torsdag 22. september 2022

Ei kort men intens forteljing

 

Etter korte fire veker var Selskapet samla igjen, denne gongen for å samsnakke om Det tørre hjertet av Natalia Ginzburg. Nokre syntes boka var tung å lese, nokre fekk ikkje heilt tak i kva som var målet med forteljinga, medan andre var svært begeistra. Kva handla boka om? Vi møter ei namnlaus kvinne som skyt mannen sin Alberto mellom auga i det første kapittelet. Det er ho vi følgjer når ho ser tilbake på livet sitt. Når ho har skutt mannen tek ho på seg sko og kåpe og går ut for å tenkje. Ho går til kafeen, drikk ein kopp kaffe og vandrar gjennom byen. Ho tenkjer på den første tida da ho traff mannen sin. Kor kjekt dei hadde det med lange samtalar, det var berre ho som snakka. Han las dikt for henne, Rilke, dei gjekk på kafe og teater. Ho pynta seg for han og venta på han. Nokre gonger kom han, andre gonger ikkje, men ho sat der og venta. Han fortalde veldig lite om seg sjølv, han ville helst ikkje tenkje så mykje over ting som hadde vore. Han ville i det heile ikkje tenkje så mykje. Han teiknar henne den første tida, det lika ho. Han fortel at han elskar ei kvinne som rett nok er gift, men som han likevel treff. Han vil gjere det slutt, men då ho begynner å grine ombestemmer han seg og frir til henne. Ho vil gjerne vite kva han eigentleg føler for henne, men han seier ingenting om det. Han seier at dei nok skal få eit bra liv likevel. Dei gifter seg, han er heime ei stund, men så reiser han. Ho veit ikkje kor eller kor lenge han vert borte. Ho venter. Etterkvart oppdager ho at han reiser til kvinna han elsker. Han låser seg inne på kontoret sitt når han er heime, dit får ho ikkje gå. Ho vert gravid og dei får ei lita jente. Barnet betyr alt for ho. Ho er temmeleg hjelpeslaus når ho skal stelle og mate barnet, men ho elskar henne. Alberto vil skiljast og ei venninne inviterer henne og barnet med på ei reise. På reisa vert barnet sjuk og døyr etter kort tid. Alberto reiser til ho og ombestemmer seg når det gjeld skilsmissa. Dei reiser heim, dei prøver å få eit barn til, men det blir ikkje noko av. Alberto begynner å reise igjen og ho skyt han.

Det er ei tett historie. Boka er på 120 sider, men det er som eit langt liv likevel. Tida er rundt 1940-talet og miljøet er Italia. Tradisjonen seier at kvinner skal gifte seg og få barn og slik sett vert dette målet for hovudpersonen. Ho har store forventningar til ekteskapet og mannen. Ho tenkjer at dei skal fortsette som før dei gifta seg, men Alberto vil ha kone/hushalderske og vere fri til å treffe elskerinna si. Selskapet fekk lyst til å ruske skikkeleg i begge to. Vi syntes ho reflekterte godt over situasjonen sin, men ho tok ikkje konsekvensen av det ho tenkte. Var ho litt dum? Eller var ho så desperat etter å verte gift? Dette fann vi ikkje ut av, men vi var samde i at Ginzburg skriv godt, språk er flott, knapt og direkte og det var vel verdt å lese boka.

Ingen kommentarer: