torsdag 23. november 2023

To bøker som gjer inntrykk


Selskapet hadde til dette møtet i november lese to bøker av Olaug Nilssen. For nokre av deltakarane var bøkene særs deprimerande og nesten umogelege å komme igjennom. For kven kan tenkje eller førestille seg korleis det må vere å leve med eit barn med autisme? For det er dette desse to bøkene handlar om. Tung tids tale er ein sjølvbiografisk roman som Olaug Nilssen har skreve om seg sjølv og sonen Daniel. Om korleis dei oppdaga at han hadde regresiv autisme. Dei første åra var han som ein kven som helst annan liten gut, men så mista han språket, vart utagerande og dei trong hjelp, mykje hjelp for ikkje å gå under. Vi får høyre om korleis hjelpeapparatet fungerer, eller ikkje fungerer. Vi får høyre om sorga over å ha "mista" den guten han ein gong var og kampen for anerkjenning på at han er der inne ein stad.

Den andre boka av forfattaren: Yt etter evne få etter behov har og tema om ein gut med autisme og familien som omgjev han.  Familien er foreldra Gudrun og Sverre, døtrene Rakel, Lea og Linda, sonen til Lea Benjamin har autisme og bur for tida hos Rakel. Lea har gjeve opp. Ho trur ho har posttraumatisk stress syndrom og ligg i senga og spelar Hay Day. Rakel er lærar, ho er den ryddige, ansvarlege og har tilsynelatande alt på stell. Linda er lege, er gift og har barn. Ho er særs flink til å fortelle foreldra kor lite omsyn dei tar til henne og hennar behov. Foreldra på sin side kjenner på skuldkjensle og tek på seg mykje barnepass og hjelper henne alt dei kan. Når Rakel vert sjuk og treng hjelp er det ingen der. Ho flippar heilt ut og den dagen stikk Benjamin av og heile familien må trø til for å finne han.

Selskapet meinte at forfattaren skriv godt, bøkene var lette å lese, og fleire likte bøkene særs godt sjølv om innhaldet var dystert. Vi vart imponert over dei som har barn med spesielle behov og som heldt ut i år etter år, som kjempar intenst for at barna deira skal få ha eit så godt liv som mogeleg. Vi fekk mykje å tenkje på og vere takknemlege for. Dette er gode bøker, vel verdt å lese!







Ingen kommentarer: