fredag 3. mars 2017

Kaltenburg

Det var ein nølande gjeng som samla seg til samtale om Kaltenburg. Ikkje den vanlege entusiasmen og det lette fråsparket i ganglaget denne gongen, nei. Kva var gale? Meir enn halvparten hadde ikkje lese boka ferdig. Det er ikkje så lett å føre samtale rundt ei halvferdiglese bok, anna enn om til at ein berre måtte leggje boka bort. Og dei som hadde lese boka følte heller ikkje at dei hadde så mykje å bidra med.
I korte trekk handlar boka om dette:
Det er den tyske forfatteren Marcel Beyer som har skreve romanen Kaltenburg. Ein roman om oppvekst og den sterke påverknaden eit menneske kan ha på eit anna. Forteljaren er Hermann Funk som vaks opp i Dresden han fortel historia si til ei dame som skal skrive om Kaltenburg og det er gjennom desse samtalane vi får forteljinga. 
Foreldra til Hermann vert drepne under bombinga av byen i 1945 og han får vekse opp hos vener av familien. Då foreldra flytta til Dresden, faren var botanikar og underviste ved universitetet, blei de vener med forskaren Ludwig Kaltenburg og Hermann beundra han veldig. Ei skremande oppleving med ein tårnfalk førte til at faren inviterte studentane Martin Spengler og Knut Sieverdig heim på middag, dei skulle hjelpe Herrmann med si redsle for fuglar. Dette møtet utvikla seg til eit livslangt venskap mellom dei tre og seinere vert Martin og Knut sitt syn på Kaltenburg eit korrektiv for Hermann. Ludwig Kaltenburg var zoolog og alleire ein berømt, svært eksentrisk forskar som budde i ein villa med en kaiekoloni på loftet, vaktler i stua og fisk i underetasjen. Kaltenburg tek Hermann under sine venger (så og seie) og vil at han skal verte hans etterfølgjar i eitt og alt. Hermann er ein trofast slitar og stiller opp for Kaltenburg med dei ulike arbeidsoppgåvene han får.
Stalin dør i 1953 og for første gang fortel Kaltenburg om opplevingane sine i fangenskap i Russland. Etter denne hendinga begynner Hermann å hugse tilbake på barndommen sin: faren bryt plutseleg med Kaltenburg og han vert aldri meir invitert heim til dei. Kaltenburg var en ærgjerrig person og slik som Øst-Tyskland utvikla seg i løpet av 1950-årene var det viktig å halde seg inne med dei rette personane for å få gode posisjonar. Hermann reagerer på dette og  forhaldet mellom dei endrar seg. Hermann forelskar seg i Klara Hagemann og vert via kontaktar invitert til heimen til familien Hagemann. I denne familien er kultur og filosofi viktige samtaletema, dette var heller kontroversielt på den tida. Klara les Proust og er totalt oppslukt av verket På sporet av den tapte tid, denne lesinga skal følge henne gjennom heile livet og vert tilfluktstaden hennar når livet  vert for vanskeleg. Dei to venene Martin og Knut kom tidleg på kant med Kaltenburg, eigentlig for bagatellar tenkjer Hermann, men når han reflekterar over kva Kaltenburg driv på med i Berlin og kva han har gjort under krigen, ser han at han må bryte med Kaltenburg.

Kaltenburg er ei bok som handlar  om å leve i eit totalitært samfunn, der samfunnsmessige strukturar grip inn i psyken til menneskja som bur der. Det som er mest synleg i denne boka er det usynlege. Alt som har vore teia om. Kan hende var dette ein av frustrasjonane rundt lesinga. Vi ana at hadde vi hatt meir kjennskap til det austtyske samfunnet i perioden frå 1945 til murens fall ville vi ha kunne fanga opp fleire leietrådar i teksten som no var skjulte for oss. Til dømes las vi i ei av bokomtalene at dette var ein nøkkelroman. Men når vi ikkje kjende til personane som var portretterte gav heller ikkje det oss noko vi kunne orientere oss etter. Fleire gav opp boka etter dei omstendelege skildringane av kaiene og deira liv, side opp og side ned. Kva ville forfattaren eigentleg med fokuseringa på fuglane? Gruppa kom ikkje fram til  noko eintydig svar her.
Men det var og nokon i gruppa som trass i at dei ikkje skjøna alt sette pris på sjølve skrivemåten og kor godt forfattaren klarte å formidle korleis usynlege strukturar legg føringar for liva til individa.

Ingen kommentarer: