torsdag 18. september 2014

Bok i oktober

Carl Frode Tiller har i haust avslutta trilogien Innsirkling. Selskapet bestemte at til neste møte den 30. oktober skal vi lese den første boka i trilogien. Dei som då vert grepen får kaste seg over Innsirkling 2 og 3, men samtalen skal denne gongen dreie seg om den første boka om David som har gløymd kven han er og ber venner og kjende skriv brev til han. Dette kan bli spennande å snakke om! Vil du vere med? Møt opp på Lindås bibliotek i Knarvik 30. oktober kl.19.00. Hugs å trekke parkeringslapp! Velkommen!

fredag 12. september 2014

Denne boka kunne filmast, men då hadde ho blitt rå!

Ja, dette var ein av kommentarane då Selskapet var samla til møte. Vi skulle snakke oss gjennom både Sofi Oksanen si boka Da duene forsvant og boka til Mona Høvring: Camillas lange netter. Vi starta ut med Oksanen og som det ofte er, var meiningane delte om denne boka var ein av dei betre eller om ho har skrive betre før. No var det ikkje så mange som hadde lese meir av Oksanen, men ho holder seg i det dystre moduset og bøkene hennar handlar om Estland og livet der. Da duene forsvant har to menn som hovudpersonar, Edgar og Roland som er fetrar og som ender i kvar sin "leir". For handlinga utspelar seg under andre verdskrigen og på 1960-talet. Estland er først okkupert av Russland, så av Tyskland og deretter kontrollert av Russland igjen. Edgar snur kappa si etter der den politiske vinden bles, medan Roland vil kjempe for eit fritt Estland. Boka gjev oss ingen "helt", det gjeld å halde seg i live og for Edgar sin del å komme seg så høgt opp i hierarkiet som mogeleg. Han prøver å gjere seg uunverleg og han kan snakke for seg. Edgar er gift med Juudit, men det er eit ulykkeleg ekteskap for Edgar er homofil og Juudit skjønar ikkje kvifor han ikkje vil ha noko med henne å gjere. Når tyskarane inntek byen får ho kantakt med desse. Ho forelskar seg i tyskaren Hellmuth og vil leve saman med han, men når krigen går mot slutten forsvinn Hellmuth og Juudit vert pressa av Roland til å skjule jøder i leilegheita til mor si.
Juudith er redd heile tida og det går riktig dårleg med henne til slutt.
Selskapet syntes at boka var vanskeleg å komme inn i. Kvart kapittel er illustrert med eit lite frimerke som viser kva for år vi er i, det er ei god hjelp! Historia vandrer frå person til person, og frå 1940-talet til 1960-talet - det er noko forvirrande. Vi lurte og på om det strengt tatt var naudsynt å gjere Edgar så usympatisk? I ei av bokmeldingane vi leste stod det at det var ei fortetta forteljing, den kunne godt ha vore litt meir fortetta for vår del. Hovudoppfatning: God bok!

Camillas lange netter var neste bok. Dette var ei kort bok, små glimt av korleis det kunne ha vore når Camilla sat og skreiv i dei lange nettene. Fleire i Selskapet vart litt forvirra av målforma: er dette samnorsk? Medan andre syntes denne måten å skrive på fekk fram det poetiske i teksten og ei slags spørjande tilnærming. Språket og dei korte glimta var heile tida ei påminning om at dette er fiksjon. Sjølv om boka ikkje hadde så mange sider var vi samde om at ho kravde langsam lesing, kanskje som ei diktbok, eit dikt om gongen, pause, eit dikt til.

torsdag 14. august 2014

Snart haust - tid for nye møte

Då Selskapet var samla før ferien bestemte vi at i sommar skulle vi lese to bøker. Ja, Selskapet har laaaang ferie og kven visste då korleis sommaren ville bli? Vi held framleis på med å lese forfattarar som har fått Nordisk Råds Litteraturpris og denne gongen fall valet på Sofi Oksanen: Da duene forsvant.
Den andre boka vi valde var Mona Høvring: Camillas lange netter, ei tynn lita bok, men ho kan ha stort innhald om sidene ikkje er så mange. Boka er nominert til Nordisk Råd Litteraturpris. Vi skal treffast 11. september kl.19.00 på Meland bibliotek. Har du ikkje vore med i Selskapet tidlegare? Du er hjarteleg velkommen! Ta kontakt med biblioteka i Lindås eller Meland for nærare informasjon.


En bergenser møter verden

Selskapet har hatt ferie, men før ferien var vi samla om snakka om Tomas Espedal si bok Bergeners. Dette var ei mangslungen bok, med mange kjende forfatternamn, stader i Bergen som vi kjende igjen og ulike sjangrar. Kva skal vi seie? Vi mislikte ikkje boka, men den var springande og forfattaren hoppar frå tema til tema. Vi var samde om at språket er flott, det er vakkert med formuleringar som er ei fryd å lese. Det er sekvensar som får oss til å fnise og det er omtalar av kjende forfattarar i pinlege situasjonar som vi berre har høyrt vage rykte om - i denne boka får vi ei forklaring.
Høgde punktet var forfattaren sitt møte med Dag Solstad i Madrid og ikkje minst "det perfekte rom" med Harold, der inspirasjonen til å skrive forsvann i den totalt sterile perfeksjon. Det var i det heile mange høgdepunkt, sjølv om vi ikkje unisont var heilt begeistra.
Det vi likte minst med boka var den overveldande "namedroppinga" - mange kjendisar, men kvifor, kva tilførde dei romanen? Vi var alle samde om at forfattaren har noko uoppgjort med mor si og det burde han få ordna. Etter dette vart vi vikla inn i ein samtale om å ta kontakt med dei daude og ein av deltakarane braut då ut: Får eg tilbod om å møte dei daude, seier eg beint nei! Selskapet slutta seg til dette.
Boka dyrkar kunstnarmyta og vi lurte fleire gonger på om Espedal sende interne meldingar til kunstnarvenene sine - det gjer avstand mellom forfattar og lesar større syntes vi. Vi er veldig spente på om han får Nordisk Råds Litteraturpris, om han fortjener det for denne boka er vi ikkje så sikre på, men han har mange andre bøker som er verd å merke seg. Vi slo fast at han lever eit vilt og poetisk liv, det kan jo vere til inspirasjon for dei meir forsiktige mellom oss.

torsdag 3. april 2014

Mai - kanskje siste møte før sommarferien?

Då vi skulle velge ny bok for neste møte, var vi samde om at no hadde det vore kjekt å lese ei tynnare bok og ei nyare bok. Vi heldt fast på at vi skulle lese noko knytt til Nordisk Råds Litteraturpris og då høvde det godt å prøve seg på Thomas Espedal si bok Bergeners som er nominert til prisen for 2014.
Selskapet skal møtast torsdag 15. mai kl.19.00 på Lindås bibliotek. Har du lyst til å vere med er det berre å møte opp. Boka finnes og som e-bok og opplysningar om korleis du kan bli e-bok låner får du på biblioteket eller her.

Velkomne til litteraturprat på biblioteket -
 Litteraturhusa i Nordhordland 

fredag 21. mars 2014

Kva gjer mødre når dei trur barnet har gjort noko gale?

Ja, dette var eitt av spørsmåla dei frammøtte i Selskapet tok føre seg då dei møttes torsdag 20. mars. Vi skulle lese og snakke om boka Hendelser ved vann av Kerstin Ekman og som vanleg hadde nokon lese alt, nokon var nesten ferdige og nokon hadde knapt starta. Kor ein enn var i lesinga så var alle ivirige til å diskutere, trekke fram ulike sider ved denne merkelege kriminalforteljinga. Ja, eller var det ein krim? Det er jo fleire mord, men politiet gjev ganske fort opp og det går lang tid før hendingane begynner å ta fart igjen. Vi kom fram til at sjølv om det ikkje var nokon eigentleg etterforskar, så var det faktisk legen Birger som til slutt fann ut kven mordarane var.
Det var ikkje berre enkelt å halde personane frå kvarandre, så vi hadde ei lang utgreiing kven som var far til kven og kven som hadde eit forhold til kvarandre og kven som kom utanfrå og inn til denne vesle plassen og om dei hadde ein relasjon til plassen eller ikkje.
Boka startar med at Annie Rafft ser dottera si kome heim tidleg ein morgon med ein mann ho kjenner att som mordaren, han som drap to unge menneske for atten år sidan. Ho heldt seg i skjul og later som ingenting då dottera kjem inn, men tankane strøymer tilbake til den gongen ho første gong kom til denne plassen. Annie og dottera skal bu i eit kollektiv og Dan skal hente dei på tettstaden og køyre dei til kollektivet som er på ei seter langt til fjells. Dan kjem ikkje og til slutt begynner mor og dotter å gå. På vegen dit ser dei eit telt og Annie går bort til teltet, der finn ho to unge menneske myrda. Ho melder frå til politiet og uroa, mistenkjeleggjeringa er sett i gang. Annie og dottera kjem til kollektivet og dette vert styrt av Petrus, ein ganske utkropen type. Vi møter Johan som er på rømmen frå brørne sine, eller er det noko anna han rømmer frå? Alle er i tvil om rolla hans, til og med mor hans, heilt til siste slutt.
Det er ei krevjande bok, men ho er utruleg godt skrive, vi vert fasinert av personane og deira ulike motiv for å handle slik som dei gjer. Høgdepunkta ligg tett, men det er ei slik bok det tek tid å lese, du kan ikkje berre lese nokre sider, her må ein ta seg tid og la boka kome til deg. Dette er nok ei av bøkene vi vil hugse og snakke om ei god stund frametter. Ikkje rart denne fekk Nordisk Råds Litteraturpris i 1994!

mandag 10. mars 2014

Mars - og vi les ein svensk kjend forfattar!

Det er Kerstin Ekman og boka ho fekk Nordisk Råds Litteraturpris som er boka vi no les. Vi skal snakke om boka torsdag den 20. mars kl.19.00 på Meland bibliotek. Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med biblioteka i Lindås eller Meland. Velkomne!