torsdag 5. januar 2023

Utfordringar i familielivet

 

Tidleg i desember var Selskapet samla for å snakke om romanen til Tommi Kinnunen: Der fire veier møtes. Romanen fortel om tre generasjonar kvinner og mannen til ei av kvinnene i løpet av eit hundre år frå 1895 til 1996. Boka startar med Maria som er utdanna jordmor og vert satt på harde prøver av di det på den tida ikkje var mange kvinner med den slags utdanning. Ho gjev ikkje opp, men vert ei velstående dame som sette spor etter seg i samfunnet. Ho får dottera Lajha med apotekaren, men sidan apotekaren allereie er gift vert ho åleinemor. Lajha får sonen Johannes utanfor ekteskap, men ho treff Onni og giftar seg med han. Dei får fleire barn med saman. Onni er homofil og har i alle år forsøkt å skjule dette, men denne drifta er umogeleg å stanse. Kaarina er gift med Johannes. Dei bur i same huset som svigermora, det er ikkje lett og etter som åra går vert det både vanskelegare og dystrare å bu saman. 

Selskapet syntes dette var ei lettlesen bok i starten, men så kom det opp mange spørsmål. Kven var apotekaren, kva var hans historie, kvifor vart Maria så steil, kvifor kunne dei ikkje snakke saman? Og dette huset til Maria som vart stadig større, bygd på både her og der. Måtte dei verkeleg bu saman? Heile tida? Og desse dystre barna og særleg dottera Anna som hevdar at Helena vart blind på grunn av "fedrenes synder". Kinnunen skildrar godt dei einskilde personane og tida dei levde i. Her er det skamma over å vere åleinemor, forbud mot homofil praksis og det ålmenne folkesnakket som går føre seg når ikkje alt er A4. Selskapet vart rørde av Onni sitt strevsame liv og samstundes mora vi oss med han når han og kjærasten sit på kvar si side av ei dør og flørtar. 

Kinnunen skriv godt og levande, men denne boka trengde ein tålmodig lesar for det var mykje det tok tid å avsløre. Dei som valde å lese boka på lyd fann ut at dette kravde mykje konsentrasjon, for boka er ordna etter årstal og kvar person får sitt kapittel. Likevel, boka var slett ikkje bortkasta lesnad og Kinnunen har fleire bøker som og er vel verdt å lese.

Ingen kommentarer: