torsdag 28. november 2024

Ei bok med mange menneske

 

Selskapet hadde lese Omriss av Rachel Cusk som er den første boka i ein trilogi. Begeistringa stod ikkje i taket akkurat då vi møttest, for dei fleste syntes det var vanskeleg å få tak på boka. Kva var det den handla om eigentleg? Vi får ikkje noko tydeleg bilete av hovedpersonen, ja, berre eit omriss bokstaveleg tala. Hovedpersonen er ei kvinne, ho er forfattar, ho er skild, ho har to barn, ho har pengeproblem og når vi møter ho er ho på flyet til Athen for å halde eit skrivekurs. Ho møter ein mann på flyet og dei pratar mykje saman. Ho får høyre om alle ekteskapa hans og ho tenkjer litt om sitt eige. Ho møter kursdeltakarane og gjev dei ei oppgåve som går ut på å fortelle kva dei la merke til på vegen til kurset. Vi får høyre flere små historier og hennar reaksjon på desse gjev oss små glimt av kven ho er. Ei dame vert riktignok veldig provosert og skjeller ut forfattaren og går. Forfattaren treff att mannen på flyet  og vert med han på ein båttur. Ho har budd i Athen tidlegare og treff vener som presenterer henne for sine vener. Desse venene fortel henne nye historier og ho tenkjer sitt. Vi får ikkje vite namnet hennar før nesten på slutten av boka, det sa oss ikkje så mykje da det endeleg kom fram.

Vi får stadige små glimt av hovedpersonen gjennom menneska ho møter og ho treff mange. Ho høyrer historiane deira og reflekterer rundt dei. Språket er godt, men dette er ikkje ei bok å feie igjennom, du må lese alle orda, som ei sa. Det er inga glad bok, det er ikkje noko som begeistrer henne, ho registrer og tenker. Det vert tenkt mykje kring språk og filosofiske problemstillingar. Er dette ei bok som burde lesast ein gong til? Kanskje det, men kanskje den opnar seg meir når vi har fått tenkt litt vidare? Forfattaren skriv godt, språket er nydelg og det er gode observasjonar av både folk og miljø.

mandag 18. november 2024

Møte i november 2024

 

Vi er komne til november og månadens bok er Omriss av Rachel Cusk Omriss er den første boka i ein trilogi - dei andre er Transit og Kudos. Kven veit, kanskje fleire får lyst til å lese desse bøkene og?

Vi møtast på Alver bibliotek, Knarvik, tysdag 19. november kl.19.00

Har du lyst til å vere med på desse boksamtalane så ta kontakt med biblioteket, eller har du ein venn eller fleire som vil delta, ta dei med!

Velkommen!

fredag 27. september 2024

Japan eit fasinerande land

 

Etter å ha lese tjukke og komplekse romanar i sommar, var det eit fredeleg og godt møte med Hiromi Kawakami sin roman: Merkelig vær i Tokyo. Vi møter kvinna Tsukiko, 38 år og hennar gamle lærerar sensei. Dei treff kvarandre på ein bar der dei sit ved sia av kvarandre og et og drikk og snakkar saman. Dei snakkar ikkje så mykje, men dei får eit stille felleskap etter kvart. Tsukiko var på ingen måte ein elev som utmerka seg positivt, ho var heller litt lat og der påpeikar læraren. Ho vert inivtert på sopptur med læraren og han som eig baren. Dette set igang tankar  om oppvekst og barndom hos Tsukiko. Sensei inviterer ho med på tur til ein stad der han pleide å reise med kona si. Tsukiko har store forventningar til denne turen, men det vert ikkje helt som ho hadde tenkt seg. 

Boka er ein roman om kjærleik, for midt i denne langsame handlinga oppdagar Tsukiko kor mykje sensei betyr for ho. Læraren er konservativ, medan ho er meir frigjort. Vi får eit innblikk i ein kultur som er særs framand for oss og vi diskuterte relasjonane mellom kvinner og menn i denne kulturen. Dei et og drikk i utrulege mengder  og Selskapet merka seg at dei vart ikkje så fulle eller berusa som ein kunne tenkje seg etter all denne saken som dei fekk i seg. Drikk dei verkeleg så mykje i Japan, undra vi?

Høgdepunktet i denne vakre romanen er dette sitatet frå side 183: "Ville du overveie muligheten av å inngå i et forhold basert på en intensjon om gjensidig kjærlighet?"

Er det noe rart at hele Selskapet sukket henført av denne boka? Ein av deltakarane hadde vore i Japan og sa at ho kjende att mykje av det som stod om samfunnet og vanene deira. Ei bok heile Selskapet likte godt.



onsdag 4. september 2024

Septembermøtet

 

På møtet i september skal vi samsnakkast om romanen: Merkelig vær i Tokyo av Hiromi Kawakami. Etter alle dei lesne sidene i sommar er dette ein heller kort roman, men fasinerande, frå Japan og ein forfattar som i sitt heimland er svært kjend.

Vi møtast på Alver bibliotek, Knarvik tysdag 17. september kl.19.00.

Om du vil vere med på samtalen, ta kontakt med biblioteket.

Velkommen!

torsdag 22. august 2024

1620 sider

 

Kvar sommar les Selskapet ei eller to romanar som er tjukke og helst litt krevjande. Det bør vere klassikarar og bøker vi har hatt lyst til å lese, men som treng ein lang sommar for å komme igjennom. Denne gongen var det fleire som syntest vi hadde teke oss "vatten over hovudet" med så tjukke bøker og så pass krevjande. Likevel, det var ei ganske nøgd gruppe som samla seg til møte ein særs regnfull augustkveld. Ikkje alle hadde kome igjennom begge bøkene, men dei som hadde var særs nøgde med seg sjølv. 

Vi starta med Thomas Mann: Trolldomsfjellet. I år er det hundre år sidan boka kom ut, og då er det grunn til å spørje: Kva var det som greip oss med denne boka? Språket, framfor alt. Nydelege formuleringar, et skarpt blikk på personane i romanen og ein underliggjande humor som av og til kom fram og fekk lesaren til å trekke på smilebandet. Det er ikkje noko å gapskratte av her, men omtalar av situasjonar som er presis og flott sett. Boka handlar om Hans Castorp, han reiser til eit sanatorium i fjella for å besøke fetteren Joachim Ziemssen som er sjuk og bur der. Hans skal berre vere der i tre veker, men han og vert sjuk og vert til slutt buande der i sju år! Tida på samatoriet vert brukt til kvile, gå små turar og ete, du all verda for mengder med mat dei et! Hans vert kjend med Settembrini, ein særs veltalande mann som også er pasient på sanatoriet. Han vert ein slags mentor for Hans. Settembrini må etterkvart flytte til eit rimelegare husvere og det fører til at Hans vert kjend med Naphta som er ein heller mystisk person og som kjempar om Hans sin merksemd. Hans vert forelska i Klavdija Chauchat, men ho er gift og på denne tida (ca 1906-07) var dette upassande. 

Romanen er ein ideroman. Det er som om dei som bur på sanatoriet har flytta inn i Dovregubbenshall og ser verda utanfor som noko ganske uvesentleg. Det skal ikkje leggjast skjul på at boka er krevjande og forfattaren sjølv meinte at den burde lesast eit par gongar for å få med seg alt....

Leo Tolstoj: Anna Karenina er ei meir lettlesen roman, men utfordringa her er å halde orden på alle personane i boka. Alle har eit familienamn, eit kort navn for daglegtalen og eit kjelenamn og når vi skal fylgje tre -fire familiar tett, så kan det lett bli rot. Men frykt ikkje: det er i hovudsak to historiar vi følgjer. Anna Karenina og hennar liv og Levin og hans forhold til familien Oblonskij. Romanen startar med ei setning som har vorte eit berømt sitat: 

Alle lykkelige familier lignar hverandre, hver ulykkelig familie er ulykkelige på sin egen måte.

Og slik startar handlinga om kjærleik, forelsking, utruskap og posisjonering i den russiske overklassa. For det er dei boka handlar om. Alle viktige personar i boka tilhøyrer adelen. Dei er fyrster, grever eller baronar og dei sirkulerer i sin eigen vesle krets. Anna Karenina er syster til Stepan Arkadjitsj Oblonskij eller Stiva for han også vert kalla, ho vert beden om å komme til Moskva for å få kona Darja eller Dolly til å tilgje han etter at han har vore utru med guvernanta til borna. Anna bur i St. Petersburg med sonen Sergej og mannen. I Moskva møter ho den sjarmerande grev Vronskij og etter ei ganske kort stund innleiar dei eit lidenskapleg forhold. Anna elskar sonen, men avskyr den tjue år eldre mannen, men kjenslene for Vronskij overgår kjærleiken til sonen til å begynne med. Den andre familien er Levin og bror hans. Levin bur på landet og tek vare på godset til familien. Han har eit sterkt forhold til jorda, til å dyrke jord og til å betre forholda for bøndene som arbeidar for han. Han er forelska i Kitty søster til Stepan Oblonskij, men ho vert oppvarta av Vronskij og avslår frieriet til Levin. Han vert knust og reiser tilbake til godset sitt der vi får eit innblikk i korleis han lever. Det går jamnt nedoverbakke i forholdet mellom Anna og Vronskij og det ender til slutt ille. Når Anna bryt med mannen og har eit ope forhold til Vronskij vert ho utestengd, men ikkje han. Det er ho ber børa av utruskapen. Ho krev at han beviser sin kjærleik til ho stadig vekk og ho snakker seg sjølv inn i djup fortviling som fører til ei desperat handling.Levin derimot får nytt håp når han får vite at Kitty som har vært svært sjuk no er på veg til godset til søstera som ikkje ligg langt fra Levin sin heim.

Denne romanen var ein sensasjon då ho kom ut som følgjetong i åra 1875-1877. Dette var sterk kost med lidenskap og kjærleik, eit kritisk blikk på administrasjonen i landet og forholda bøndene levde under. Tolstoj sjølv budde mykje på landet og hadde som Levin ønskje om å endre forholda til bøndene. Selskapet undra seg kva desse personane vi følgjer eigentleg brukte tida si til? Det er ser ut som om dei går i selskap, tek imot besøk og flytter seg frå den eine staden til den andre. Å oppretthalde fasaden er viktig, for om ikkje den er i orden vert ein ikkje invitert til selskapa og ein får heller ikkje besøk av dei rette menneska.

Det er to store romanar Selskapet las i sommar. Sjølv om fleire kjende på kampen å komme igjennom desse så må vi erkjenne at dette er stor litteratur og vi er særs nøgde med at vi har lese dei. Dette er romanar og personar som vi vil tenke på lenge etter at bøkene er sett tilbake i bokhylla!

torsdag 20. juni 2024

Hausten 2024

 



Nordhordland Litterære Selskap innleiar hausten med å samtale om Thomas Mann: Trolldomsfjellet og Leo Tolstoj: Anna Karenina

Vi  møtast tysdag 20. august kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug

På neste møte les vi og snakkast om Hiromi Kawakami: Merkelig vær i Tokyo.

Då skal vi treffast: tysdag 17. september kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik.

Hausten og første kvartal av 2025 skal biblioteket på Frekhaug pussast opp. Difor vert møta som er planlagde på denne avdelinga flytta til Frivilligloftet. Så på møtet i oktober skal vi snakke om Mikael Niemi sin roman Koke bjørn. Då treffast vi tysdag 22. oktober kl.19.00 på   

                                                       Frivilligloftet,  Frekhaug

  

Tysdag 19. november kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik då skal vi lese Rachel Cusk: Omriss dette er første bind i ein trilogi, kanskje får du lyst til å lese dei andre og?

Tysdag 17. desember kl. 19.00 på Frivilligloftet, Frekhaug Til desember møtet skal vi lese noko litt lettare. Frank Tønnesen: Vi kan ikke ta med oss alt dette hjem


 Vil du vere med i Nordhordland Litterære Selskap så ta kontakt med biblioteket!

God lesing!



Sommarlesing 2024

 

I sommer skal Selskapet lese klassikarar slik dei gjorde sommaren 2023. Denne gongen er det to svært tjukke bøker og tanken er at vi les så mykje vi klarer og så får det vere bra.

Vi skal lese Thomas Mann: Trolldomsfjellet Thomas Mann fekk Nobelprisen i litteratur i 1929 og denne romanen nemnast som ein av hans beste.

I tillegg skal vi lese Anna Karenina av Leo Tolstoj. Denne romanen er også eit storverk av Tolstoj. Romanen har vore filmatisert fleire gongar.

Vi skal snakke om desse bøkene tysdag 20. august kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug.

Vil du vere med og lese desse bøkene? Ta kontakt med biblioteket og meld i frå.

Ha ein fin sommar og vel møtt til nye lese utfordringar til hausten!