Då Selskapet bestemde seg for å lese Kunsten å miste av Alice Zeniter var fleire overtydd om at her skulle vi lese om ei ung kvinne i Frankrike med slekt i Algerie. Vi fekk det og, men vi fekk så mykje meir! Denne romanen er ei forteljing om tre generasjonar. Boka er delt i tre delar og kva generasjon fortel si historie. Den første delen startar med Ali, den rike mannen som har så mykje lang og rikdom at han ikkje treng arbeide. Han og familien hans bur i den nordaustlege delen av Algerie. Ali hjelper franskmennene og har ein grei relasjon til kommandanten. Då FLN vert oppretta for å frigjere Algeri frå dei franske okkupantane vert kvardagen heilt anleis og Ali må etterkvart innsjå at det vert for farleg å bli buande. Han tek med seg kone og barn og dei vert plassert i ein flyktningleir. Det er eit gedigent fall i posisjon for Ali. Han kan ikkje språket, han er analfabet og han har tapt alle tilknyttingspunkt til samfunnet. Heldigvis har han sonen Hamid, ein intelligent gut som hjelper faren med å ta seg fram i det franske byråkratiet. I del to er det Hamid si historie vo får høyre. Han vil bli heilt fransk, han vil gløyme heimstaden, Algerie og alt som har med det som hende der. Han er smart, han lurar faren, men han får og møte fordommar og racisme. Han treff Clarissa og dei gifter seg og får fleire døtre. Hamid veljer å teie, han fortel ikkje noko om sin bakgrunn eller frå barmdommen sin. Han går helst ikkje på besøk til foreldra, han vil på alle måtar velje vekk alt som knyt han til Algerie. I del tre er det ei av døtrene til Hamid som er hovudpersonen. Naïma arbeider i eit kunstgalleri og sjefen hennar vil at dei skal ha ei utstilling med ein algirsk kunstnar Lala. Problemet er at Lala er kreftsjuk og arbeidene hans er stort sett i Algerie. Noko er eigd av den førre kona hans som bur i Algerie og noko må hentast frå museum i Algerie. Sjefen hennar vil at ho skal ta kontakt med Lala og reise til Algerie for å gjere avtaler om utlån av verka. Naïma vegrar seg, men når ho møter Lala vert ho nysgjerrig og det ender med at ho reiser trass alle motførestillingar.
Då Selskapet las bak på boka trudde nokon av oss at her skulle alt handle om Naïma, men istaden fekk vi ei innføring i historia til Algerie og alt som hende på 1950-talet og framover. Dette var overraskande, men langt i frå ei ulempe. Vi hadde alle ei kjensle at her lærte vi noko viktig om eit land som vi visste særs lite om. Vi snakka om innvandrarar og deira posisjon i samfunnet, om avstanden nokon treng til si historie og om kor utruleg vikitg språk er. Språket skiller oss om vi ikkje kan det og språk vi kan snakke saman bind oss saman. Denne romanen har fått fleire prisar og det er fortent! Slik som forfattaren beskriv relasjonane mellom folk er heilt eineståande. Vi anbefalar denne boka!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar