fredag 21. februar 2014

Ei viktig bok.

Selskapet fekk tilsendt boka Hvorfor hopper jeg av Naoki Higashida frå forlaget Pantagruel ei tid før jul. Boka var ikkje kome ut så vi las pdf-en, noko som var litt uvand for dei fleste, men innholdet var nå det same..
Naoki Higashida er ein gut med autisme. Mor hans har laga nokre spørsmål til han om korleis det er å leve med autisme og han svarer på ein slik måte at det er til å verte litt meir opplyst av. Fleire av selskapet har menneske med autisme i familien eller har kontakt med andre som lever nær desse, dei nikka gjenkjennande til mange av tekstane. Boka er lettlesen og den gav oss noko å tenke på. For mange som berre ser menneske med autisme som støyande og eigenarta, er det verkeleg ei oppvakning å lese denne. Forfattaren David Mitchel har skrive forordet til boka. Han har sjølv ein gut mes autisme og gjennom sine erfaringar kunne og dette gje oss eit bilete av korleis det er å leve med menneske med autisme.  Boka ga oss eit anna syn på autisme, men i løpet av samatalen og fleire delte sine erfaringar fann vi ut at denne boka viser ei side av eit mangfaldig bilete - og det er og viktig å ta med seg. Etter kvart kapittel i boka blir nokre setningar trekte fram som ein slags vignett, desse var av varierande kvalitet og vart etterkvart uinteressante. Alle var samde om at boka er fin til å begynne med, men så skilde selskapet seg: nokre var begeistra heile vegen og andre meinte det etterkvart vart lite truverdig og heller uinteressant.

torsdag 30. januar 2014

Disse øyeblikk - fragment frå eit liv

Selskapet hadde møte 5. desember 2013 og dei som ikkje var overvelda av juleførebuingar møtte opp væpna til tennene med synspunkt og kommentarer til Herbjør Wassmo si siste bok. Det var delte meiningar om boka, men vi var samde i at Wassmo skriv godt, flytande og ærleg og vi har kan godt anbefale boka.
Etter dette skilde flokken seg i minst to grupper: dei som likte alt og dei som syntes at ho aldri kom seg ut av den private sfæra. Boka handlar om ei jente som har blitt misbrukt av far sin. Dette pregar ho gjennom heile livet. Ho har ein sterk driv i seg til å ta utdanning og til å skrive. Ho vert forelska og blir gravid med ein gut som ho likevel ikkje gifter seg med. Sonen hennar bur store delar av barndommen hos  bestemora og blir meir knytt til henne, enn si eiga mor. Når hovudpersonen giftar seg og flytter til Finnmark vert sonen med og han lengtar så sårt etter bestemora. Dette glimtet er faktisk så nært og tett skrive at vi fekk heilt vondt av guten alle saman. Ho får ei dotter med ektemannen og medan dei bur i Finnmark oppdagar ho seg sjølv som forfattar. Disse øyeblikk trekker fram einskild historier som fortel noko om utviklinga av hovudpersonen, men som samstundes tilslører kven ho eigentleg er. Ektemannen vert framstilt som ein tiltakslaus, egosentrert dust som er utro - til og med midt på julaftan. Ho vert framstilt som ei dame med mot, m.a. set ho seg ved "jaktbordet" på lærarrommet utan å vere invitert - og alle som har "teke plassen til nokon" veit at det gjer ein ikkje ustraffa.
Det er mange skarpe observasjonar i boka, men vi saknar ei avklaring, dama er rasande sint heile tida, i djupet av hjarte - og det er lite forløysande.

tirsdag 28. januar 2014

Nytt år, nytt møte!

Kva kan vi si? Long time no see? Vi har klart oss forbi både jul og nytt år og tida nærmar seg sterkt for eit nytt møte i Selskapet. Referatet frå siste samtale om Herbjørg Wassmo si bok er enno ikkje skreve, det ligg på modning (uttrykk frå ein lærar eg kjenner, som ikkje alltid er like kjapp med rettinga).
Men kanskje dette året vil føre til litt raskare tilbakemelding på kva vi eigentleg snakka om? Det er von i hangande snøre, seier dei.
Som nemnt skal vi snart ha nytt møte i Selskapet, nærare bestemt torsdag 30. januar kl.19.00 på Lindås bibliotek i Knarvik. Vi skal snakke om boka Hvorfor hopper jeg av Naoki Higashid. Naoki var 13 år då han skreiv denne boka. Han fekk diagnosen autisme då han var fem år og han har gjennom denne boka forsøkt å forklare eller gje eit bilete av korleis livet til ein autist kan opplevast. Ta turen til biblioteket og ver med på samtalen.

onsdag 4. desember 2013

Siste møte i 2013

På det siste møtet i 2013 skal vi samtale om Herbjørg Wassmo: Disse øyeblikk. Boka har fått ein del merksemd sidan denne boka seiast å ha sterke sjølvbiografiske trekk eller til og med vere ein sjølvbiografisk roman. Er ho det? Den som kjem på Meland bibliotek torsdag 5. desember kl. 19.00 vil få snakke seg fram til ei løysing på dette spørsmålet! Velkomne!

fredag 8. november 2013

Det er som å lese ei vitsebok - du kan ikkje lese alt på ein gong der heller

Før møtet i vårt kjekke Selskap tenkte eg: kva kan det bli til denne gongen? Eg hadde berre høyrt sukk og klaging over Nordaustpassasjen og sjølv hadde eg gjeve opp etter 72 sider.
Men så skjer det som ofte hender, deltakarane kastar seg ut i samtalen og har synspunkt både om forfattaren, skrivemåten generelt og ikkje minst kva vil han med denne boka. Det var ein av oss som hadde lese heile boka, andre var kome meir eller mindre kort/langt og andre hadde hatt ho liggjande "som er ope sår" og ikkje vore i stand til å lese noko anna heller (ein har då samvit).
Kjartan Fløkstad har ei mengd bøker bak seg. Han er forteljar, han dyrkar språket, han brukar referansar til film, populærkultur og han er ein politisk forfattar. I Nordaustpassasjen tar han i bruk alle desse elementa og dette gjer at vi som lesarar vert kasta hit og dit i romanen. Kor er vi? Er vi i notida eller var det fortida dette hende? Det er mange ordspel, rare namn, mange fine setningar - observasjonar som får oss til å le: Han kom frå ein alkoholsvak familie. Men vi er heile tida på jakt etter handling og samanheng - vi leitar, men finn ikkje. Det vert for mykje ordspel og finurlege innspel - og om vi skulle falle for freistinga og spørre: Legger forfattaren opp til at vi skal kjenne oss dumme? Tja...
Ein av våre eldste deltakarar meinte at : "denne boka får vi vente med til vi blir gamle"! Det var fleire som slutta seg til dette, men og nokon som etter ei oppglød stund var klar til å gje boka ein ny sjanse.

fredag 6. september 2013

Og snart skal vi møtast att

Hausten 2013 og våren 2014 skal vi lese vinnarar av Nordisk Råds Litteraturpris. Vi skal i utgangspunktet ikkje lese bøkene som vann, men ein roman av dei utvalde forfattarane. Første mann ut er Kjartan Fløgstad som vann prisen i 1978 for boka Dalen Portland. Boka vi skal lese er Nordaustpassasjen som kom i 2012. Møtet vert på Lindås bibliotek torsdag 17. oktober kl. 19.00. Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med biblioteket på Meland eller Lindås. Velkommen!

torsdag 5. september 2013

Should I Stay Or Should I Go?

Syng The Clash og dette vert etter kvart eit stort og viktig spørsmål for Mia, hovudpersonen i boka Du forsvinner av Christian Jungersen.
No, kunne dei frammøtte i Selskapet konkludere med at: "Hadde dei gjort ein skikkeleg innsats med den første mannen/kona så hadde det vore det beste", men slik er jo ikke røynda.
I starten på boka er vi med på ein forrykande køyretur på Mallorca. Frederik, Mia og sonen Niklas sit i bilen Frederik køyrer, dei raser nedetter svingete vegar, Mia skrik til Frederik at han skal sette ned farten, men han køyrer berre på. Dei skrenser inn mot fjellet, Frederik klarer å rette opp bilen, han svinger ut til sida, går ut og fell om. Ambulansen kjem, han blir lagt inn på sjukehus og der får Mia vite at Frederik har ein svulst på frontallappen i hjernen.
Når dei kjem tilbake til Danmark og det vakre huset sitt, må Frederik opererast og medan dette skjer vert det oppdaga at han har underslege millionar frå skulen der han er rektor. Mia les alt ho kjem over av litteratur om hjernesvulstar og korleis dei påverkar  menneske som får denne diagnosen. Ho tenkjer tilbake og må erkjenne at Frederik har endra personlegdom i løpet av dei siste tre åra.
Både Mia og Frederik blir stilte for retten grunna underslaget. Dei får hjelp av advokaten Bernhard og i løpet av denne rettsaka vert Mia forelska i advokaten og dei innleiar eit forhold. Bernhard har ei kone som er sterkt hjerneskadd. Denne skaden fekk ho i ei bilulykke der og Bernhard var med. Mia oppdagar etterkvart at Bernhard og har ein hjerneskade og ho må velje mellom desse to mennene.
Selskapet likte boka av di den var full av driv og aktion, men samstundes var det for mykje av alt. Vi syntes at Mia var altfor grunn, var ho verkeleg berre oppteken av tennis og design? Relasjonane mellom menneska i boka verka fjern og kva med sonen Niklas, var det naturleg å ikkje ta meir omsyn til han? I Selskapet er alle kvinner og vi synest nok ikkje at Jungersen har heilt teken på å skrive om kvinner. Boka sine høgde punkt er innleiinga, du blir sugd inn i romanen. Når forfattaren beskriv nokre av dei bisarre utslaga som sjukdomen fører til for Frederik, må vi trekke på smilebandet, trass i det tragiske. Han skal nemleg ale opp kaninar og det skal skje på soverommet(!).
For dei av oss som hadde opplevd å ha nære relasjonar med hjernesvulst var det både godt og vondt å lese boka. Det ga oss ein god samtale om å leve med sjukdom, kva tel når alt kjem til alt?
Kan vi anbefale boka? Ja, skal du lese ei spennande bok absolutt, men skal du lese om relasjonar og sjukdom ta ei fagbok.