onsdag 31. august 2022

Møte i september

 

Kva skal vi lese i september? Jau, tida er inne for å oppdage Natalia Ginzburg og denne gongen lese Det tørre hjertet. Det er ei kort lita bok, men intens.

Selskapet møtast på Strilabiblioteket, Frekhaug tysdag 20. september kl.19.00. 

Vil du vere med? Ta kontakt med biblioteket,

Velkomne alle!

torsdag 25. august 2022

Flott bok med treig start

 

Det var slik dei fleste i Selskapet karakteriserte boka Jente , kvinne , annet av Bernadine Evaristo. Dette var boka som var sommarboka i år, men ho var nok ikkje ei heilt enkel bok. Dei som hadde kjempa seg gjennom dei første hundre sidene vart likevel løna med ei forteljing om tolv sterke, svarte kvinner som på kvar sin måte fann sin veg å leve på og ta sin plass i historia. Vi fekk lese om tre ulike kvinner i kvar sin bolk. Dei hadde ei viss tilknyting til kvarandre, men det er fyst i det siste kapittelet at alt heng saman og vi får ein god avslutting med håp.

Det var ikkje enkelt å peike ut historier som stod serskilt fram, men alle hadde merka seg det sterke vennskapet mellom Amma (dramatikaren) og Dominique (organisatoren). Det var eit vennskap som gjorde inntrykk. Vi la og merke til at her var det mange sinte kvinner, men som ei sa: Dei hadde god grunn for dette raseriet. Det var rett og slett ei bok med mykje kvinnekraft og det lika vi alle.

Det var fleire i Selskapet som hadde merka seg at her var det ikkje mykje tegnsetting. Det var og langt i mellom avsnitta så det var ikkje lett for ein stakkar leser å få "landa", puste ut og ta ein pause.  Dette var eit moment som drog ned inntrykket av boka. Det var mykje som gjekk føre seg og fleire i Selskapet "møtte veggen" eit stykke ute i boka og måtte ta ein litt lengre pause. Gjennom desse forteljingane var det ikkje berre den einskilde kvinna som vart presentert, men og heile hennar miljø, det vart mange folk og situasjonar...

Likevel, dette var ein fin lesaroppleving! Ei bok som nokre tenkte å lese omatt etter ei stund...

onsdag 24. august 2022

Møtedagar hausten 2022

 


Selskapet er i gang att og vi skal møtast desse dagane i haust: 

Tysdag 20. september 

Tysdag 1. november

Tysdag 6. desember

Vi samlast på Strilabiblioteket, Frekhaug klokka 19.00 dersom det ikkje kjem melding om noko anna. 

Ta kontakt med biblioteket om du vil vere med!

Hjarteleg velkommen til ein ny lese-haust!

torsdag 14. juli 2022

Nytt møte i august

 

Selskapet opnar haustsesongen med Bernardine Evaristo sin prisvinnande roman Jente, kvinne, annet. Boka vann Bookerprisen i 2019 og har vore nominert til ei rekkje andre prisar. Det er ein mangfaldig roman, så det er berre til å gle seg.

Vi møtast tysdag 23. august klokka 19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug

Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med biblioteket!

Velkomne alle!

mandag 13. juni 2022

Språk som frå sagalitteraturen

 

Det er særs sjeldan at alle dei frammøtte i Selskapet var samde om at dette var ei grusom, men fantastisk bok å lese. Har det i det heile teke hendt? Det nesten ikkje mogeleg å hugse, men no har det skjedd! Boka Tvillingenes dagbok er den første i ein trilogi av forfattaren Agota Kristof. Ho flykta frå Ungarn til Sveits og begynte å skrive på fransk som ho måtte lære seg. Boka handlar om to gutar, tvillingar, som mora tek med seg til bestemora slik at dei kan bur hos henne og få mat. Slik ståa er i byen kan mora ikkje fø dei, faren er i fengsel og bestemora er einaste utveg. Gutane vert ikkje godt mottekne, dei må arbeide mykje, maten er heller skrinn og det er mange vonde ord og slag. Gutane har kvarandre, dei ser og observerer mykje. Dei opplever brutale hendingar og vi skjønar at landet er i krig og det er den sterkaste som rår. Gutane bestemmer seg for at dei skal herde seg. Dei skal tåle sult, kulde, hat og godleik, det skal hgerde seg slik at dei kan ta i mot det som skjer. Dei får ei bok og bestemmer seg for å skrive ned alt som skjer, men det dei skriv må vere mogeleg å måle. Om dei synest bestemora er ei heks, kan dei ikkje skrive det, dei må i staden skrive: folk i landsbyen synest at ho er det. Dette er stemmer for bestemora vert omtala som Heksa. I landsbyen bur det ei jente med hareskår, presten har forgrepe seg på henne. Gutane oppsøkjer presten og konfronterer han med dette. Presten forsøkjer å vri seg unna, men gutane heldt fast på sitt og presten går då med på å betale jenta og mor hennar ei viss sum slik at dei kan komme ovanpå igjen. Landsbyen har fleire originalar og dei set sitt preg på livet der. Gutane var eigentleg ikkje onde, men dei vart svekne av dei vaksne og lærte seg å handle ut i frå dette. Dei tok kontroll over sitt eige liv og stolte berre på kvarandre. 

Selskapet vart som sagt hekta. Fleire hadde eller var i gong med å lese bind to og tre og fasinasjonen heldt seg. Faktisk alla sa: boka er forferdeleg, men fasinerande og språket er nok heilt eineståande. Vi var inne på om Kristof skreiv på denne måten av di ho skreiv på eit språk som ikkje var morsmålet hennar. Ho bruker eit knapt ordforråd, men bruker dette på ein heilt utruleg god måte. Det er så presist og vakkert at vi vart minna på sagalitteraturen som har desse korthogde setningane. Forfattaraen gjev oss inntrykk av at det ho skriv er sant, det er som ein rapport men med to gutar i hovudrolla. Selskapet var fornøyd, ei verkeleg god bok!

torsdag 28. april 2022

Siste møte før ferien 2022

 

Det nærmar seg allereie siste møte i Selskapet før vi tar ein lang ferie, men innan ferien kjem den tida skal vi lese den første boka i ein trilogi av Agota Kristof: Tvillingbrødrenes dagbok. Boka kom ut på norsk for første gong i 1987 og seinare har ho kome i ei modenistert utgåve i 2019.

Vi møtast tysdag 7. juni kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug.

Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med biblioteket.

Velkomne!

onsdag 27. april 2022

Slekt, kor viktig er det?

 

Dei åtte i Selskapet som møtte for å snakke om romanen "Kinamann" var temmeleg samstemte i at dette var delvis interessant og delvis litt keisam. Temaet i boka er viktig, for kva veit kvite, etnisk norske damer i sin beste alder om kva det vil seie å komme til eit framant land med ei framand kultur og veremåte. 

Boka handlar om Gjermund Brekke, adoptert frå Korea som toåring til bygda Feios i Sogn og Fjordane. Vi møter Gjermund når han er i tjueåra, har skrive tre bøker, er gift og har ein son med Helene. Gjermund har fått namnet frå farfaren sin for han skal bli bonde og overta garden når tida er inne. Han veit at det er dette faren ønskjer, men livet på garden er ikkje noko for han. Foreldra ser raskt at nokon odelsbonde vert han aldri, likevel prøver dei så langt dei kan å møte han og interessene hans. Gjermund fortel om oppveksten som faktisk i liten grad er prega av rasisme, men av mobbing av han og Vergard ( det var mykje verre for Vegard). Når han no skal bli far for andre gong begynner han å tenke på slekt. Han har jo ingen som liknar på han, og adoptivfamilien er ikkje slekt på den måten. Han reiser til Korea i eit forsøk på å finne ut meir om kven han eigentleg er. På flyet møter han ein drosjesjåfør som har ei adoptivdotter frå Korea. Han hjelper Gjermund og gjennom samtalane dei har og dottera sine erfaringer vert Gjermund meir merksam på godene ved livet han lever no. 

Gjermund kjenner seg annleis. Han ser i spegelen og ser at ingen i bygda ser ut som han. Han flytter til Oslo, men kjenner seg framleis annleis og framand. Dette syntes Selskapet var litt rart. Ein ting er Feios med få innbyggjarar, men i Oslo? Vi drøfta om det å vere annleis er ei kjensle nokon og ein kvar kan ha? Det skal ikkje så mykje til... Vi syntes nok at han dreiv det litt langt i å problematisere byrdene ved å vere adoptert og ikkje ha noko slekt, men samstundes: kva veit vi om slikt? Vi syntes at det var lite framdrift i forteljinga og saman med eit lett barnsleg og noko klisjefylt språk, var ikkje dette ei stor lesaroppleving.

Boka kom ut i 2011 og den gode Brynjulv Jung Tjønn har gjort store sprang som forfattar sidan det! Dette til trøyst for dei som vil lese den siste boka han skreiv og som vann P2 Lyttarane sin romanpris for 2021.