Leseåret 2026 starta med nokre humpar av di fleire ikkje hadde fått boka vi skulle lese i tide. Dette skuldast omstende det var lite å gjere med så difor skal romanen til Thomas Mann snakkast om i to omganger.
Det var ein boblande begeistring for forteljinga om Buddenbrooks mellom dei som hadde lese boka og til og med for dei som berre så vidt hadde bladd i ho. For eit språk, for nokre observasjonar og for ein kunnskap om samfunn og styring. Vi var djupt imponerte! Romanen ga Thomas Mann Nobelprisen i litteratur i 1929 og er ei av bøkene han er mest kjend for.
Romanen handlar om familien Buddenbrook, ein handelsfamilie i byen Lübeck. Handlinga går føre seg frå 1835 til 1877. Det er Thomas Buddenbrook som er hovudpersonen saman med søstera Antonie, men vi får og glimt frå den første tida då firmaet vart starta av Johannes Buddenbrook, Thomas sin bestefar. Thomas har ein bror Christian som er mest glad i fest og moro og synes arbeid fort vert kjedeleg. Antonia eller Toni som familien kallar henne gifter seg med ein mann ho avskyr, men ho gjer det av di det tener firmaet. Då mannen hennar helder på å gå falitt klarer faren å få skilsmisse for henne slik at ho ikkje skal rammast av skamma det er å ikkje kunne leve slik det høver seg for ei dame med hennar bakgrunn. Ho gifter seg igjen, men heller ikkje denne gongen får ho ein mann som har same framdrift som ho og familien hennar. Det vert ny skislmisse og Toni gjer sitt beste for å halde på verdigheita. Det er det viktigaste! THomas tek over firmaet og vert etterkvart konsul. Han gifter seg med Gerda som spelar fiolin og dei får sonen Johannes eller Hanno som han og vert kalla.
Det er mange namn i boka, men dei viktigaste er familiane og dei heldt vi greie på. Romanen flommar over av herlege setningar og sitatgleda er nesten ikkje til å styre:
Då Toni har gifta seg første gong:
"Der drar hun sin vei, Bethsy" "Ja, Jean, den første som flytter hjemmefra. - Tror du hun blir lykkelig med ham?" "Å, Bethsy, hun er tilfreds med seg selv. Det er den mest solide lykke vi kan ha her i denne verden." (s. 121)
Eller som ei anna hadde funne: frøkene var " rike på gudvelbehageligeheter og hekleoppskrifter".
Ein av deltakarane ønskte seg eit band nummer to om familien Buddenbrook, så då kan vi slå fast at boka var velverd å lese, sjølv om det tek si tid.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar