Ja, det var konklusjonen på samtalen Selskapet hadde omkring boka Livlegens besøk av Per Olov Enquist. Før vi kom så langt hadde vi ei fin stund med å ta for oss denne forunderlege historia om legen Johan Friedrich Struensee. Han som starta som fri-tenkjande lege og endte på skafottet etter fire år som ein vesentleg maktfaktor i det dansk-norske kongeriket. Dette var tida då Christian den sjuende vart konge, då han var 17 år vart han gift med kusina Caroline Mathilde og dei fekk ein gut Frederik som seinare vart kong Frederik VI. Kong Christian var sjukeleg, spinkel og periodevis sinnsjuk. Han vart oppdratt på ein slik måte at Selskapet følte ei sterk medkjensle med den stakkars kongen. Heldigvis kom den gode læraren Reverdil inn i bilete og i han fekk Christian ein ven, men det varte ikkje så lenge for dette var ei tid med konspirasjonar og alliansar for alle dei som sjølv ville ha makt. Christian var svært opptatt av dei nye tenkjarane og då han ville reise i Europa vart legen Struensee med. Dei møtte mellom anna Voltaire og andre i kretsen rundt han. Kongen og legen fekk god kontakt og Struensee blei med tilbake til København når reisa var over. Christian vart meir og meir dratt inn i si eiga verd, han trudde at han var eit forbytta barn og han fekk raserianfall som skremde alle på slottet. Struensee såg til kongen og sidan han hadde stor tiltru til han fekk han stadig meir makt. Til slutt var det Struensee som hadde den reelle makta i Danmark. Dronning Caroline Mathilde og Struensee fekk eit nært forhold, ja dei vart elskarar og dronninga fekk ei jente med Struensee. Kongen tok rett nok på seg farskapen, men spekulasjonane gjekk høgt både på slottet og i byen. Struensee ønskte og arbeidde for ei rekke reformer, men tida var ikkje på hans side og sterke krefter førte til at han vart fengsla og avretta.
Struensee står fram som ein fredeleg mann og Selskapet spurde seg om det var mogeleg å innføre og gjennomføre så store endringar berre ved å skrive ut "forordningar"? Er det slik at utan struktur slepp vi laus dei primitive kreftene?
I eit av kapitla er Christian og Struensee ute for å treffe folket. Struensee får sjå ein gut som vert torturert, men grip ikkje inn, han følgjer i staden kongen som har fått nok av det folkelege og vil heim. Denne episoden vert han stadig konfrontert med, redsla for lidinga. Struensee høyrde eit eventyr "Mannen uten frykt" og dette sit i han heile livet og set på mange måtar grenser for han.
Selskapet vart samde om at det var nok Caroline Mathilde som var hjernen bak mykje av det Struensee gjorde, men fekk ho noko ære? Vi spurde oss og om kor mykje av denne romanen er dikting og kor mykje er fakta? Boka er jo skriven nesten som ei fagbok, men det er ein roman - dette måtte vi stadig minne oss på. Ei fin lesaroppleving var ho og det var fleire som kunne tenkje seg å lese meir av Enquist.
onsdag 27. juni 2012
onsdag 16. mai 2012
Livlegens besøk av Per Olof Enquist
Det siste møtet før sommarferien vert den 7. juni 2012 kl.19.00 på Lindås bibliotek. Då skal vi snakke om Livlegens besøk av Per Olof Enquist. Boka er frå 1999 og fekk Agustprisen same året. Per Olof Enquist har ei lang rekke bøker bak seg og har fått mange prisar for både bøker og forfattarskapen. Dersom du har lyst til å vere med på samlinga og lese boka, ta kontakt med biblioteka.
Vi skal og snakke om kva for bøker vi skal lese i sommar og til samlinga etter ferien.
Velkommen!
Vi skal og snakke om kva for bøker vi skal lese i sommar og til samlinga etter ferien.
Velkommen!
tirsdag 15. mai 2012
Når forfattarane kjem - snakkar og les

Dei som møtte opp hadde mange nyfikne spørsmål om Canada, som til dømes om dei traff det ridande politiet? Nokon måtte og høyre om tekstane i appendixen - korleis kom dei med? Då keik dei to forfattarane på kvarandre og mumla at det var no helst dei meir ufjelge tekstane som var der eller dei tekstane som dei etter tur skreik seg til måtte vere med.
Det var kjekt å ha med forfattarane og som det ofte skjer når Selskapet har snakka om ei bok, vi fekk lyst til å lese ho ein gong til.
Etiketter:
Canada,
Per Olav Kaldestad,
Ragnar Hovland,
reisebøker
onsdag 14. mars 2012
Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly
Neste møte i Nordhordland Litterære Selskap skal ikkje vere før 26. april, men då er vi igjen så heldige at forfattarane til boka Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly kjem og snakkar om boka og anna reiseverksemd dei har halde på med opp igjennom åra. Boka er ikkje så tjukk, men det er mykje forvitneleg å lesa og kanskje fleire får lyst til å lese meir av karane: Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad?
Møtet er som vanleg ope for alle og dei som ønskjer å lese boka før vi treffes kan vende seg til biblioteket.
Vi treffast på Meland bibliotek 26.4.12 kl.19.00!
Møtet er som vanleg ope for alle og dei som ønskjer å lese boka før vi treffes kan vende seg til biblioteket.
Vi treffast på Meland bibliotek 26.4.12 kl.19.00!
Etiketter:
Dag Helleve,
Forfattermøte,
Per Olav Kaldestad,
Ragnar Hovland,
reisebøker
mandag 12. mars 2012
Samtale ventar
Marit Eikemo er forfattaren til boka Samtale ventar og det var denne boka som var utgangspunktet for møtet i Selskapet den 23. februar. Marit Eikemo kjem frå Odda, har vore journalist i Bergens Tidende og er no leiar for Litteratursymposiet i Odda.Ho fortalde om korleis ho arbeidde med tekstane sine og at det slett ikkje var enkelt å gi frå seg boka til omverda. Ho skriv om kva som opptek ho og anna som er ein del av tida vi lever i. Dette kunne Selskapet kjenne igjen frå boka som var på programmet den kvelden, for hovudpersonen Elisabeth Brenner er ei dame som er avhengig av nett-tilgang, bli sett på Facebook og ha "venner". Eikemo sa at ho skriv gjerne i den motsette posisjonen til seg sjølv, då vi spurde om noko av det ho skreiv var sjølvopplevd eller på noko vis biografisk. Vi lurte sjølvsagt på det, når hovudpersonen reiser til ein liten by med nedlagt industri og har fleire trekk som vi utan vidare kunne knytte til Odda. Boka har fleire tema og eitt av desse er den framande og samfunnet. Når ei dame kjem til ein liten plass, buset seg på ei brakke, ja, då burde denne dama forstå kva for signal ho sender ut. Det gjer ikkje Elisabeth Brenner, ho er meir naiv enn ein skulle tru og akkurat dette gjer at vi som lesarar lever med ho og kjenner omsorg for ho. På den andre sida kjenner ho eit tyngande ansvar, ho skal gjere noko, komme seg vidare og ta del i samfunnet igjen etter å ha møtt veggen. Men fleire i Selskapet undra seg over alt ho klarte å vikle seg inn i, for ho klarer ikkje å avvise nokon, men samstundes likar ho nesten ingen heller. Elisabeth Brenner si oppgåve i småbyen er å ta språkprøver frå dei som bur på staden, på den måten kjem ho, faktisk ganske motvillig, i kontakt med fleire spesielle personar i byen. Marit Eikemo fortalde at ho lagde ein scene og så bygde ho ut denne, for å illustrere dette las ho eit utdrag frå boka der Elisabeth intervjuar fotografen. Når nokon les slik, blir du meir oppmerksam på orda og stemninga som orda skaper og som vanleg var det fleire som tenkte at denne boka skulle vi kanskje lese ein gong til. Alle i som møtte denne kvelden hadde lese boka og likt henne. Det var utruleg kjekt å treffe Marit Eikemo og høyre henne sjølv snakke om bøkene sine og denne boka spesielt.
Vi fekk sjølvsagt og lyst til å lese andre bøker av Eikemo, t.d.:

onsdag 15. februar 2012
Forfattarmøte i februar!
På neste møte i Selskapet er vi så heldige at forfattaren Marit Eikemo kjem! Vi skal lese den siste boka hennar: Samtale ventar og forfattaren vil ha ei innleiing om boka. Vi samlast på Lindås bibliotek i Knarvik den 23. februar kl. 19.00. Det er som vanleg ope for alle interesserte og om du vil lese boka på førehand kan du ta kontakt med biblioteka. Velkommen!
fredag 27. januar 2012
Gleda ved å dele eit godt sitat
Selskapet var i godt lune då dei møttest for å snakke om Hakkepølsa av Torgny Lindgren. Alle var samde om at dette var ei kjekk bok og så mange utruleg flotte setningar! Fleire av desse var det all grunn til å ta fram og dele med dei andre! Det var ikkje heilt greit å finne ut kven denne notisskrivaren var, men med felles hjelp fann vi ut at det måtte vere Mannfred Marklund, mannen til Eva, ho som hadde lærar Lars på lemmen og delvis i senga. Det er notisskrivaren som fortel historia om Lars og Robert som er på jakt etter den ultimate hakkepølsa. Men han skriv og om mykje anna av stort og smått og som han sjølv seier: Når et menneske først har kommet seg inn i en notis, sa han, da slipper det neppe ut igjen.
Det heile startar med at Mannfred har ein bijobb som notisskrivar i ei avis, han får eit brev frå sjefsredaktøren som har funne ut at det meste som han skriv ikkje er sant, berre fri fantasi. Sjefsredaktøren nektar han å skrive ein einaste notis til og Mannfred legg frå seg blyanten og skriv ikkje meir før sjefsredaktøren er daud, då har han vorte 107 år. Mannfred har flytta på aldersheimen og der har han det svært godt, tykkjer han. Pleiarane er hyggjelege og særleg Linda. Når sjefsredaktøren er daud meiner Mannfred at forbodet mot notisskriving er oppheva og han kan fortsette der han slapp for 54 år sidan. Han set i gang og så får vi forteljinga om Lars som får tuberkulose, men blir frisk att og han trur no at han er imun. Lars tar lærarutdanning og får jobb på skulen i Avabäck. Han flyttar inn til Eva som bur åleine sidan mannen hennar og har fått tuberkulose og er på sjukehus. Vi møter Robert Maser som kan vere Martin Bormann, tysk politikar og krigsforbrytar som lærte seg svensk. Etter krigen forsvann Bormann - og kven veit kanskje han kom til Avabäck? Lars og Robert treff kvarandre, oppdagar at dei elskar å synge og ikkje minst er driven av ei veldig trong etter å smake på alle slags hakkepølser i området. Dei set seg på motorsykkelen og reiser rundt og kor dei kjem er det alltid hakkepølse å få, men det er den ultimate hakkepølsa dei leitar etter - og dei finn ho.
Romanen er meir enn ein bygderoman, for her er det rett nok skildringar av folk og situasjonar som vi kjende igjen frå bygdelivet, men forfattaren går ut og inn av forteljinga og vi veit aldri heilt kva som er fantasi og kva som er sanning. Kva vil forfattaren med denne boka? Si noko om korleis eldre menneske vert passa på, ja, nærast overvaka? Mannfred lever mykje lenger enn gjennomsnittet, han brukar mengder av papir og blyantar, til og med fargestiftar!
Bestyrerinnen vil ikke like det, sa Niklas og pekte på papiret og fargestiftene. Det tilhører ikke virksomheten: Hvilke virksomhet? Kommunenes Planen for kommunal virksomhet.
Fleire i Selskapet fann ut at denne boka skulle dei nok lese om att, for her var det mykje som godt kunne lesast fleire gonger.

aldersheim,
bygd,
hakkepølse,
mat,
Sverige,
Torgny Lindgren
Abonner på:
Innlegg (Atom)