Viser innlegg med etiketten reisebøker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten reisebøker. Vis alle innlegg

tirsdag 15. mai 2012

Når forfattarane kjem - snakkar og les


Selskapet hadde invitert til ope møte med forfattarane Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad den 26. april. Hovland og Kaldestad kom og det gjorde 17 andre menneske og slik at kvelden vart særs vellukka. Dag Helleve var dessverre sjuk, men dei to andre las nokre av hans tekstar og så alle vart representert. Dei tre forfattarane har skrive fem reisebøker saman, men dei trudde nok at denne var den siste. Reise saman skulle dei nok halde fram med, men fleire bøker....? Den første reiseboka var frå USA og hadde vekt på musikk. Dei hadde ikkje tenkt at reisa skulle bli til ei bok, men då dei såg alt stoffet dei hadde samla, notat, opptak og bilete - ja, så vart det ei bok. Dei andre reisene til Irland, BeNeLux ( men dei kom aldri til Ne), Finland og no Canada har hatt som mål at dei skulle bli bok. Kvar bok har fleire reiser bak seg, for det var ikkje alt som openbera seg ved første besøk. (Eller: det var så kjekt å reise at dette måtte dei gjere meir av). Hovland og Kaldestad snakka om korleis dei hadde reist i Canada; frå vest til aust og dei enda på New Foundland. Dei understreka dei flytande grensene mellom fag- og skjønnlitterære tekstene som dei ønskte skulle vere der. Tekstene er alvorlege og spøkefulle og dei tar høgd for at forfattarane hadde med seg sine bilete og klisjear frå kva dei hadde høyrt om landet. Boka er eit kunstprosjekt, sa dei. - og då er det kanskje mogeleg å tenke at dette prosjektet utvidar seg i møte med dei ulike lesarane?
Dei som møtte opp hadde mange nyfikne spørsmål om Canada, som til dømes om dei traff det ridande politiet? Nokon måtte og høyre om tekstane i appendixen - korleis kom dei med? Då keik dei to forfattarane på kvarandre og mumla at det var no helst dei meir ufjelge tekstane som var der eller dei tekstane som dei etter tur skreik seg til måtte vere med.
Det var kjekt å ha med forfattarane og som det ofte skjer når Selskapet har snakka om ei bok, vi fekk lyst til å lese ho ein gong til.




onsdag 14. mars 2012

Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly

Neste møte i Nordhordland Litterære Selskap skal ikkje vere før 26. april, men då er vi igjen så heldige at forfattarane til boka Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly kjem og snakkar om boka og anna reiseverksemd dei har halde på med opp igjennom åra. Boka er ikkje så tjukk, men det er mykje forvitneleg å lesa og kanskje fleire får lyst til å lese meir av karane: Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad?
Møtet er som vanleg ope for alle og dei som ønskjer å lese boka før vi treffes kan vende seg til biblioteket.
Vi treffast på Meland bibliotek 26.4.12 kl.19.00!