torsdag 25. mai 2023

Nydeleg, trist og melankolsk


 Dette var orda dei frammøtte i Selskapet starta samtalen med om romanen Barndommens gate av Tove Ditlevsen med. Romanen var Ditlevsen sitt gjennombrot som forfattar. Ho hadde debutert med ei diktsamling, men det var denne romanen som ga ho anerkjenning og opna vegen vidare for ho. Romanen fortel om Ester, broren Carl og foreldra. De bur i Istedsgate, på den tida eit arbeidarstrøk med store bygårder med små leiligheiter. Ester har ei særs god venninne Lise, ho er lita med eit søtt hjartefjes, medan Ester er lang og tynn. Dei er eit umake par, men dei heng saman i barneåra. Dei naskar frå butikken, Lise naskar og Ester spør etter alt mogeleg for å ta vekk merksemda frå Lise. Når Lise meiner at Ester og bør stele, så går det nesten gale for Ester veit i djupet at å stele det gjer ein berre ikkje. Likevel gjer ho slik Lise seier. Ester leiter etter anerkjenning, ei forsikring om at ho og livet hennar er viktig. Det er ikkje lett for Ester mangler ei forståing av sosiale signal.  Et eksempel: Lise og Ester kjem inn til eit par og skal synge litt, men Ester skjønar ikkje når det er nok, ho berre driv på til dei vert kasta ut. 

Selskapet lo litt av dette, men det handlar og om kor usikker Ester kjenner seg i verda. Ho er redd for å leggja seg om kvelden og sovnar ikkje før foreldra er der og ho torer ikkje gå over gårdsrommet av di det kan vere ein mann der. Likevel er det tak i Ester, ho får seg jobb på eit pensjonat, ein jobb ho hatar. Ho riv seg laus, sjølv om ho lyg om grunnen. Ho vert sekretær, men hamnar i ein vanskeleg situasjon der og. Ester veks opp, men vert ho vaksen? Det spurde vi oss om i Selskapet. Ho gjer ting utan å reflektere over handlingane sine og konsekvensane dei vil få. Selskapet meinte at om ho gjorde dette ein gong så var det no så, men det skjer igjen.

Vi snakka om broren Carl som skriv små dikt og legg deit i skuffen, han vert ven med Oskar som teiknar og saman vil dei leve av å skrive og teikne. Carl får utgjeve dikta sine og etterkvart ein roman. Mora er veldig stolt av sonen, men skal ikkje skryte, langt i frå. Vi lurte på om Carl eigentlig var forfattaren sjølv for denne romanen har sterke sjølvbiografiske trekk. 

Det er ei sår forteljing, vi ønskjer at det skal gå bra med Ester, men vi spør oss: vert ho aldri fri for denne gata som har prega barndommen hennar slik? Alle dei frammøtte likte boka og vil gjerne anbefale den. Dei som vil lese meir om Ester kan gå til bøkene Ungdom og Gift.

Ingen kommentarer: