Kven veit. Likevel til slutt enda vi opp med dette vanskelege: å skrive om personar som lever idag. Mange forfattarar har gjort det opp igjennom tidene. Dei gode bøkene står att, vi veit lite om kva det har kosta for dei næraste i deira samtid, men i vår medietid får vi vite det og meire til - mykje meir enn vi treng og ikkje minst ønskjer.

Selskapet kjente at det var nok no med "verkelegheitsfiksjon" og skal ved neste krossveg vere sikker på at dette er fiksjon - helt sikkert. Vi får sjå...

Ingen kommentarer: