Selskapet hadde til dette møtet lese Elizabeth Strout sin roman: Lucy ved havet. Det viste seg at dette var fjerde boka i rekka om Lucy Barton hovedpersonen i boka og det gjorde nok deltakarane litt forvirra i starten. Boka var godt likt av alle, men vil den bli ståande som ei bok vel verdt å lese om nokre år?
Boka handlar altså om Lucy Barton som er forfattar og bur i New York. Ho mista den andre ektemannen sin for eit år sidan, året er 2020 og den førre mannen hennar William kjem for å ta henne med til eit hus han har leigd i Maine. Det er pandemi, men Lucy som ikkje les aviser eller ser på nyhendesendingane på TV er heilt framand for dette. William er særs insisterande og ho vert med han. Ho pakkar berre ein liten koffert for dette skal ikkje vare så lenge. Han tek med seg laptopen hennar for William er vitskapsmann og anar nok at denne pandemien kan ta tid. Dei kjem til Maine, finn huset og lagar seg ein kvardag der dei lever fredeleg med kvarandre. Dei har to døtre saman og Lucy er bekymra for dei. Den eine bur i New York med ein mann ho vil skilje seg frå. Den andre i Connecticut med mannen sin som er lungesjuk. William har ei ny kone, som han er skild frå og han har ei dotter med henne. Dei har begge folk dei er uroa for og dei høyrer om familie og venner som blir sjuke og nokon døyr. Midt i dette skal dei leve og gjerne utrette noko. Lucy skulle eigentleg reist på bokturne til Italia go Frankrike, men dette blir sjølvsagt avlyst. I staden går ho tur, anten åleine eller saman med Bob ein av William sine venner. Lucy føler at Bob verkeleg høyrer på henne. Ho snakkar med han om alt mogeleg og han svarer oppriktig. Bob er gift med Margaret ho er prest og travel. Bob er advokat og ein slik mann kan vere god å ha. Det er nokre som ikkje liker at folk frå New York kjem til Maine for å unngå pandemien. Dei skriv plakatar utanfor huset og Lucy vert engesteleg. Då kjem Bob med nummerplater frå Maine til bilen deira og problemet er løyst. William er aktiv og ordner det slik at Lucy og døtrene får treffast, med to meter avstand og munnbind, men det gjer Lucy godt. Døtrene på sin side er ikkje heilt sikker på William sine intensjoner, er han ute etter å manipulere mora?
Forfattaren skriv munleg. Det er som om Lucy sit ved sida av oss og fortel om kva ho har gjort og tenkt i det siste. Det er lett å lese, det er underholdande og gjennom små setningar er det som ho trekk seg attende og slår noko fast. Til dømes når Lucy skal prøve å forstå andre menneske sine handlingsmønstre og det ikkje går så seier ho: "Jeg tenkte som meg selv". Vi reflekterte litt over dette og kjende oss vel litt att...
Selskapet snakka om korleis vi hadde det under pandemien. Veldig roleg for nokon og eit strev for andre. Uro for familie som måtte vere på jobb og for dei som var sjuke. Vi snakka om korleis vi innretta oss og kor heldige dei av oss var, som kunne gå ute i naturen. Vi konkluderte med at boka var koseleg å lese, men vert ho eit monument i litteraturen? Antakeleg ikkje, men underhaldning er heller ikkje dumt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar