onsdag 15. april 2009
Kunsten å gråte i kor
Selskapet heldt fram med å lese seg inn i den danske verda! Til neste møte som er på Meland bibliotek tysdag den 5. mai kl.19.00 skal vi lese Kunsten å gråte i kor av Erling Jepsen. Dei som av ein eller annan grunn ikkje får tid til å lese boka, kan redde seg ved å sjå filmen! - og dei som har tid kan faktisk gjere begge delar. Så no er det berre å finne ein lun krok i vårsola med teppe, appelsin og kaffe og unne seg nokre herlege timar!
fredag 27. mars 2009
Hundehode - tragedie eller komedie?
Dei ihuga lesarane i Selskapet hadde samling 19. mars på Lindås folkeboksamling. Denne gongen hadde alle starta på boka, dei fleste hadde lese ho ferdig og var sprekkeferdige etter å fortelje om si lesing av denne boka med utrulege historier, fargerike personar og eit innfløkt persongalleri. Ei i gruppa måtte til slutt sette seg ned og lage eit familietre for å halde orden på alle saman. For når eit barn blir kalla Flappøre og fetteren Eplehode og når dei litt lengjer ut i forteljinga får tilbake sine verkelege namn, ja då skal lesaren holde tunga rett i munnen!
Romanen startar i Bergen med Askild sitt mareritt frå krigens dagar, hundane som spring etter han over pløgde marker ein stad i Aust-Tyskland. Dette marerittet ligg som ein mørk skugge bak forteljinga om Askild som elskar Bjørk og som tener pengar på smugling og anna lureri. Askild blir teken av tyskarane når han prøver å selgja deira eige tømmer til dei. Han blir sendt til Tyskland til ein konsentrasjonsleir og prøver å komme derifrå, men det går svært gale og kameraten som rømmer saman med han vert skoten. Askild kjem tilbake til Bergen, men er merka av krigen og klarer ikkje å arbeide. Han får arbeid for han er jo "ein krigshelt", men han er gripen av kunsten og særleg kubismen og det går ikkje særleg godt i hop når han skal teikne båtar til skipsindustrien. Byggeleiaren skjønar ikkje dei kubistiske båtteikningene han produserer og når Askild søkjer trøyst i flaska vert det fleire oppbrot og flytting til nye stader.
Familien flytter etterkvart til Danmark, men tenkjer stadig på å flytte tilbake til Bergen - særleg Bjørk som heilt til siste slutt tenkjer på korleis livet hadde vore om ho hadde gifta seg med lækjaren Thor. Det er Asger sonen til Flappøre eller Nils som han eigentleg heiter, som er forteljaren. Asger er kunstnar, han har reist vekk for å komme laus frå familien for å skape seg sitt eige liv, men når Bjørk ligg og skal døy kjem han attende for å nøste opp alle trådane frå generasjonane før han.
Vi undra oss over korleis barna heilt og fullt eksisterte på foreldra sine premissar. Dei vart ikkje sett på som eigne individ, men som noko som skulle tilpassast foreldra eller dei vaksne sine forventningar. Vi minte kvarandre på underlege historier og vi lo godt då ein sa: "Korleis gjekk det eigentleg med gravferda til Askild? Vart oska hans strødd på fjorden?"
Kvifor ler vi av slike historier? Kvifor får vi lyst til å sitte og minne kvarandre om rare og rørande episodar? Denne forfattaren klarer å skape gjenkjenning, han forstørrar hendinga slik at ho på eit vis vert vanvittig, men samstundes veit vi at, jo dette kan ha skjedd.
Det tok si tid, dette møtet, men du og du så kjekt det var!

torsdag 19. februar 2009
Dersom ein ikkje veit, kan ein spørje!
Korleis finne ut kva som rører seg i den danske litteraturen utan å arbeide for mykje? Søkje på nettet, sjølvsagt! Men kva finn ein då? Det forlaga vil at du skal finne. Men danske venner og kjente vil hjelpa til med å kome til fram til dei bøkene folk verkeleg les og dei som er proffesjonelle vil gje deg godbitane. Den gode Kirsten leia meg fram til Litteratursiden.dk og her spurde eg om hjelp til å finne aktuell samtidslitteratur som ikkje var for lang. - Etter Amos Oz har Selskapet meint at bøker på 5- 600 sider ikkje er noko for oss -. Søren på Litteratursiden.dk kom med desse forslaga:
Erling Jepsen: Kunsten å gråte i kor. Denne boka finnest og som film!
og
Ida Jessen: Den der lyver På norsk heiter boka: Den som lyver.
Desse bøkene er omsette til norsk, så vil neste møte vise kva vi skal lese vidare.
onsdag 18. februar 2009
Kva veit vi om dansk litteratur?

Danmark er eit av våre kjære naboland som vi har ei lang og ikkje alltid like hjarteleg historie saman med, men Selskapet har spurd seg sjølv og tenkt på: kva veit vi eigentleg om dansk litteratur? Ja, vi veit jo om H.C. Andersen og .... Ja, vi nemner jo ikkje Holberg for han var jo bergensar. Men kva veit vi om samtida? Kva vert skriven og lest av dansk litteratur i dag? Dette veit vi fint lite om og difor skal vi lese danske forfattarar i 2009. For ikkje å bli heilt lausrivne frå det heimlege skal vi starte med Morten Ramsland si bok Hundehode. Denne boka hentar handlinga si både frå Bergen og frå Danmark og er ei familiekrønike. Det er ei stund sidan boka kom ut så nokre har vel lest denne, men kanskje det er tid for ei ny gjennomlesing? På neste møte skal vi og finne fram til fleire danske bøker og forfattarar, det kan bli kjekt. Og neste møte ja det er 19. mars kl. 19 på Lindås folkeboksamling i Knarvik. Velmøtt!
onsdag 4. februar 2009
Eit vintereventyr, men eventyr?
Tittelen på boka gav oss nokre assosiasjonar, som dei frammøtte på Meland bibliotek hadde problem med å finne gjenklangar av i boka, då vi sette oss ned for å samtale om Eit vintereventyr.
Det er ei mørk forteljing Jan Roar Leikvoll har skrive, men det hadde allereie bokmeldingane fortald oss, så vi var vel førebudd. Boka er sett i eit ukjent geografisk landskap, staden er ein slags konsentrasjonsleir eller arbeidsleir og hovudpersonen som aldri får noko namn let verdiane sine dikterast av Hans. Då hovudpersonen tek ein liten gut ut av rekkjene av nye arbeidarar eller slavar, trudde vi alle at no skulle vi få sjå trekk av varme og omsut, men nei, handlinga han gjer er totalt egoistisk. Medan forteljinga skrei framover venta vi på det positive vendepunktet, no må han skjøna kor gale det er, kor feil veg det går, men, nei det makteslause onde heldt fram. Vi drøfta einskilde sider som vi syntes var problematiske, slik som:
Når ondskapen ikkje har nokon rammer, blir ondskapen meiningslaus.
Skjer det noko med hovudpersonen? Får han ny erkjenning? Når han oppdagar at Hans ikkje elskar han slik han vil, kva gjer han då? Får vi i det heile så mykje informasjon og innsikt i hovudpersonen at han blir interessant for oss?
Boka beskriver naturen omkring leiren noko som gjev eit lite pusterom, men det perverse, ondskapen og det håplause blir det ein sit igjen med. Fleire i gruppa sa at: Denne boka hadde eg ikkje lese og absolutt ikkje lese ferdig om det ikkje hadde vore for at vi skulle snakke om ho.
Medan andre sa at: Eg måtte lese vidare, det var ekkelt, men eg vart nysgjerrig.
Det er ikkje til å leggje skjul på at vi sakna å kunne snakke med forfattaren, men han bur jo her - så neste gong han er på butikken....

tirsdag 13. januar 2009
Det går ikkje alltid som vi ønskjer...
Til alle dei som hadde gledd seg til å høyre Jan Roar Leikvoll snakke om boka si Eit vintereventyr har eg ei sørgjeleg melding. Han har meldt avbod i dag og kan ikkje kome. Dette er leit, men ikkje noko å gjere med. Møtet om boka går likevel som planlagd og alle er framleis hjarteleg velkomne den 29. januar kl.19.00.
fredag 26. desember 2008
Januarmøtet 2009
29.ande januar kl.19.00 2009 skal NLS ha møte på Meland bibliotek. Denne gongen skal vi lese
Eit vintereventyr av Jan Roar Leikvoll. Jan Roar Leikvoll som er frå Meland og bur på Frekhaug vil og vere med på samlinga og snakke om boka si og lese frå henne. Dette vert spannande og vi ønskjer alle som vil velkomne til biblioteket den kvelden.
Abonner på:
Innlegg (Atom)