onsdag 10. april 2024

Er dette ein roman?

 

Ja, dette var eitt av spørsmåla som Selskapet diskuterte då vi var samla på Alver bibliotek, Frekhaug avdeling. Vi hadde alle lese Eduard Louis sin roman En kvinnes frigjøring og var på kvar vår måte skaka av valden, klasseskilja, det traurige livet mora levde og tapet av draumar og moglegheitene ho ein gong hadde. Det var fleire som meinte at denne boka likna på Thomas Korsgaard sin roman Hvis det skulle komme et menneske - ein roman som på liknande måte bruker oppveksten og fortida si som materiale til romanen. Og det er her Selskapet spurde: er En kvinnes frigjøring eigentleg ein roman? Han skriv svært direkte og utleverande om familien sin; om faren som drikk, brødrene som ikke bruker evnene sine, mora som finn seg i eit liv i evig slit. Ei mor som på ingen måte støttar Eddy, den feminine sonen, homsen som kvar dag vert mobba på skulen. Han tek avstand frå familien, han gjer ikkje noko forsøk på å forstå mora, han distanserer seg ved å snakke anleis, skifte namn frå Eddy til Eduard. Det er først når han  flyttar heimanfrå at han får luft og nok distanse til å sjå at mora hadde draumar og planar før graviditetar og det tronge dagleglivet som knuste desse. Romanen fortel om eit liv i fornedring før det vert ei frigjering. Selskapet spurde seg og om det eigentleg var ei frigjering? Kva er det å vere frigjort? Å ver trygg, økonomisk sjølvstendig, kunne ta eigne val. Men vart ho eigentleg fri? Ho kastar ut den alkoholiserte mannen, men ho går inn i eit nytt forhald til ein edru og snill mann, men ho er framleis ikkje økonomisk uavhengig. Ho flyttar til Paris saman med den nye mannen, men ho går ikkje inn i nye relasjonar. Likevel, ho får eit nytt og nærare forhald til sonen Edouard. Han ser henne på ein annan måte og erkjenner at han ikkje tok innover seg hennar historie, livet hennar før han kom inn i det som barn nummer tre i familien. 

Dette er ein roman som vi ikkje gløymer så fort. Det er mange fine passasjer, filosofiske tankar som nokre av oss leste fleire gongar. Historia har fleire lag og det gjer at boka kan lesast igjen og igjen.

Ingen kommentarer: