På det siste møtet i 2025 snakka deltakarane i Selskapet om den siste romanen Paul Auster skreiv før han døyde i april 2024. Romanen heiter Baumgartner og handlar om Seymour Tecumseh Baumgartner, ein forfattar og professor som hatar namnet sitt og alltid skriv S.T. Baumgartner i bøkene sine. Han heiter Sy blant vener, men prøver så godt han kan å halde mellomnamnet sitt hemmeleg. Vi møter Baumgartner når han er ein gamal mann. Han tassar omkring i huset sitt og leitar etter ting, vert distrahert og leitar etter noko anna. Han veit at han må ringe søstera, men gløymer det for her kjem ein mann som skal lese av målaren og då må han ned i kjellaren. I kjellaren har lyset gått og pæra må skiftast og der ramlar han ned trappa, slår seg, får hjelp av målaravlesarmannen og går til slutt og legg seg på sofaen og sovnar. Heldigvis for han er målaravlesarmannen ein snill og omtenksam person så Baumgarner får hjelp til alt.
Baumgartner var gift med Anna, ho døyde for mange år sidan, men Baumgartner saknar ho, kvar dag. Ofte tenkjer han på tida dei fekk ha saman og særleg dagen då ho døyde. Anna skreiv dikt og andre tekstar, men ho ga dei aldri ut sjølv, men Baumgartner samlar ein del av dei og gjev dei ut posthumt. Han fordjupar seg i hennar arbeid og skriving slik at han ein dag opplever at ho ringer til han og seier at om han ikkje gjev slepp på henne vil ho for alltid vere i eit mellomliv, ikkje levande og ikkje daud. Han veit at dette er tankespinn, men saknet etter henne er overhendig. Baumgartner har hatt andre kjæraster etter at kona døyde, særleg Judith som og var ei god venninne av Anna. Då Baumgertner frir til Judith seier ho nei. Ho vil ikkje binde seg til ein mann ein gong til, men vil leve eit fritt liv utan å ta omsyn til andre. Baumgartner får etter ei stund ein førespurnad om å ta imot ein ung student som vil skrive om Anna sine dikt og tekstar. Han vert begeistra og dette gjev han nytt mot og ny energi.
Alle i Selskapet likte boka! Det er ikkje ofte, men denne gongen var det berre begeistring. Vi var samde i at her møter vi ein mann som er oppslukt av sorga over kona, som er einsam sjølv om han har vener og som prøver på sitt vis å leite etter ein ny start. Han tenker på livet sitt før han traff Anna, på mennesker han har møtt eller observert og som har gjort inntrykk på han. Det er mange små historier fletta inn i hovedhistoria og det er mange nydelege passasjer som kravde høgtlesing og undring. Til dømes dette:
Å leve er å kjenne smerte, sa han til seg selv, og å leve i frykt for smerte er å nekte å leve . s.50
Vi kan ikkje anna enn å anbefale denne boka! - og med dette ønskje kvarandre god jul!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar