torsdag 27. juni 2013

Her var det for mykje roting i sjelslivet

Ja, dette var det første medlemmane i Selskapet sa då vi var samla på Lindås bibliotek for å snakke om boka Leve posthornet av Vigdis Hjorth. Det var vel ingen av dei frammøtte som er blodfan av Hjorth, sjølv om fleire framheva "Hjulskift" som vi las for nokre år sidan og som vi hugsa som ei kjekk bok. Leve posthornet handlar om Ellinor som arbeider saman med Rolf og Dag som kommunikasjonsrådgjevar og det er dette som er ironien i boka, dei kommuniserar ikkje. Dag seier opp og reiser frå oppgåva si å arbeide med dei posttilsettes organisasjon for å samle støtte mot eit vedtak av postdirektivet. Dag reiser til Frankrike og der gjer han sjølvmord. Ellinor og Rolf er lamslegne, men arbeidet må gjerast og det er Ellinor som overtek arbeidet mot EUs postdirektiv. Ellinor har det ikkje så greitt på det private plan heller. Ho har ein kjærast Stein og han har ein son på åtte år. Forholdet mellomStein og Ellinor er prega av avstand om manglande kommunikasjon. Ellinor ser ut til å mangle empati med både mannen og sonens hans, for når sonnen til Stein har geburtsdag gjev ho han ei Postman Pat-bok. (Her grøsste alle bbliotekarane). Ho har og eit merkeleg forhold til familien sin og det er på mange måtar rotløysa som pregar livet hennar.
Ellinor er leiar på eit kurs for dei posttilsette i korleis dei skal skrive for å søkje nye jobbar, for å presentere seg sjølv. Kurset blir ein fiasko, men det førar til at ho reiser til Nordnorge, treff nokre av dei som vil miste jobb og posttilgang og får lese brevet til Helga Brun. Det er dette brevet som snur forteljinga, gjev Ellinor ei slags oppvakning og får arbeidet mot postdirektivet til å ta av. Engasjementet som skrivet hennar vekkjer fører til at postdirektivet fell på APs landsmøte og det er altså i denne delen av romanen at Hjorth skaper ei ørlita von om at Ellinor kan ha ei litt lysare framtid.
Trudde Selskapet på romanen og personane i han? Nei, hovudpersonen vart aldri eit levande menneske. Forteljinga er ustrukturert og vi lurte veldig på om kva for meiningar Ellinor sjølv hadde. Hadde ho eit verkeleg opprør i seg eller var dt berre tida og dei to kollegene hennar som skapte opprøret? Sterkast vert dette når vi les om den unge AUF leiaren som klarer å snu heile landsmøtet mot postdirektivet og om Ellinor som grev seg ned i det motlause. Han, den unge som gløda for noko og Ellinor som kanskje vil prøve å sjå opp frå seg sjølv. Dette handlar om sjølvkjensle og sikkerheit. Sjølv om Selskapet ikkje jubla av begeistring, så var vi samde i at forfattaren kan handverket, ho skriv godt, presist og gjev deg noko som lesar, men distansen til oss som lesarar er for stor, slik var det for oss.

Ingen kommentarer: