Viser innlegg med etiketten Lesing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lesing. Vis alle innlegg

onsdag 30. mars 2011

Kvinna Blum

Ja, slik vert ho omtala i denne romanen som er skrive som ein slags rapport. Distansert, nøyaktig og likevel eit knallhardt innlegg mot pressa som jaktar på oppslag. Dette er historia om hushjelpa Katharina Blum som på karnevalet i Köln møter Ludwig Götten og forelskar seg hovudstups i han. Han er i leilegheita hennar om natta og om morgonen stormar politiet inn for å arrestere Götten, som er ein ettersøkt venstreekstrem terrorist. Götten har ved hjelp av Katharina klart å gøyme seg vekk og det er Katharina som må reise med til politistasjonen for å forhøyrast. Boka handlar for det meste om korleis politi og samfunnet med pressa i spissen grev seg inn i hennar privatliv, henger ho ut som "morderbrud", kriminell og samfunnsfiende. Journalistane diktar opp historier om ho og denne uthenginga får ho til slutt til å ta saka i eigne hender, noko som fører til endå meir ulukke.
Det er Nobelprisforfattaren Heinrich Böll som står bak denne boka. Han fekk ikkje prisen for denne boka, men prisen gjorde det kanskje mogeleg for han å skrive ho? Etter at boka kom ut vart han boikotta av den konservative Springerpressa og han vart skulda for å vere for terror.
Selskapet las boka med stor interesse, for dette handla då ikkje berre om 1970-åra i Tyskland? Hadde vi ikkje fleire saker å sjå tilbake på her til lands og? Presseoppslag der stemninga for eller mot ein person vart hausa opp slik at det for nokon enda med sjølvmord og for andre skapte ein veldig sympati? Vi snakka om kor lett det er å vandre i flokk og ikkje minst delta i å forteljingar som gjer ei fjær til fem høns. Jau, det trengs både innleving, men og distanse når ryktebørsen koker og vi alle vil vite litt meir.

mandag 28. februar 2011

Mor Joad

No har det gått skammeleg lenge sidan Selskapet var samla og snakka om boka Vredens druer, men skrivaren skal gjere eit forsøk på å hugse tilbake og skrive ned nokre bitar av samtalen. Flertalet av de ni frammøtte hadde lese heile boka og likt henne. Boka handlar om familien Joad og deira oppbrot og reise frå Oklahoma til California. Farmen deira er, etter mange uår eigd av banken og den einaste utvegen ser ut til å vere å reise til California der dei treng fruktplukkarar. Vi følgjer familien når dei bryt opp og på den heller dramatiske reisa. John Steinbeck fekk nobelprisen for denne boka og det er ei mektig forteljing om fattigfolks samhald og omsorg for kvarandre. Men mellom kvart kapittel om familien Joad er det essayistiske kapittel om samfunnsutviklinga og eit kritisk blikk på kapitalens mekanikk for å halde hjula i gong, som dei seier. I desse kapitla brukar forfattaren naturfenomen eller observasjonar i naturen til å biletleggje synspunkt han vil ha fram og dette gjer han slik at bileta sit fast i minnet!
Vi fordjupa oss i mora si rolle som den som kjempa og kjempa for å halde familien samla, når alle ser ut til å gje opp håpet, kjempar ho vidare, sjå her:
- Nå har vi ingenting, sa faren. - Å skal vi gjøre nå ei lang tid? Ingen innhøsting. Saronsrose er langt på vei nå. Ser ut som vi er ferdige. - Å nei da. Moren smilte. - Mannen, han lever lissom røkkevis, men kvinnen er en rolig strøm med små evjer og stryk. Men den glir fram. Vi forandres kanskje, men vi dør ikke ut. Noen dør, men resten er kraftigere enn som så. Vi får leve en dag om gangen. Lag deg ingen unødige sorger.
Vi snakka om at det er kanskje slik at menn er meir stadbundne og at kvinner eigentleg kan vere kor som helst så lenge dei har barna rundt seg. For mor Joad var det slik, forfattaren framstiller ho som fjellet i familien, eit bilete på den ultimate mor? Vredens druer - boka krevde ei langsam lesing, men ho var verd det!

søndag 20. juli 2008

Lesenøklar

Når vi les er det fleire måtar å gå inn i teksten på. Immi Lundin skriv om desse i boka Bokläsarnas kunnskapskälla der ho nemner fem ulike nøklar til teksten. Desse er kan vere verdt å prøve neste gong Selskapet skal snakke om bøker! Her er Lundin sine nøklar:
Nøkkel 1: Kva handlar boka om?
Nøkkel 2: Kvar bok må lesast ut i frå seg sjølv
Nøkkel 3: Sjangeren skaper forventningar
Nøkkel 4:Kven er hovudperson, kven er forteljaren og kven ser?
Nøkkel 5:Tida for handlinga og tida for forteljinga.
Så er det berre å lese og tenkje! God lesing!