torsdag 28. november 2024

Ei bok med mange menneske

 

Selskapet hadde lese Omriss av Rachel Cusk som er den første boka i ein trilogi. Begeistringa stod ikkje i taket akkurat då vi møttest, for dei fleste syntes det var vanskeleg å få tak på boka. Kva var det den handla om eigentleg? Vi får ikkje noko tydeleg bilete av hovedpersonen, ja, berre eit omriss bokstaveleg tala. Hovedpersonen er ei kvinne, ho er forfattar, ho er skild, ho har to barn, ho har pengeproblem og når vi møter ho er ho på flyet til Athen for å halde eit skrivekurs. Ho møter ein mann på flyet og dei pratar mykje saman. Ho får høyre om alle ekteskapa hans og ho tenkjer litt om sitt eige. Ho møter kursdeltakarane og gjev dei ei oppgåve som går ut på å fortelle kva dei la merke til på vegen til kurset. Vi får høyre flere små historier og hennar reaksjon på desse gjev oss små glimt av kven ho er. Ei dame vert riktignok veldig provosert og skjeller ut forfattaren og går. Forfattaren treff att mannen på flyet  og vert med han på ein båttur. Ho har budd i Athen tidlegare og treff vener som presenterer henne for sine vener. Desse venene fortel henne nye historier og ho tenkjer sitt. Vi får ikkje vite namnet hennar før nesten på slutten av boka, det sa oss ikkje så mykje da det endeleg kom fram.

Vi får stadige små glimt av hovedpersonen gjennom menneska ho møter og ho treff mange. Ho høyrer historiane deira og reflekterer rundt dei. Språket er godt, men dette er ikkje ei bok å feie igjennom, du må lese alle orda, som ei sa. Det er inga glad bok, det er ikkje noko som begeistrer henne, ho registrer og tenker. Det vert tenkt mykje kring språk og filosofiske problemstillingar. Er dette ei bok som burde lesast ein gong til? Kanskje det, men kanskje den opnar seg meir når vi har fått tenkt litt vidare? Forfattaren skriv godt, språket er nydelg og det er gode observasjonar av både folk og miljø.

mandag 18. november 2024

Møte i november 2024

 

Vi er komne til november og månadens bok er Omriss av Rachel Cusk Omriss er den første boka i ein trilogi - dei andre er Transit og Kudos. Kven veit, kanskje fleire får lyst til å lese desse bøkene og?

Vi møtast på Alver bibliotek, Knarvik, tysdag 19. november kl.19.00

Har du lyst til å vere med på desse boksamtalane så ta kontakt med biblioteket, eller har du ein venn eller fleire som vil delta, ta dei med!

Velkommen!