tirsdag 22. juni 2010

Meir islandsk til hausten!


Selskapet heldt fram med å lese islandsk litteratur til hausten. Boka vi skal lese er Sin egen herre avHalldor Kiljan Laxness.
Laxness er jo ikkje lengre mellom oss, men så viktig som han har vore for den islandske litteraturen så er vel og denne forfattaren ein vi må ha vore innom? Boka teljer sine 600 sider, så det kan nok vere godt å starte tidleg med lesinga! Selskapet samlar seg att torsdag den 9. september 2010, i skrivande stund er det noko uvisst kor, men innan september skal dette bli klart.
God sommar og god lesing!

fredag 18. juni 2010

Englar alheimsins/ Universets engler


At medlemane i Selskapet les over alt og at dette kan føre med seg interessante samtalar, vart formidla i går på vårt siste møte før sommarferien. Ei hadde vore på drosjetur med sjåfør frå Island. Boka som Selskapet las vart snart samtaleemne og sjåføren kunne fortelje at "alle" på Island las denne forfattaren og ditto hadde sett filmen. Desse opplysningane førte til at vi alle fekk lyst til å sjå filmen, så no er Lindås bibliotek sett på oppgåva: få tak i filmen og ha framsyning til hausten! Boka sin forteljar er Páll som vert fødd den dagen Island blir medlem av Nato og døyr den dagen Berlinmuren fell. Han skriv historia om sitt liv etter at det er over, slik han synest at andre óg burde gjere. Eit kort liv, herja av schizofreni, men og omgjeven av venner og folk som vil han vel. Han blir plassert på Kleppur, eit galehus som liknar eit slott. Her treffer han Beatle-Óli, Pétur og Viktór som og har sitt å slite med. Beatle-Óli meiner det er han som er opphavsmann til Beatles songane. Pétur meiner han kan kinesisk og har skrive ei doktoravhandling om Schiller ved Universitetet i Peking. Viktór hoppar av og til inn i kroppen til Adolf Hitler, medan han siterer Shakespeare. Páll trur psykologen Brynjólfur ber dei alle på skuldrene sine, han ser slik ut, tykkjer han. Ein gong vert Páll kalla inn på kontoret til Brynjólfur for som han seier : å sjekke min moralske bevissthet. Han spurte i alle fall:"Hva synes du om Sørlandets Slakterforbund?"
"SS",sa jeg. "Mener`u pølsene eller..."
"Nøyaktig det du sier, SS. Synes du ikke det er makeløst, Páll at landets største matvareprodusent ville akseptere den samme forkortelsen som Hitlers stormtropper brukte?" Jeg visste ikke helt hva jeg skulle svare. Jeg hadde aldri tenkt på saken fra den vinkelen, men det åpnet da vitterlig for vrangforestillingen om at Sørlandets Slakterforbund hadde stått bak allslags griseri i Det tredje riket.
Etter å ha tenkt meg litt om, sa jeg til Brynjólfur:"Hvis du fortsetter på den måten er jeg virkelig redd for at vi må bytte plass."
(s.143)
Dette sitatet vakte stor begeistring i gruppa og det vart straks følgd opp med eit anna:
Jeg vil i stedet føre interessen for slekthistorie tilbake til tremangelen i landet. På grunn av den sparsomme treveksten lener folk seg mot slektstrærne og finner sitt skoglende hos forfedrene. (s.13)
Fleire hadde stor glede av restaurantbesøket til dei tre karane - kanskje nokre til og med vart litt misunnelege, tenk å gjere noko slikt?
Det var ikkje alle som hadde kome gjennom heile boka, for den første delen kravde sterk konsentrasjon for å få med seg alle namn og stader. Siste halvpart var derimot ei flott lesaroppleving, vond på sin måte, men og full av humor og ekte galskap.
Til slutt var vi inne på dette med alle desse kjellarleilegheitene. "Alle" bur jo i kjellarleilegheiter! I nesten kvar bok vi har lese er det nokon som bur i kjellaren! Er det merkeleg dei vert deprimerte?

mandag 3. mai 2010

Skugga-Baldur

Betre seint enn aldri... eit godt ordtøke (eller eit magert forsvar). Men, her kjem i alle høve eit altfor seint referat frå 10. mars! Kvelden då vi var samla for å diskutere boka til Vinnaren av Nordisk Råds litteraturpris 2005, Sjón. Først måtte vi som ikkje hadde høve til å reise til Køben få høyre om dei andre damene sin hyggelege danmarkstur: Det vart tid til både, pubar, teater, butikkar og Louisiana. Neste gong berre SKAL vi vere med til Island - om Katla vil!
Skugga-Baldur, altså: Alle var samde om at innleiinga om jakta på den myrraude reven var suggererande. Skrive i eit poetisk språk med spenstige bilete. Men så begynte praten å gå om handlinga i boka: Kva var det med denne myrraude reven - som var ei tispe - var det Abba som kom att og tok hemn over den vonde presten Baldur Skuggason til slutt? Boka har ein undertittel "Et folkeeventyr" og forteljinga kunne minne om eit gamalt segn. Eller - ein islandsk magisk realistisk forteljing, var det visst ein meldar som skreiv - og denne blandinga av fantasi og eventyrelement på den eine sida og krass realisme på den andre, representert med forteljinga om korleis barn med Downs syndrom vart handsama på slutten av 1800-talet på Island, var sterk lesnad. Her var det mange trådar å gripe fatt i og Aud las nokre meldingar som illustrerte godt at her er det rom for tolkingar i ulike retningar. Konklusjon? - Denne må eg berre lese oppatt, var det fleire som sa, etter å ha prata om boka opna det seg nye tolkingar. Og vi var vel samde om at den vesle boka romma ein stor og underleg forteljing som vi ikkje vart ferdig med like fort som det gjekk å lese ho. (skrive av Marit)

fredag 23. april 2010

Vi kjem ikkje utanom:

Skal vi lese islandsk samtidslitteratur kjem vi ikkje utanom Einar Már Gudmundsson, seier ein av våre gode rådgivarar. Difor har vi kome fram til at neste bok blir Universets engler av den gode Einar Már Gudmundsson. Boka fekk Nordisk Råds pris i 1995 og biblioteka på Lindås og i Meland prøver no å få tak i fleire eksemplar slik at alle som ønskjer det kan få lest boka til torsdag 17. juni kl.18.00 (merk tida!) og møte opp på Lindås folkeboksamling til siste møte før sommarferien.

Island er meir enn ash og cash...


Selskapet var samla i går for å snakke om Vinterbyen. Denne femte krimforteljinga av Arnaldur Indridason har fått litt blanda mottaking, men damene i Selskapet hadde lese og tenkt med stor innleving! Boka startar med eit mord på ein gut med thailandsk mor og islandsk far, kven kan tenkjast å gjere noko slikt? Er det eit rasistisk motivert mord, er det broren, er det ein pedofil, her er det mange trådar og ulike forklaringar. Indridason sin helt, Erlendur er traust, nitidig og grublande og finn, ved hjelp av både kollegaer og mystiske telefonoppringingar, til slutt ut kven som har gjort det. Men denne boka er meir enn ei krimforteljing, for gjennom skildringa av miljø og menneske får vi eit glimt av det islandske samfunnet som likt vårt samfunn har sine problem og utfordringar. Dessutan er det vinter og kaldt, huff så kaldt! Vi heldt godt på kaffikoppane våre og grøste.

tirsdag 20. april 2010

Selskapet snakker om....

Vinterbyen av Arnaldur Indridason, som er den mest vidgjetne blant krimforfattarane på Island. Møtet er torsdag 22. mars kl.19.00 Meland bibliotek. Har du lyst til å vere med i Selskapet så bare møt opp eller ta kontakt med biblioteket for meir informasjon. Vel møtt!

onsdag 10. februar 2010

Island - eventyr og sagn

Vi går vidare med islandsk litteratur. Den 10. mars kl.19.00 treffast vi på Lindås folkeboksamling i Knarvik. Då skal vi samtale om Skugga-Baldur av Sjón ei bok som ser lita og lett ut, men er ho det? Den som les får sjå! Det er berre å gle seg til å lese og prate!