lørdag 14. februar 2026

Massakrering av ein paraply

 

Boka i februar var Dag Solstad sin roman Genanse og verdighet. Det er ikkje ofte at heile Selskapet er samd i at dette var ei god bok, men denne gongen var alle begeistra for Solstad sin skrivestil, for alle dei forunderlege orda han bruker og korleis han let oss avslutte romanen i total uvisse om korleis det går med Elias Rukla, hovudpersonen i romanen. Romanen startar ganske roleg med lektor Elias Rukla i ein dobbeltime på Fagerborg vidaregåande skule der dei les Vildanden av Herik Ibsen. Elevane søv seg gjennom timen, Elias oppdagar noko nytt om dr. Relling, men han klarer ikkje å formidle dette til elevane og kjenner at han snart ikkje orkar meir av dette tilveret. Han avsluttar timen og skal til å gå heim.  Når han går ut regner det og han vil slå opp paraplyen, men den vil ikkje slå seg opp. Han prøver fleire gonger, men paraplyen vil ikkje! Då brester det for Elias Rukla! Han deljer paraplyen i bakken, i fontena, elevane står stille rundt han og han brøler til ein elev som står nær han. Han oppfattar at no har han gått for langt, no er alle bruer brende. Han går ut av skuleporten og ut i byen. Medan han går får vi bit for bit minner frå Elias sitt liv, frå han begynte som student på Blindern i 1970 og fram til no. Vi får eit innblikk i hans relasjon til Johan Corneliussen, denne geniale filosofistudenten som han hang saman med titt og ofte. Vi møter den "ubeskrivelig vakre" Eva Linde som Johan gifter seg med og får barn med, men som han seinare overlet til Elias slik at han (Johan) kan reise til USA og verte rik. Elias gifter seg med Eva Linde og tek vare på både ho og dottera, men kva slags ekteskap er dette? Det er mykje som endrar seg gjennom desse åra og når Elias står i krysset ved Bislett og innser at han umogeleg kan komme attende til det livet han levde før, ja kva skal han gjere då? 

Selskapet fann ut at Elias nok ikkje kjem attende til skulen, eller til Eva Linde, berre han ikkje går til gunne, men kven veit... 

Boka er ein fryd å lese det kan heile Selskapet skrive under på! 

torsdag 22. januar 2026

Leseåret 2026 har starta

 

Leseåret 2026 starta med nokre humpar av di fleire ikkje hadde fått boka vi skulle lese i tide. Dette skuldast omstende det var lite å gjere med så difor skal romanen til Thomas Mann snakkast om i to omganger. 

Det var ein boblande begeistring for forteljinga om Buddenbrooks mellom dei som hadde lese boka og til og med for dei som berre så vidt hadde bladd i ho. For eit språk, for nokre observasjonar og for ein kunnskap om samfunn og styring. Vi var djupt imponerte! Romanen ga Thomas Mann Nobelprisen i litteratur i 1929 og er ei av bøkene han er mest kjend for. 

Romanen handlar om familien Buddenbrook, ein handelsfamilie i byen Lübeck. Handlinga går føre seg frå 1835 til 1877. Det er Thomas Buddenbrook som er hovudpersonen saman med søstera Antonie, men vi får og glimt frå den første tida då firmaet vart starta av Johannes Buddenbrook, Thomas sin bestefar. Thomas har ein bror Christian som er mest glad i fest og moro og synes arbeid fort vert kjedeleg. Antonia eller Toni som familien kallar henne gifter seg med ein mann ho avskyr, men ho gjer det av di det tener firmaet. Då mannen hennar helder på å gå falitt klarer faren å få skilsmisse for henne slik at ho ikkje skal rammast av skamma det er å ikkje kunne leve slik det høver seg for ei dame med hennar bakgrunn. Ho gifter seg igjen, men heller ikkje denne gongen får ho ein mann som har same framdrift som ho og familien hennar. Det vert ny skislmisse og Toni gjer sitt beste for å halde på verdigheita. Det er det viktigaste! THomas tek over firmaet og vert etterkvart konsul. Han gifter seg med Gerda som spelar fiolin og dei får sonen Johannes eller Hanno som han og vert kalla.

Det er mange namn i boka, men dei viktigaste er familiane og dei heldt vi greie på. Romanen flommar over av herlege setningar og sitatgleda er nesten ikkje til å styre:

Då Toni har gifta seg første gong:

"Der drar hun sin vei, Bethsy" "Ja, Jean, den første som flytter hjemmefra. - Tror du hun blir lykkelig med ham?" "Å, Bethsy, hun er tilfreds med seg selv. Det er den mest solide lykke vi kan ha her i denne verden."  (s. 121)

Eller som ei anna hadde funne: frøkene var " rike på gudvelbehageligeheter og hekleoppskrifter".

Ein av deltakarane ønskte seg eit band nummer to om familien Buddenbrook, så då kan vi slå fast at boka var velverd å lese, sjølv om det tek si tid.