onsdag 20. mai 2026

Denne boka må lesast ein gong til

 

Eit lite utval av Selskapet sine medlemmar var samla for å snakke om romanen Augustblå av Deborah Levy. Det alle spurde seg sjølv om var: Skjøna vi hva denne boka eigentleg handla om? - og vi kom vel fram til at her var det mange referansar til musikk og litteratur som for nokre av oss kravde litt meir innsikt og "googling" enn det vi vanlegvis gjer. Samstundes var alle begeistra over boka, forfattaren sin skrivemåte, dei poetiske bileta og denne fasinerande historia om Ann/Elsa og hennar utvikling som pianist. Vi møter henne første gong på ein marknad der ho ser ei dame som kjøper to hestar, som ho eigentleg vil ha sjølv. Dama mister hatten sin og den tek Elsa og bruker den. Denne dama dukker opp på fleire stader og vi lurte på om denne dama er Elsa sitt alterego. Elsa har bak seg eit samanbrot der ho på ein konsert spelar Rachmaninov sin pianokonsert nummer 2, men fingrane hennar har andre planar og ho går frå scena etter kort tid. Dette vert ein skandale i konsertverda og Elsa er utan arbeid for ei tid. Ho tar istaden elevar og ho kjenner igjen si eiga reise gjenom desse elevane.  Elsa vart adoptert av Arthur som seksåring og det vert sagt at ho var hans marionett gjenom sitt geni og hans opplæring. Når Arthur vert sjuk kjem ho ikkje på besøk før det er rett før han døyr og kjærasten hans Andrew er både sjalu og sint på Elsa av di ho ikkje bryr seg nok om Arthur. Ho blir hos Arthur til han døyr og ho møter dama med hestane.

Musikken ligg som ei strofe bak denne romanen. Elsa har i heile sitt bevisste liv spela piano. Det har vore hennar måte å komunisere på og når ho riv seg laus frå Rachmaninov sitt triste uttrykk, må ho streve for å finne sin eigen veg og den vegen får vi bli med på eit stykke.

Det er ikkje ofte dei fleste i Selskapet sitt noko forvirra tilbake og lurar på kva las vi no? Denne gongen var det fleire som sa at denne får vi nok lese ein gong til, så kanskje skjønar vi litt meir... kven veit? Deborah Levy er ein særs interessant forfattar  og bøkene hennar "sit i" ei god stund etter at vi har lest siste ord. Ei interessant lesaroppleving!

 

 

torsdag 7. mai 2026

Er einsemd arveleg?

 

I april las Selskapet Fars rygg av Niels Fredrik Dahl og vart begeistra for det vakre språket og den vare og rørande forteljinga om faren og oppveksten hans. Han fekk Nordisk Råds Litteraturpris i 2024 for denne romanen og det var vel fortjent for det var eit samla Selskap som hadde gledd seg over å lese romanen. Boka handlar om far til forteljaren. Faren veks opp med mor og far, der farfaren til forteljaren er dommar i Egypt. Dommaren som alle kallar han, har sterke meiningar om korleis sonen skal leve, kven han kan vere saman med og ikkje minst kva som er sunt. Kvar sommar køyrer den vesle familien frå Egypt til Noreg. Elles i året går han på heimeskule hos mor si, medan ho på si side raskt oppdagar at sonen kan meir enn ho og ho byrjar å gå lange turar langs havet, alltid kledd i kvitt. Slik går det fram til han er tretten år, då vert han køyrd til Noreg, Bærum og plassert hos ein familie som nett har mista sin eigen son. Her skal han gå på norsk skule og leve som andre norske ungdommar. Han overtek rommet til den avlidne guten, skia hans, sykkelen hans, speiderkleda hans og han hatar det inderleg. Men kva skal ein gut heilt i starten på tenåra gjere?

Han studerer korleis dei andre barna går på ski, så lærer han seg det. Han begynner på speidaren og det er kjekt, men det er berre på samlingane - utanfor er han like einsam som tidlegare. Han gjer seg nesten ferdig med skulen, men plutseleg vert han henta av Dommaren og køyrd til Sveits. Der skal han gå på internatskule og endeleg treff han to ungdommar, David og Paula, som han vert ven med. Dette er på 1930-talet og når han vert med  David heim på ferie får han for fyrste gong sjå korleis nasismen breier om seg. Dommaren dukker uventa opp att og tek han med seg attende til Noreg. Dommaren skiljer seg frå kona og overlet sonen til henne. Dei to bur i ei lita leiligheit og livet kjennes trongt til han treff andre studentar og ungdommar. Krigen kjem til Noreg og med den motstandsrøsrsla. Det vert kravd innsats, men faren kan ikkje levere og rømmer til Sverige. 

Selskapet feste seg ved mange epispodar i forteljinga. Romanen er ei studie i einsemd og ein studie av korleis barndomsminne kan skape ei lengt etter ein stad, ei utsikt eller eit rom. Det er ein vakker roman og vi vart nysgjerrige på kva anna Niels Fredrik Dahl har skrive. Dette er ein roman vel verdt å lese!