torsdag 26. mars 2026

"Få stasråden til å skinne"

Selskapet har eit lite prosjekt gåande denne våren: å lese bøker av norske forfattarar som vi ikkje har lese så mykje av fra før. Denne gongen var det Biger Emanuelsen som var den utvalde og romanen hans "Statsråden kommer". Romanen handlar om Ingrid som er taleskrivar i eit departement. Vi møter ho første gong når ho sit på ein stubbe i skogen og lurer på om ho orker å komme på jobben for å markere den siste dagen hennar på kontoret.

Ingrid har ønskt seg denne jobben og ho kjenner seg priviligert som får arbeide så tett saman med statsråden og hans medarbeidarar. Vi får høyre om alle privilegier dei tilsette har med treningsrom på jobben, subsidiert kantine og ergonomisk tilpassa skrivebord og stolar. Det skal ikkje stå på tilrettelegginga. Ingrid si oppgåve er å "få statsråden til å skinne" som sekretæren hans seier. Ho gjer så godt ho kan og ho er flink, veldig flink, men er det nok? Ingrid held fram med arbeidet sitt nokre år, men gjentakingane i taler og reiser, den politiske bodskapen tærer på ho og ho seier opp. Ho er gift med Eirik, ein snill mann som ho set store krav til, men når Ingrid vil at dei skal avgi "Arveløftet" det vil seie ikkje få barn, men overlate hus og alt dei har til ein organisasjon, då seier han nei, dette vil han ikkje. 

Vi vandrar fram og tilbake i Ingrid si historie.Frå barndommen med stolte foreldre til denne flinke jenta, til ekteskapet med Eirik, denne snille, men heller veike mannen. Til kollegaene på jobben og forholdet til dei to kvinnene Elisabeth og Dina som misunner ho stillinga og meir enn gjerne vil ta over. Ingrid siger inn i ein depresjon og tenkjer at ho vil ta livet sitt, men gjer ho det?

Selskapet var delte om denne boka, nokre likte ho godt, andre ikkje så mykje. Vi var samde om at her var det mange gjentakingar og slutten peika ikkje på noko løysing for Ingrid. Vi trudde ikkje at ho ville ta livet sitt sjølv om ho stadig leika med tanken. Vi mora oss derimot mykje over Ingrid sin satiriske beskriving av eit møte der målet var å få statsråden meir i avisene. "Rommet av tett av godvilje". Boka har ein tydeleg ironisk distanse i omtalen av det statlege byråkratiet og for nokre av oss var det ustyrteleg morosamt.
 

Ingen kommentarer: