torsdag 7. september 2023

Gyldig fråver?



 Skrivaren hadde gledd seg til å snakke djupt og lenge om bøkene vi hadde lese i sommar, men når ho er så korttenkt at ho står med  bøgd rygg og hovudet inne i dusjen for å vaske ein lampeskjerm.... Eg seier ikkje meir. Hekseskotet kom like overraskande som før og råda om korleis denne vaskinga burde ha vore utført hagla..Det vart nokre dagar med smertestillande og eit heller roleg liv.

Heldigvis var det andre som hadde oppført seg meir fornuftig enn skrivaren! Dei møttest og kunne melde at Selskapet var nøgde med desse bøkene. Nokre syntes rett nok at det var tungt å lese Stormfulle høgder, for historia vandrar noko fram og tilbake mellom forteljarane. Historia om Cathy Earnshaw og Heathcliff og familiane som vert involvert i deira lidenskap og landskapet som Brontë skriv om er med på å legge ei sterk ramme rundt livet til dei som bur der. Alt dette er med på å gje boka en særskild posisjon i litteraturen. Det er ei bok som vert hugsa lenge.

Den andre boka Selskapet las i sommar var Oliver Twist. Romanen om den foreldrelause guten som først vert plassert på ein barneheim og overlever trass elendige omgjevnader. Han rømmer og treff på folk som vil utnytte han, men han treff og på folk som hjelper han og tek seg av han med stor omsorg. Selskapet syntes at om distansen i år er stor mellom då boka vart skriven og i dag, så er problemstillinga framleis aktuell.

Det er kjekt å lese klassikarar, dei er alltid aktuelle!

Ingen kommentarer: