torsdag 18. april 2024

Quichotte - en roadmovie?


 Då Selskapet var samla og skulle ta runden blant dei frammøtte var det inga høglytt begeistring for romanen Quichotte. Halvparten hadde lese heile boka, medan resten anten ikkje hadde kome igjennom trass i fleire forsøk eller gjeve opp etter nokre sider. Kva seier det om boka eller om oss som las/skulle lese ho? Det var inga god match denne gongen. Likevel gjekk vi laus på samtalen for det er alltid noko å seie om ei bok same kor godt eller dårleg vi likte ho. Vi slo fast at forfattaren Salman Rushdie skriv godt og han let oss enkelt vandre frå den eine "verda" til den andre.

Boka handlar om Sam Duchamp, forfattar av spionthrillarar, som no ville skrive ei anna slags bok. Han skriv om seljaren Quichotte som har sett altfor mykje på TV og forelska seg i TV-stjerna Salma R. Fetteren hans Dr. Smile lagar farmasøytiske produkt som Quichotte har solgt, men av di Quichotte har fått fikse idear vert han oppsagt. No er Quichotte fri til å gjere det han vil og han legg ut på reisa tvers over USA for å kome til si utkåra Salma R. På vegen materialiserer sonen Sancho seg, faktisk ut i frå rein tankekraft! Desse to kjem utfor mange slags eventyr, skremmande møte både med kjempar og rasistiske angrep. Sancho som er i tenåra når han vert "fødd" må bruke Quichotte sine erfaringar, men han får og sine eigne etterkvart og då han møter ei vakker jente, vert også han forelska. Quichotte har ei syster som bur i NewYork, Trampoline, dei har ikkje vore i kontakt med kvarandre på mange år. Då dei endeleg kjem til byen er det Sancho som får han til å besøke systera. Ho tilgjev Quichotte, men han vil ikkje bu hos henne. Han har i alle år budd på billege motell og det vil han halde fram med. Sancho skjønar ikkje dette og tek bilen deira for å finne jenta har er forelska i, det går ikkje bra. Sam Duchamp erfarer det same som Quichotte. Han har ei syster som han ikkje har truffe på mange år. Han reiser til England der ho bur og bed henne om tilgjeving for det han har gjort. Systera - omtala som Søster - har etter oppveksten der ho vart misbrukt av far sin, arbeidd seg fram til ein svært høg posisjon i samfunnet. Ho vart politikar, og seinare ei som arbeidde med mikrofinans for kvinner. No er ho alvorleg sjuk og Sam og ho får ei tid saman der dei finn ein slags fred. 

Viktige tema i denne romanen er raseproblematikk, dop og kva eit overforbruk av TV-program gjer med oss. Det går ikkje bra med nokon av personane i romanen, sjølv om dei gjenopprettar relasjonen til nære familiemedlemmar. Vi snakka om den generelle dommedagsstemninga vi fann i boka slik som at verda løyser seg opp og vi må finne naudutgangen merka NEXT for å bli redda. Boka framfører ein sterk samfunnskritikk, men vi sakna framdrift i forteljinga. Det er faktisk reisa som fører til bevegelse medan både Quichotte og Sam Duchamp ser meir attende på liva sine enn framover. Og konklusjonen var: vi ser fram mot neste bok.

Ingen kommentarer: