onsdag 9. februar 2022

Møte i mars 2022

 

Fram til neste møte i Selskapet skal vi lese Oscar Wilde sin einaste roman Bildet av Dorian Gray. Det var ei bok som vekte oppsikt i si tid (1891) og som vi framleis kan lære noko av, kanskje?

Vel møtt til møte tysdag 8. mars 2022 kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug.

Har du lyst til å vere med og snakke om denne boka? Ta kontakt med biblioteket!

Velkomne alle!

tirsdag 8. februar 2022

Ekkoland - alt slår tilbake

 

Selskapet opna 2022 med ei lita gruppe deltakarar som alle var særs nøgde med bokvalet denne gongen. Per Petterson debuterte som romanforfattar med Ekkoland. Vi møter for første gong, i romanform,  Arvid denne tafatte, hjelpelause, sinte guten. Arvid skal vi møte i fleire av Per Petterson sine bøker, men det første møtet gjev eit godt bilete av kven Arvid er og kvifor han gjer som han gjer i dei andre bøkene. Det var fleire som fekk ein aha oppleving då dette kom fram. 

Arvid og familien reiser til Danmark på ferie til mora sine foreldre, noko dei gjer kvart år. Arvid liker å vere med morfaren å sjå på at han arbeider i verkstaden. Morfaren derimot venter på at Arvid endeleg skal gjere noko med trestykket han har fått i handa. Arvid er ikkje flink med hendene, han vil helst berre sjå og observere. Stemninga mellom mora og mormora er heller dårleg og vi aner at her er det eit gamalt nag eller ei djupt sårande handling som ligg bak. Det er ikkje så god stemning i det heile i familien, berre Arvid og systera Gry har eit greit forhold. Alt går rimeleg greit til veret snur og det begynner å regne. Det regner i fleire veker og frustrasjonen stig. Til sist kjøper faren ei gammal rønne av ei hytte og familien flyttar ut av besteforeldra sin vesle leiligheit. Hytta gjev dei eit lite pusterom, men her skjer det og ting som utløyser raseri, men og latter. 

Selskapet likte som sagt boka. Petterson skriv lett og med eit munnleg språk. Det er heile tida ei mørk undertone og som nokon sa: Å reise med familien til familien det er å be om vanskar og konfrontasjonar. Familien snakkar ikkje saman og Arvid som berre er tolv/tretten år har små føresetnader for å takle problema som har vore der sidan Gry vart fødd, ja kanskje før den tid og. Petterson gjev eit godt bilete av Danmark og ferielivet slik det kunne vere på denne tida og fleire hadde gode minne å by på. Dei som vil lese meir om Arvid kan starte med novellesamlinga Aske i munnen, sand i skoa. Etter denne følgjer Ekkoland, Jeg forbanner tidens elv og førebles den siste Menn i min situasjon. Det er berre å sette igang!

fredag 28. januar 2022

Møteplan for første halvår 2022


 Selskapet er i gang att og vi har laga møteplan fram til sommaren.

Det har kome ønske om å ha ein annan møtedag og det prøver vi no i dette halvåret. Det vil seie at vi møtast tysdagar, klokka 19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug om ikkje anna vert annonsert.

 

Møtedagane vert då:

8. mars

19. april

og 7. juni

Om du vil vere med i Nordhordland Litteære Selskap, så ta kontakt med biblioteket og meld deg på.

Hjarteleg velkomne alle!

tirsdag 4. januar 2022

Første møte i 2022

 

Godt nytt år til alle! Selskapet starter opp att og håper at vi framleis kan treffast i trygg avstand, men på same plassen. Vi skal lese og snakke om Per Petterson si bok: Ekkoland. Det er den første romanen han ga ut. Sidan har han gjeve ut ei mengd flotte romanar som har vorte lesne av mange og fått fleire prisar. Kanskje vi allereie i Ekkoland får sjå teikn til samanheng med bøkene som har kome seinare, den som les får sjå....

Strilabiblioteket skal strøyme ein samtale med Per Petterson onsdag den 19. januar kl.19.00 på Strilabiblioteket Knarvik. NB! Arrangementet er på Knarvik grunna plass og smittesituasjon. Ta kontakt og meld deg på.

Selskapet skal møtast torsdag 27. januar 2022 kl.19.00 på Strilabiblioteket Frekhaug.

Vil du vere med? Ta kontakt med biblioteket for meir informasjon.

Velkomne!

mandag 20. desember 2021

Plutseleg var siste møtet i 2021 over!

 

Først av alt må Skrivaren be om orsaking for ikkje å ha varsla siste møte i 2021 på vanleg måte! Orsak, var ikkje meininga! Dei faste medlemmane fekk melding, men eventuelle nye fekk ikkje vete noko. Det var lenge uvisse om vi kunne gjennomføre møtet eller ikkje, men med sjefen over alle sjefar si signing, så møtte fem prateglade opp. 

Pappa var nesten i Woodstock handlar om Theis og Ruby, far og dotter. Theis har vore ein heller ustabil faktor i livet til Ruby og Ruby har gjennom heile barndommen lengta etter eit "normalt" og stabilt liv. Ein heim der det ikkje er farleg å ta med seg vener heim og foreldre som møter når dei har sagt at dei kjem. Ruby er sambuar med Bjørnar som nettopp kjem frå ein slik heim som Ruby alltid har ønska seg. Ho samanliknar sitt liv med Bjørnar sitt og kjem ut i minus. Bjørnar på sin side blir glad i Theis og synes han er ein kul fyr. Theis vil så gjerne ha kontakt med Ruby, men når ho verkeleg treng han sviktar han nok ein gong og Ruby orkar verkeleg ikkje meir. Theis har ein hund han kallar Snuppa. Hunden har helde han borte frå alkoholen, for Snuppa vert uroleg når matfar drikk. Snuppa er gamal og sjuk og sjølv Theis skjønar at ho må få sleppa lidingane. Når det ikkje er nokon som kan halde Theis frå flaska, går det kjapt unnabakke med han. Heldigvis finst Tanja, ei butikkdame der Theis handlar. Dei kjem i kontakt og på utrulegvis får ho han til å love og ta til seg ein katt som treng ein roleg heim. Theis heldt fast ved at han er eit hunde menneske, men katten smyg seg til ein god plass i hjartet til Theis. Ruby og Bjørnar vil ha barn saman, men det går ikkje så raskt som Ruby gjerne vil. Ho får gode råd i bøtter og spann frå kollegane sine, men dei er ikkje til så mykje hjelp. 

Theis og Ruby strevar, kvar på sin måte. Selskapet var samde i at Theis ikkje skjøna at han skada relasjonen til dottera ved sin veremåte. Samstundes får vi vite at far til Theis var ein tyrann og at Theis rømde heimanfrå så raskt han kunne. Vi lo godt av katten som valde bokhylla på nyttårsaftan og vi vart ganske bevega av korgutta som kom på sjukehuset til Theis med song, kaker og kaffe. Alle dei frammøtte likte boka. Ane Barmen skriv godt og vi kjenner oss at i situasjonane. Språket er levande og ei av dei frammøtte kunne ikkje hugse at boka var på nynorsk. Det var ho, eit lett og friskt nynorsk som det var ei glede å lese.


onsdag 10. november 2021

Humor er ei vanskeleg sak

 


Selskapet hadde lese Når ein først skal skyte nokon av Arnfinn Kolerud, ei så kalla humoristisk bok. Denne gongen var ikkje meiningane delte i det heile teke. Dette var ei masete bok! Kva vil forfattaren med denne boka? Er det språkstrid - eller kva? Og alle desse småforteljingane som var delvis morosame, men og vanskelege å finne hovud og hale på... Det er sjeldan Selskapet var så samstemde i dommen, men det skjedde altså denne gongen.

Romanen handlar om folk i Vassbygda/Vassbygdi der nokon hevdar at a-ending er det einaste rette og nokon at i-endingar er det som gjeld. Vi møter eit utval personar som bur i denne bygda/i, mellom dei Bendik Utføre som er ein ihuga i-mann. Han køyrer Toyoti og legg stadig ut på tur for å lesa høgt frå diktsamlinger med rett ending i orda. Han deler ut ordlister til nyinnflyttarar og er særs misjonerande for saka/i si. Han vert "stalka" av Sylvia som passar på at han ikkje vert altfor ivrig i misjoneringa. Ho køyrer Auda og er altså ein av "dei andre". Vi møter og ein hemmeleg gjeng som er særs oppteken av at det skal berre vere ein Ivar Aasen og då det vert oppdaga eit ein bjørn i Dyreparken i Kristiansasnd som heiter Ivar, må noko drastisk gjerast. Dei hyrer inn Orm Åkerstein til å utføre oppdraget og dette fører med seg mange rare situasjonar.

Alt dette høyrest nok morosamt ut, og det er det og, men det er for mykje, altfor mykje. Det var slik at fleire i Selskapet sleit seg igjennom boka av rein pliktkjensle og då vert jo ikkje lesinga ein opptur akkurat. Det var sjølvsagt nokre kostelege episodar, tildømes der Orm køyrer postbilen på sjøen i reint sjølvforsvar/sjøforsvar. Eller då Bendik har opna hanskerommet i bilen til Sylvia og fått ein eksplosjon av papirbitar over seg og må støvsugast av henne på bensinstasjonen. Det var fleire som hadde ledd kraftig då. Likevel, for Selskapet vart boka for oppstykka i små sidefortjelingar og vi sakna den raude tråden. Kva vil forfattaren med boka? Vi fann ikkje svaret i bind ein av denne trilogien. Den som vil kan lese vidare i bind to og tre. Selskapet kjente på at det var nok med bind ein.

søndag 3. oktober 2021

Novembermøte

 

Selskapet er no i godt haust-driv og skal møtast torsdag 4. november kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug.

Denne gongen skal vi lese første bind i trilogien om Vassbygda/Vassbygdi Når ein først skal skyte nokon av Arnfinn Kolerud

Det går eit rykte om at dette er ei humoristisk bok og det kan vi vel trenge i ein hustrig haust.

Har du lyst til å vere med i Nordhordland Litterære Selskap, ta kontakt med biblioteket.

Velkommen!