Etter å ha lese tjukke og komplekse romanar i sommar, var det eit fredeleg og godt møte med Hiromi Kawakami sin roman: Merkelig vær i Tokyo. Vi møter kvinna Tsukiko, 38 år og hennar gamle lærerar sensei. Dei treff kvarandre på ein bar der dei sit ved sia av kvarandre og et og drikk og snakkar saman. Dei snakkar ikkje så mykje, men dei får eit stille felleskap etter kvart. Tsukiko var på ingen måte ein elev som utmerka seg positivt, ho var heller litt lat og der påpeikar læraren. Ho vert inivtert på sopptur med læraren og han som eig baren. Dette set igang tankar om oppvekst og barndom hos Tsukiko. Sensei inviterer ho med på tur til ein stad der han pleide å reise med kona si. Tsukiko har store forventningar til denne turen, men det vert ikkje helt som ho hadde tenkt seg.
Boka er ein roman om kjærleik, for midt i denne langsame handlinga oppdagar Tsukiko kor mykje sensei betyr for ho. Læraren er konservativ, medan ho er meir frigjort. Vi får eit innblikk i ein kultur som er særs framand for oss og vi diskuterte relasjonane mellom kvinner og menn i denne kulturen. Dei et og drikk i utrulege mengder og Selskapet merka seg at dei vart ikkje så fulle eller berusa som ein kunne tenkje seg etter all denne saken som dei fekk i seg. Drikk dei verkeleg så mykje i Japan, undra vi?
Høgdepunktet i denne vakre romanen er dette sitatet frå side 183: "Ville du overveie muligheten av å inngå i et forhold basert på en intensjon om gjensidig kjærlighet?"
Er det noe rart at hele Selskapet sukket henført av denne boka? Ein av deltakarane hadde vore i Japan og sa at ho kjende att mykje av det som stod om samfunnet og vanene deira. Ei bok heile Selskapet likte godt.