onsdag 17. juni 2026

Nei, nei, nei

 

Dette sa dei frammøtte då vi skulle snakke om Toni Morrison sin roman: Kjærlighet - kva var det som fekk dei til å gå til slike drastiske utsegner? Jau, forteljinga hoppar hit og dit frå peron til person og ikkje minst i tid. Kven snakker og ikkje minst i kvafor tidsrom snakker personen, er det fortid eller notid? Det er mange personer å forhalde seg til og når vi omsider finn ut hva for person som har ført til alt dette elende så vart vi kvalme... Men for å starte med ei kort oppsummering:

Boka handlar om familien til hotelleigaren Bill Cosey,  familien hans og nokre personar knytt til dei gjennom arbeidet. Bill Cosey bygger eit flott hotell der dei velståande svarte kan komme, spise god mat, danse og verte underhaldne. Mange kjem og dette gjev arbeid til mange i byen. Bill gifter seg med Julia og får sonen Billy. Julia døyr og Bill er åleine i mange år. Billy gifter seg med May og får dottera Christine. Ho har ei jamnaldrande venninne Heed (of the night) og dei er ofte saman. Bill liker unge jenter, veldig unge, så han tek kontakt med foreldra til Heed, gjev pengar til faren og ei veske til mora og så giftar han seg med ho når ho er elleve år. Dette fører til eit brudd mellom Christine og Heed og dette vert aldri legt. Når vi kjem inn i boka er Heed gammal og sjuk, Christine har flytta tilbake til huset familien ein gong hadde og dei to kvinnene bur i kvar sin del av huset. Striden står om testamentet etter Bill, for så langt dei veit skreiv han ikkje eit ordentlig testamente, men berre nokre ord på ein meny. 

Inn på scena kjem Junior, ei ung jente med tung bagasje. Ho har fått tak i ei annonse der Heed lyser etter ein assistent. Junior seier ho kan gjere alt Heed treng hjelp til og ho får jobben. Vida, som tidlegare arbeidde i resepsjonen på hotellet og Sandler som ofte var på fisketur med Bill, treff og Junior og ikkje minst barnebarnet deira Romen. Junior er på utkikk etter å sikre seg ein stad å vere. Romen er forelska i Junior. Heed og Christine som elska kvarandre fortærast av hat og Vida og Sandler prøver å rettleia Romen ut av trøbbel. 

Det er ei innfløkt historie og vi vart ganske forvirra av di tidslina i forteljinga stadig vart broten. Då vi oppdaga kva for ein ekkel fyr Bill var, vart det og mykje anna ved historia som og var ekkelt. Historia fortel om ein mann som hater kvinner og gjev uttrykk for det ved å bruke dei og sette dei opp imot kvarandre. Vi vart rysta over at han kunne gifte seg med ei jente på elleve år, men vi vart realitetsorientert ved at ein kunne opplyse om at det er lov å gifte vekk mindreårige barn i fleire land. Kan vi anbefale denne boka? Nei, vi kan vel ikkje det, men Toni Morrison har skrive mange bøker og fleire av dei er fantastiske, tankevekkjande og gode, så vi anbefalar heller forfattaren denne gongen. 

Sommarlesing 2026

 I sommar skal Nordhorland Litterære Selskap lese tre bøker. Vi tek "ferie" frå og med siste møte i 16. juni til neste møte som vert 18. august Alver bibliotek, Frekhaug. I denne tida skal vi lese desse bøkene:


 

 

  

Vi les Per Petterson si siste bok Du er hjemme nå 

Per Peterson er ein kjend norsk forfattar med mange prisvinande bøker bak seg. 

Neste bok er Marilynne Robinson: Huset ved broen 

Marilynne Robinson er ei amerikansk forfattar og har i tillegg til denne romanen skrive ein roman kvartet som anbefalast på det varmaste. (Gilead, Hjem, Jack, Lila)

og til sist les vi Ali Smith: Høst  Denne romanen er den første i ein kvartet (Høst, Vinter, Vår, Sommer)

Har du lyst til å vere med å lese desse romanane? Ta kontakt med biblioteket!

God lesing!