tirsdag 15. november 2011
Siste møte før jul!
Vi venta i spenning då vinnaren av Nobelprisen i litteratur 2011 vart offentleg og vi vart vel litt overraska då Tomas Tranströmer vann. Grunnen er vel at vi gjerne ville lese ein roman og ikkje dikt, slik han skriv. Løysinga på dette, vart at biblioteksjefen på Meland har funne fram eit lite utval dikt vi skal lesa og i tillegg skal vi lesa Tormod Haugland si bok Romberg. Vi møtast den 7. desember 2011 kl.19.00 på Lindås bibliotek i Knarvik. Alle er velkomne!
onsdag 9. november 2011
Har kunstnarar eit særleg gen?
Det var oktober og regnfrakkane var komne på, men dei frammøtte let seg ikkje merke av regn og vind for dei hadde lese om varme dagar på Tahiti. Boka om målaren Paul Gaugin og bestemor hans Flora Tristan er ei bok med mange innfallsvinklar. Vi snakka om kunstnaren som den utforskande og undersøkjande, han som sprengjer grenser for seg sjølv og andre. Bestemor Flora som vart gifta bort til ein brutal mann og for å redde seg sjølv og barna gjekk i dekning både her og der. Vi kunne ikkje heilt forstå at ho let ungane vere att i Frankrike og reiste til Peru for å prøve å få slekta til å gje henne ein del av arven etter far sin. Dei siste leveåra reiste ho rundt i Frankrike og agiterte for at arbeidarane skulle organisere seg og slik betre kåra sine. Vi opplevde nok Paul Gaugin som forfattaren sin eigentlege hovudpersonen, sjølv om kapitla veksla mellom han og bestemora sine opplevingar eit halvt hundreår tidlegare. Vi snakka om at kanskje kunstnarar har eit særleg gen, slik at omsyn til kone og barn må vike for kunsten. Tenk på kona til Gaugin som gifta seg med ein børsmeklar og enda opp med ein målar som var meir oppteken av sex med unge jenter på Tahiti enn å forsørgje familien?
Vi fann ut at han heile tida søkte mot fridom til å gjere det han ville, han leita heile livet etter det gode, det beste livet. Kva så med forfattaren si forteljing? Mario Vargas Llosa skriv denne forteljinga som ligg tilsynelatande tett opp til biografien. Han bruker personar som har levd og sjekkar vi Wikipedia ser det ut til at han følgjer livsløpet deira til punkt og prikke, men det er ein roman. Han går inn i hovudet på personane sine, han kommenterer handlingane deira, han beundrar og kritiserer vala dei gjer og han kjem med ertande og spørjande utsegn. Av høgdepunkt i romanen kan vi nemne: når Van Gogh og Gaugin bur saman, snakk om temperament (!), når Gaugin kom til Tahiti og lagar meisterverket sitt - og tenk at han hadde med seg solsikkefrø - kanskje han tenkte på Van Gogh? - Og Flora og reisa hennar til Peru! - Vi trur at forfattaren hadde mykje moro med å skrive om forholda i Peru og ikkje minst krigen som dei eigentleg tapte, men vann likevel grunna sommel og rot. Denne boka står fram som eit av dette leseåret sitt høgdepunkt og det var alle dei frammøtte samde i.

Etiketter:
Flora Tristan,
kunstnarar,
Mario Vargas Llosa,
Paul Gaugin,
Peru
torsdag 6. oktober 2011
Paradiset på det andre hjørnet

fredag 16. september 2011
Kor mange bøker var dette?
Hauststresset hadde felt fleire av Selskapet sine medlemmar då vi skulle samlast denne gongen, men dei som møtte opp hadde mykje så snakke om! Den gyldne notatbok er ei mangfaldig bok og som ei sa: Det er en bok som krever sin leser. Vi starta med ei oppklaringsrunde: Kor mange notatbøker var det eigentleg? Kven var gift med kven og i kva slags forhold var dei ulike personane til kvarandre - om dei då ikkje var gift?
Anna Wulf er hovudpersonen i boka, ho har skrive ein bestselgjar og lever av pengane frå denne. Ho skriver fire notatbøker som alle har ulik farge og tema. Det svarte notatboka fortel om Anna og vennene hennar når dei er i Afrika. Den raude handlar om når ho melder seg inn i kommunistpartiet og alle vurderingane ho gjer når ho etter ei stund melder seg ut. Den gule notatboka er eit manuskript der ho fortel historia om Ella og hennar intense kjærleiksforhold til Paul. Her diskuterte selskapet livleg om denne forteljinga eigentleg var Anna sin eigen forteljing om hennar forhold til Michael. I den blå notatboka skriv Anna om forholdet til venninna Molly, sonen hennar Tommy, Richard som tidlegare var gift med Molly og Marion som Richard no er gift med.( Er det rart vi trengde litt oppklaring?) Vi kjende oss igjen i dialogen mellom Molly og Anna. Dei er nære venninner, men vi vart slått av kor lojale dei er mot mennene i forteljinga - er det slik kvinner var den gangen og no? Tommy vart vi ikkje heilt kloke på, kvifor prøver han å skyte seg sjølv? Er det eit liv mellom to sterke kvinner og farens krav om å "bli til noko, helst som eg" som gjer at han får nok? Det vi alle syntes var merkeleg var at Anna skriv mykje om Tommy, men hennar eiga dotter Janet er omtrent ikkje nemnd. Ho bekymrar seg ikkje for henne og når ho vil begynne på kostskule, så får ho det sjølv om Anna sjølv ikkje har noko sans for dette valet. Vi spurte oss om Janet som mange unge kvinner i dag, ser på kvinnefrigjering og kvinnekamp som noko som er passert og ikkje gjeld for dei lenger. Vi var og innom kor frigjorte var eigentleg desse kvinnene? Frigjort i forhold til sex, men kva med relasjonane? Og sin eigen forståing av kva som skjer?
Anna skriv sitt liv ut i frå ulike perspektiv, dette gjer boka til ein mangfaldig lesaroppleving og det gjer rom for mange tolkingar av teksten. Vi fann ut at sjølv om vi hadde strevd litt med både Anna og alle bøkene hennar, så var dette ei bok som gav oss mykje å tenkje på - ei god kjensle av å ha lest ei svært bra bok.

torsdag 4. august 2011
Selskapet startar opp att!
Etter ein sommar vi alle kommer til å hugse skal vi langsamt vende tilbake til kvardagen. Selskapet har hatt ei lang pause og vonaleg har det saman med skrekkelege hendingar frå Oslo og Utøya og vore gode opplevingar! Den 15. september skal vi samlast att, denne gongen på Meland bibliotek og som vanleg kl.19.00. Vi vart samde om å lese Doris Lessing: Den gyldne notatbok og om ikkje andre hendingar har tatt leselysta heilt frå oss, så er dei fleste allereie i gong med denne. Er det nokon som har lyst til å vere med er det berre å ta kontakt med biblioteka i Lindås og Meland. Velkomne til alle!

fredag 10. juni 2011
Det finnest grenser for kva eit sinn kan tåle!
Skrivaren i Selskapet har strevd med denne meldinga frå samtalen for vi var både oppslukte av historia og ikkje heilt sikre på om vi hadde fått med oss alt. Eg har difor surfa litt rundt versveven for å hente inn litt meir informasjon.
Utgangspunktet for boka var ei historie Toni Morrison kom over: Ei forteljing om ei kvinneleg slave som hadde hadde rømt. Då ho vart fanga drap ho sine eigne barn for at dei skulle sleppe å leve som slavar. Aktivistar i rørsla mot slaveri hjalp ho slik at ho ikkje vart drepen, men måtte sitte i fengsel. Denne historia skulle ha hendt i 1855.
Romanen er sett i Ohio 1873 og startar med Sethe og dottera Denver bur i eit hus heimsøkt av spøkelse og daude menneske. Sethe prøver å komme seg på beina att etter å ha vore i fengsel for å ha drepe barna sine. Ho får besøk av Paul D og i samtalen mellom dei får vi litt etter litt høyre historia til Sethe. Ein dag står ei ung kvinne utanfor huset, det er Elskede, dottera som Sethe drepte for 18 år sidan. No vil ho bli elska og vere saman med mor si. Men dette spøkelse er grenselaust og driv Paul D vekk og prøver å suge all kraft ut av Sethe. Det er tilslutt Denver som grip inn og får samfunnet rundt med seg, og slik gje mor si ein heilt ny start.
Dei frammøte i Selskapet var alle sterkt fanga inn av språk og poetiske bilete i romanen Elskede av Toni Morrison. Det er ei sterk og rå historie om Sethe og barna hennar, slaveriet, utnyttinga og fornedringa av menneske, både kvinne og mann. Når Sethe heller vil drepe barna sine enn å la dei vende tilbake til slaveriet, er dette ei handling som viser ein slik desperasjon som ingen av oss kan skjøna. Det er skildringane av korleis slavane vart behandla som får oss til å forstå kjenslene som oppstår av raseri og maktesløyse og vi blir rivne med. Det var fleire som måtte lese første kapittel ein ekstra gong for dette er ei bok vi sikkert kunne lese fleire gongar og framleis ikkje heilt forstå.

nobelprisen,
Slaveri,
Toni Morrison,
USA
onsdag 25. mai 2011
Ursula - vår heltinne!
Er det sigøynarar i Sør-Amerika? Ja, det var eit av dei første spørsmåla Selskapet måtte ta føre seg då dei møttest. Vi fann ikkje noko svar på dette, men gjekk ut i frå at sigøynarar er eit vandrande folk og kvifor ikkje vandre i Sør-Amerika! Takka vere Wikipedia fekk vi eit oversyn over denne generasjonsromanen og det var heilt naudsynt, for det var fleire enn skrivaren som miste oversikta over fedrar, søner, døtrer, koner, tanter og elskarinner. Vi tok ei grundig gjennomgang av dei sju generasjonane som boka omhandlar, frå patriarken José Arcadio Buendia og kona hans Ursula, til Aureliano den tredje som til slutt vart fødd med grisehale og døyde på ein skrekkeleg måte. Romanen er overveldande lesing, full av dei villaste, vakraste og tristaste scener. Det er på mange måtar historia om Colombia og det er Garcia Márquez si kjærleikserklæring til landet og folket sitt. Han fekk Nobelprisen i litteratur i 1982 for mellom anna denne boka og den vert og omtala som ein av dei fem viktigaste romanane innanfor den spansk-amerikanske litteraturen.
Kvifor denne tittelen? Hundre års ensomhet. Vi snakka om dei einsame mennene, dei hadde mange i kring seg, men dei hadde dette einsame blikket. Ingen av mennene kjende særskild omsut for sine, men det gjorde kvinnene. Forfattaren hyller kvinnene, sjølv dei som er sterkt sjølvsentrert. Men det er Ursula som står både hans og Selskapet sine hjarte nærast. Ho er sterk, driftig og tek seg av alle som kjem innom døra, ei riktig husfrue. Dei av oss som har levd ei stund hugsar at husfrua var viktig, medan tenestejentene "ikkje var vatten verd".
Boka er så utruleg mangfaldig og fleire hadde "sine" høgdepunkt, m.a. Fernanda sin klagesong som går over fleire sider, fordi Aureliano den andre har ei elskarinne som han bur altfor mykje hos. Eller Remedias den vakre sin himmelfart og Ursula, enno ein gong, ho som heldt hemmeleg kvar ho hadde greve ned gullmyntene.
Selskapet var ganske samde om at denne boka kunne lesast mange gonger og vi ville finne noko nytt å hente fram, kvar gong!

Colombia,
einsemd,
Gabriel Garcia Márquez,
nobelprisen
Abonner på:
Innlegg (Atom)