fredag 20. desember 2024

Våren 2025, møte dagar og dei første bøken vi skal lese

 

Vi startar møta i Nordhordland Litterære Selskap 2025 med ein Nobelprisvinnar William Faulkner sin roman Lys i august/ Mørk august. Romanen vart først omsett med tittelen Mørk august og seinare i 2016 til Lys i august. Vi samlast for å snakke om denne romanen tysdag 21. januar 2025  kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik




I februar skal vi lese ein roman av Alia Trabucco Zerán: Ren. Forfattaren er frå Chile og romanen vart nominert til Booker prisen då ho kom ut i 2022. Møtedatoen er tysdag 11. februar 2025 klokka 19.00 på Alver Bibliotek, Frekhaug/Frivilligloftet

 

 

 

 

 

 


 I mars skal vi lese Sally Rooney sin roman Skjønne verden, hvor er du?  Sally Rooney er frå Irland. Vi møtast tysdag den 25. mars 2025 kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik


Vi har ikkje bestemt fleire titlar som skal lesast denne våren, men møtedagane er alltid tysdag og datoane er som følgjer:

22. april, Frekhaug 20. mai, Knarvik og 17. juni, Frekhaug.

Velmøtt! Ta kontakt med Alver bibliotek om du ønskjer å vere med på samtalane eller berre vil lese bøkene. Du er hjarteleg velkommen!

Ein småkupert lesaroppleving

 

Ja, slik var det ei av dei frammøtte sa det då vi skulle si kva kvar og ein av oss meinte var høgdepunktet eller helst høgdepunkta i denne romanen som vi nett hadde lese. Vi kan ikke ta med oss alt dette hjem av Frank Tønnesen er ein roman om menneska som bur på ein liten plass på det vi trur er sørvestlandet. Forfattaren Frank Tønnesen er nok meir kjend som Tønnes, musikar og låtskrivar for denne romanen er så vidt vi fann ut hans første og til no den einaste. 

I romanen møter vi fleire personar som vi fekk inntrykk av bur på omtrent same plassen. Det er eit bygdesamfunn og her finnest det ei god del spesielle personar. Vi møter Tormod som stjel juletre, mor hans Berit som får besøk av Grete som luktar vondt og har med kaker som smakar dårleg. Vi treff Leif og Marianne som har fikse idear på diettar og andre livsforlengjande øvingar. Og for ikkje å forgløyme han som stel fajanse frå Egersund... Boka er sett saman av korte klipp frå kvardagane til desse og andre som vi møter gjennom boka. 

Vi sakna ein raud tråd, ei slags samanheng mellom forteljingane og folka i denne. Dette er enkelt episoder som omtrent ikkje har noko med kvarandre å gjere og det er difor lesaropplevinga vert som sagt -småkupert - . Vi finn nokre artige og så på kornet skreve episodar, men så er vi over i noko heilt anna, litt frusterande. Det må seiast at vi lo godt av desse episodane og vi kjende oss att i både konfirmasjonsselskapet og kursdagane som forfattaren skriv om. Trass i dei muntre stundene: Vi kjem nok ikkje til å huske denne boka så veldig lenge...

tirsdag 17. desember 2024

Siste møte i 2024

 

Det er desember 2024 og Selskapet skal samlast for siste gong dette året. Boka vi skal samsnakkast om er Frank Tønnesen: Vi kan ikke ta med oss alt dette hjem.

Vi møtast tysdag 17. desember 2024, kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug. Frivilligloftet

Velkommen!

torsdag 28. november 2024

Ei bok med mange menneske

 

Selskapet hadde lese Omriss av Rachel Cusk som er den første boka i ein trilogi. Begeistringa stod ikkje i taket akkurat då vi møttest, for dei fleste syntes det var vanskeleg å få tak på boka. Kva var det den handla om eigentleg? Vi får ikkje noko tydeleg bilete av hovedpersonen, ja, berre eit omriss bokstaveleg tala. Hovedpersonen er ei kvinne, ho er forfattar, ho er skild, ho har to barn, ho har pengeproblem og når vi møter ho er ho på flyet til Athen for å halde eit skrivekurs. Ho møter ein mann på flyet og dei pratar mykje saman. Ho får høyre om alle ekteskapa hans og ho tenkjer litt om sitt eige. Ho møter kursdeltakarane og gjev dei ei oppgåve som går ut på å fortelle kva dei la merke til på vegen til kurset. Vi får høyre flere små historier og hennar reaksjon på desse gjev oss små glimt av kven ho er. Ei dame vert riktignok veldig provosert og skjeller ut forfattaren og går. Forfattaren treff att mannen på flyet  og vert med han på ein båttur. Ho har budd i Athen tidlegare og treff vener som presenterer henne for sine vener. Desse venene fortel henne nye historier og ho tenkjer sitt. Vi får ikkje vite namnet hennar før nesten på slutten av boka, det sa oss ikkje så mykje da det endeleg kom fram.

Vi får stadige små glimt av hovedpersonen gjennom menneska ho møter og ho treff mange. Ho høyrer historiane deira og reflekterer rundt dei. Språket er godt, men dette er ikkje ei bok å feie igjennom, du må lese alle orda, som ei sa. Det er inga glad bok, det er ikkje noko som begeistrer henne, ho registrer og tenker. Det vert tenkt mykje kring språk og filosofiske problemstillingar. Er dette ei bok som burde lesast ein gong til? Kanskje det, men kanskje den opnar seg meir når vi har fått tenkt litt vidare? Forfattaren skriv godt, språket er nydelg og det er gode observasjonar av både folk og miljø.

mandag 18. november 2024

Møte i november 2024

 

Vi er komne til november og månadens bok er Omriss av Rachel Cusk Omriss er den første boka i ein trilogi - dei andre er Transit og Kudos. Kven veit, kanskje fleire får lyst til å lese desse bøkene og?

Vi møtast på Alver bibliotek, Knarvik, tysdag 19. november kl.19.00

Har du lyst til å vere med på desse boksamtalane så ta kontakt med biblioteket, eller har du ein venn eller fleire som vil delta, ta dei med!

Velkommen!

fredag 27. september 2024

Japan eit fasinerande land

 

Etter å ha lese tjukke og komplekse romanar i sommar, var det eit fredeleg og godt møte med Hiromi Kawakami sin roman: Merkelig vær i Tokyo. Vi møter kvinna Tsukiko, 38 år og hennar gamle lærerar sensei. Dei treff kvarandre på ein bar der dei sit ved sia av kvarandre og et og drikk og snakkar saman. Dei snakkar ikkje så mykje, men dei får eit stille felleskap etter kvart. Tsukiko var på ingen måte ein elev som utmerka seg positivt, ho var heller litt lat og der påpeikar læraren. Ho vert inivtert på sopptur med læraren og han som eig baren. Dette set igang tankar  om oppvekst og barndom hos Tsukiko. Sensei inviterer ho med på tur til ein stad der han pleide å reise med kona si. Tsukiko har store forventningar til denne turen, men det vert ikkje helt som ho hadde tenkt seg. 

Boka er ein roman om kjærleik, for midt i denne langsame handlinga oppdagar Tsukiko kor mykje sensei betyr for ho. Læraren er konservativ, medan ho er meir frigjort. Vi får eit innblikk i ein kultur som er særs framand for oss og vi diskuterte relasjonane mellom kvinner og menn i denne kulturen. Dei et og drikk i utrulege mengder  og Selskapet merka seg at dei vart ikkje så fulle eller berusa som ein kunne tenkje seg etter all denne saken som dei fekk i seg. Drikk dei verkeleg så mykje i Japan, undra vi?

Høgdepunktet i denne vakre romanen er dette sitatet frå side 183: "Ville du overveie muligheten av å inngå i et forhold basert på en intensjon om gjensidig kjærlighet?"

Er det noe rart at hele Selskapet sukket henført av denne boka? Ein av deltakarane hadde vore i Japan og sa at ho kjende att mykje av det som stod om samfunnet og vanene deira. Ei bok heile Selskapet likte godt.



onsdag 4. september 2024

Septembermøtet

 

På møtet i september skal vi samsnakkast om romanen: Merkelig vær i Tokyo av Hiromi Kawakami. Etter alle dei lesne sidene i sommar er dette ein heller kort roman, men fasinerande, frå Japan og ein forfattar som i sitt heimland er svært kjend.

Vi møtast på Alver bibliotek, Knarvik tysdag 17. september kl.19.00.

Om du vil vere med på samtalen, ta kontakt med biblioteket.

Velkommen!

torsdag 22. august 2024

1620 sider

 

Kvar sommar les Selskapet ei eller to romanar som er tjukke og helst litt krevjande. Det bør vere klassikarar og bøker vi har hatt lyst til å lese, men som treng ein lang sommar for å komme igjennom. Denne gongen var det fleire som syntest vi hadde teke oss "vatten over hovudet" med så tjukke bøker og så pass krevjande. Likevel, det var ei ganske nøgd gruppe som samla seg til møte ein særs regnfull augustkveld. Ikkje alle hadde kome igjennom begge bøkene, men dei som hadde var særs nøgde med seg sjølv. 

Vi starta med Thomas Mann: Trolldomsfjellet. I år er det hundre år sidan boka kom ut, og då er det grunn til å spørje: Kva var det som greip oss med denne boka? Språket, framfor alt. Nydelege formuleringar, et skarpt blikk på personane i romanen og ein underliggjande humor som av og til kom fram og fekk lesaren til å trekke på smilebandet. Det er ikkje noko å gapskratte av her, men omtalar av situasjonar som er presis og flott sett. Boka handlar om Hans Castorp, han reiser til eit sanatorium i fjella for å besøke fetteren Joachim Ziemssen som er sjuk og bur der. Hans skal berre vere der i tre veker, men han og vert sjuk og vert til slutt buande der i sju år! Tida på samatoriet vert brukt til kvile, gå små turar og ete, du all verda for mengder med mat dei et! Hans vert kjend med Settembrini, ein særs veltalande mann som også er pasient på sanatoriet. Han vert ein slags mentor for Hans. Settembrini må etterkvart flytte til eit rimelegare husvere og det fører til at Hans vert kjend med Naphta som er ein heller mystisk person og som kjempar om Hans sin merksemd. Hans vert forelska i Klavdija Chauchat, men ho er gift og på denne tida (ca 1906-07) var dette upassande. 

Romanen er ein ideroman. Det er som om dei som bur på sanatoriet har flytta inn i Dovregubbenshall og ser verda utanfor som noko ganske uvesentleg. Det skal ikkje leggjast skjul på at boka er krevjande og forfattaren sjølv meinte at den burde lesast eit par gongar for å få med seg alt....

Leo Tolstoj: Anna Karenina er ei meir lettlesen roman, men utfordringa her er å halde orden på alle personane i boka. Alle har eit familienamn, eit kort navn for daglegtalen og eit kjelenamn og når vi skal fylgje tre -fire familiar tett, så kan det lett bli rot. Men frykt ikkje: det er i hovudsak to historiar vi følgjer. Anna Karenina og hennar liv og Levin og hans forhold til familien Oblonskij. Romanen startar med ei setning som har vorte eit berømt sitat: 

Alle lykkelige familier lignar hverandre, hver ulykkelig familie er ulykkelige på sin egen måte.

Og slik startar handlinga om kjærleik, forelsking, utruskap og posisjonering i den russiske overklassa. For det er dei boka handlar om. Alle viktige personar i boka tilhøyrer adelen. Dei er fyrster, grever eller baronar og dei sirkulerer i sin eigen vesle krets. Anna Karenina er syster til Stepan Arkadjitsj Oblonskij eller Stiva for han også vert kalla, ho vert beden om å komme til Moskva for å få kona Darja eller Dolly til å tilgje han etter at han har vore utru med guvernanta til borna. Anna bur i St. Petersburg med sonen Sergej og mannen. I Moskva møter ho den sjarmerande grev Vronskij og etter ei ganske kort stund innleiar dei eit lidenskapleg forhold. Anna elskar sonen, men avskyr den tjue år eldre mannen, men kjenslene for Vronskij overgår kjærleiken til sonen til å begynne med. Den andre familien er Levin og bror hans. Levin bur på landet og tek vare på godset til familien. Han har eit sterkt forhold til jorda, til å dyrke jord og til å betre forholda for bøndene som arbeidar for han. Han er forelska i Kitty søster til Stepan Oblonskij, men ho vert oppvarta av Vronskij og avslår frieriet til Levin. Han vert knust og reiser tilbake til godset sitt der vi får eit innblikk i korleis han lever. Det går jamnt nedoverbakke i forholdet mellom Anna og Vronskij og det ender til slutt ille. Når Anna bryt med mannen og har eit ope forhold til Vronskij vert ho utestengd, men ikkje han. Det er ho ber børa av utruskapen. Ho krev at han beviser sin kjærleik til ho stadig vekk og ho snakker seg sjølv inn i djup fortviling som fører til ei desperat handling.Levin derimot får nytt håp når han får vite at Kitty som har vært svært sjuk no er på veg til godset til søstera som ikkje ligg langt fra Levin sin heim.

Denne romanen var ein sensasjon då ho kom ut som følgjetong i åra 1875-1877. Dette var sterk kost med lidenskap og kjærleik, eit kritisk blikk på administrasjonen i landet og forholda bøndene levde under. Tolstoj sjølv budde mykje på landet og hadde som Levin ønskje om å endre forholda til bøndene. Selskapet undra seg kva desse personane vi følgjer eigentleg brukte tida si til? Det er ser ut som om dei går i selskap, tek imot besøk og flytter seg frå den eine staden til den andre. Å oppretthalde fasaden er viktig, for om ikkje den er i orden vert ein ikkje invitert til selskapa og ein får heller ikkje besøk av dei rette menneska.

Det er to store romanar Selskapet las i sommar. Sjølv om fleire kjende på kampen å komme igjennom desse så må vi erkjenne at dette er stor litteratur og vi er særs nøgde med at vi har lese dei. Dette er romanar og personar som vi vil tenke på lenge etter at bøkene er sett tilbake i bokhylla!

torsdag 20. juni 2024

Hausten 2024

 



Nordhordland Litterære Selskap innleiar hausten med å samtale om Thomas Mann: Trolldomsfjellet og Leo Tolstoj: Anna Karenina

Vi  møtast tysdag 20. august kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug

På neste møte les vi og snakkast om Hiromi Kawakami: Merkelig vær i Tokyo.

Då skal vi treffast: tysdag 17. september kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik.

Hausten og første kvartal av 2025 skal biblioteket på Frekhaug pussast opp. Difor vert møta som er planlagde på denne avdelinga flytta til Frivilligloftet. Så på møtet i oktober skal vi snakke om Mikael Niemi sin roman Koke bjørn. Då treffast vi tysdag 22. oktober kl.19.00 på   

                                                       Frivilligloftet,  Frekhaug

  

Tysdag 19. november kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik då skal vi lese Rachel Cusk: Omriss dette er første bind i ein trilogi, kanskje får du lyst til å lese dei andre og?

Tysdag 17. desember kl. 19.00 på Frivilligloftet, Frekhaug Til desember møtet skal vi lese noko litt lettare. Frank Tønnesen: Vi kan ikke ta med oss alt dette hjem


 Vil du vere med i Nordhordland Litterære Selskap så ta kontakt med biblioteket!

God lesing!



Sommarlesing 2024

 

I sommer skal Selskapet lese klassikarar slik dei gjorde sommaren 2023. Denne gongen er det to svært tjukke bøker og tanken er at vi les så mykje vi klarer og så får det vere bra.

Vi skal lese Thomas Mann: Trolldomsfjellet Thomas Mann fekk Nobelprisen i litteratur i 1929 og denne romanen nemnast som ein av hans beste.

I tillegg skal vi lese Anna Karenina av Leo Tolstoj. Denne romanen er også eit storverk av Tolstoj. Romanen har vore filmatisert fleire gongar.

Vi skal snakke om desse bøkene tysdag 20. august kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug.

Vil du vere med og lese desse bøkene? Ta kontakt med biblioteket og meld i frå.

Ha ein fin sommar og vel møtt til nye lese utfordringar til hausten!


Dameroman

 

Ja, det var dommen fra Selskapet då var samla for å samsnakkast om romanen Ensom er den som ikke er nummer én for noen av Vibecke Groth. Off, den var brutal....

Dette er romanen om Nanna som er advokat og gift med bankmannen Christian. Dei har to vaksne barn og to barnebarn. Alt ser fint og vellukka ut heilt til Christian på nyttårsaftan seier til Nanna at han vil skiljast av di han har funne ei anna kvinne han no vil leve saman med. Heile tilveret til Nanna rasar saman. Ho hadde lagt merke til at mannen ikkje var heilt i lage ei stund, men tenkte at det var vanskar på jobben. Ho kjenner seg forkasta, forrått og forlatt. Ho sørger og gret seg gjennom dagane. Ho har ein viktig jobb og leiinga forventer at ho tek seg saman og leverer. Ho vert sjukemeldt og grev seg ned i sorga ei lang stund. Dottera kjem og tek seg av Nanna, stabler ho på beina og får ho på jobb at. Ei venninne som og er advokat overtaler ho til å ta på seg ein farsskapssak, noko ho elles aldri ville ha gjort. I denne saka er det ein svært sjuk liten gut som er inne i bilete og Nanna makter endeleg å snu blikket frå seg sjølv til nokre andre som har det verre enn henne. Nanna får hjelp av barn og venninner. Ho oppdager at mannen hennar prøver å lure unna midlar når skilsmissa er eit faktum, men ho får eit bra oppgjør og kan kjøpe seg ein fin plass å bu. Gjennom den nye klienten sin treff ho ein ny mann, men såra som ho er vil ho no sette sin eigen standard på korleis forhaldet skal vere.

Selskapet kunne ikkje helt skjønne kva ho klage seg over heilt til vi begynte å snakke om dei generelle kjenslsene ved å bli forlatt på denne måten. Sjølv om det økonomiske er på plass og vel så det, så er kjenslene dei same: kjensla av å ikkje vere den utvalde, kjensla av å vere forkasta til fordel for ein annan, sviket, einsemda og i dette tilfelle overraskinga over at mannen ville skiljast. Likevel, dette har vi lest om i ukeblada og når trongen til det superenkle har overmanna oss. Det som "reddar" denne romanen er faktisk saka Nanna tek på seg og som får ho vekk frå sjølvsentreringa og den endelause veltinga i sorg og sinne. Vi var samde om at forfattaren skriv godt og lett, men så veldig imponerte var vi ikkje.

torsdag 13. juni 2024

Siste møte før sommarferien 2024

 

Det går mot siste møte i Selskapet før sommarferien tek til. Vi skal snakke om romanen "Ensom er den som ikke er nummer en for noen" av Vibecke Groth.

Vi møtast tysdag 18. juni kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik.

Vil du vere med i denne litteraturgruppa? Ta kontakt med biblioteket for meir informasjon.

Varmt velkommen!

mandag 3. juni 2024

Ein roman med eit ransakende tema

 

Då Selskapet var samla for å samsnakkast om romanen "Det store i det lille" var reaksjonane på boka ulike. Nokre syntes boka var langtekkeleg, medan andre syntes ho var ok. Kva var det deltakarane reagerte på?

Jodi Picoult har skapt hovedpersonen Ruth, ein sjukepleiar som arbeider på fødeavdelinga på sjukehuset i ein by i USA. Ho kjem frå ein farga familie der mor hennar arbeider som hushjelp for ein kvit familie og har gjort det sidan døtrene hennar var små. Ruth har alltid ynskt å ta utdanning, ho er skuleflink og ho er villig til å arbeide hardt. Ho får stipend slik at ho kan gå på gode skular og eit godt universitet. Ho gifter seg og får sonen Edison. Mannen hennar er soldat og døyr under eit oppdrag i Afgahnistan. Ho må difor klare seg sjølv, noko ho alltid har gjort. Vi møter Turk, ein kvit mann som hatar farga av di ein farga mann drap bror hans. Han møter Brit som er dotter til ein av leiarane innan Kvit makt. Turk vert ein ivrig tilhengar og gjer alt for å bli godttatt av far hennar. Turk og Brit giftar seg og Brit vert gravid. Barnet vert fødd på sjukehuset der Ruth arbeider og det er ho som skal sjekke at alt er i orden med barnet. Då Turk og Brit ser at det er ei farga sjukepleiar som kjem inn i rommet deira forlangar dei at ho ikkje skal ha noko med barnet å gjera. Ruth vert både sint og lei seg, men det er sjefen hennar som gjev etter for foreldra sine krav. Barnet skal omskjærast og det er for lite folk på overvakinga slik at Ruth vert åleine med guten til Turk og Brit. Han får pusteproblem og døyr. Ruth får skulda for dødsfallet og vert meld til politiet for mord. Ho får ein kvit forsvarar, Kennedy, ei kvinne som meiner at ho alltid har sett på farga som likestilte. I møtet med Ruth og hennar kvardag ser ho at slik er det slett ikkje. Etter ein tur på shoppingsenteret ser ho kor stor forskjell det er på korleis ho vert behandla og kva som skjer med Ruth. Det er ein augneopnar!

Selskapet meinte at boka var langdryg. Faktisk var alle samd i at her kunne framdrifta vore noko kjappare, men teamet er ransakande for kven av oss har ikkje tenkt som forsvararen Kennedy at her er alle like, eller ganske like? Vi syntes at personteikninga var svart/kvit. Anten var dei gode, flinke og antirasistiske, eller valdelege og rasistiske. Til dømes syntes vi at Turk hadde fått mange tunge bører, mykje sørjeleg bagasje frå oppveksten og som ung vaksen. Det viser seg at faren til Brit hadde vore gift med ei farga kvinne og at Brit sjølv var afrikansk-amerikaner. Dette vert eit sjokk for både ho og dei omkring henne. Selskapet fann at dette var særs lite truverdig, men slik var det med fleire hendingar i romanen der vi spurde oss sjølv, trur vi på dette? Vi trur derimot på Ruth, ho som person, ho som mor til Edison - stadig uroleg for sonen og kva rettsaka kan bety for han.

Likte vi boka? Vi var vel sånn midt i mellom, men som ein av deltakarane sa: Det er greit å ha lese den for vi måtte alle ta eit ranaskande blikk på våre eigne haldningar til rasisme og korleis den pregar også våre ganske så fredelege liv.

torsdag 2. mai 2024

Møtet i mai 2024

 

Til og midt i våren skal vi kome saman i Nordhordland Litterære Selskap og samsnakkast om ein roman. Denne gongen er det Jodi Picoult: Det store i det lille.

Vi møtast tysdag 21. mai kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug.

Om du vil vere med så ta kontakt med biblioteket.

Varmt velkommen!

torsdag 18. april 2024

Quichotte - en roadmovie?


 Då Selskapet var samla og skulle ta runden blant dei frammøtte var det inga høglytt begeistring for romanen Quichotte. Halvparten hadde lese heile boka, medan resten anten ikkje hadde kome igjennom trass i fleire forsøk eller gjeve opp etter nokre sider. Kva seier det om boka eller om oss som las/skulle lese ho? Det var inga god match denne gongen. Likevel gjekk vi laus på samtalen for det er alltid noko å seie om ei bok same kor godt eller dårleg vi likte ho. Vi slo fast at forfattaren Salman Rushdie skriv godt og han let oss enkelt vandre frå den eine "verda" til den andre.

Boka handlar om Sam Duchamp, forfattar av spionthrillarar, som no ville skrive ei anna slags bok. Han skriv om seljaren Quichotte som har sett altfor mykje på TV og forelska seg i TV-stjerna Salma R. Fetteren hans Dr. Smile lagar farmasøytiske produkt som Quichotte har solgt, men av di Quichotte har fått fikse idear vert han oppsagt. No er Quichotte fri til å gjere det han vil og han legg ut på reisa tvers over USA for å kome til si utkåra Salma R. På vegen materialiserer sonen Sancho seg, faktisk ut i frå rein tankekraft! Desse to kjem utfor mange slags eventyr, skremmande møte både med kjempar og rasistiske angrep. Sancho som er i tenåra når han vert "fødd" må bruke Quichotte sine erfaringar, men han får og sine eigne etterkvart og då han møter ei vakker jente, vert også han forelska. Quichotte har ei syster som bur i NewYork, Trampoline, dei har ikkje vore i kontakt med kvarandre på mange år. Då dei endeleg kjem til byen er det Sancho som får han til å besøke systera. Ho tilgjev Quichotte, men han vil ikkje bu hos henne. Han har i alle år budd på billege motell og det vil han halde fram med. Sancho skjønar ikkje dette og tek bilen deira for å finne jenta har er forelska i, det går ikkje bra. Sam Duchamp erfarer det same som Quichotte. Han har ei syster som han ikkje har truffe på mange år. Han reiser til England der ho bur og bed henne om tilgjeving for det han har gjort. Systera - omtala som Søster - har etter oppveksten der ho vart misbrukt av far sin, arbeidd seg fram til ein svært høg posisjon i samfunnet. Ho vart politikar, og seinare ei som arbeidde med mikrofinans for kvinner. No er ho alvorleg sjuk og Sam og ho får ei tid saman der dei finn ein slags fred. 

Viktige tema i denne romanen er raseproblematikk, dop og kva eit overforbruk av TV-program gjer med oss. Det går ikkje bra med nokon av personane i romanen, sjølv om dei gjenopprettar relasjonen til nære familiemedlemmar. Vi snakka om den generelle dommedagsstemninga vi fann i boka slik som at verda løyser seg opp og vi må finne naudutgangen merka NEXT for å bli redda. Boka framfører ein sterk samfunnskritikk, men vi sakna framdrift i forteljinga. Det er faktisk reisa som fører til bevegelse medan både Quichotte og Sam Duchamp ser meir attende på liva sine enn framover. Og konklusjonen var: vi ser fram mot neste bok.

fredag 12. april 2024

April-møtet 2024

 

På møtet i april skal Selskapet samsnakkast om Salman Rushdie sin roman Quichotte. Har du lese Cervantes sin berømte roman Don Quijote? Ja, da har du ein slags ide kva denne boka handlar om. Har du ikkje lese Cervantes, så er ikkje det noko problem for romanen klarer seg fint på eiga hand. Vi møtast tysdag 16. april kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik. (Bruk inngangen på baksida av bygget) 

Har du lyst til å vere med i Nordhordland Litterære Selskap? Ta kontakt med biblioteket.

Ver varmt velkommen!

onsdag 10. april 2024

Er dette ein roman?

 

Ja, dette var eitt av spørsmåla som Selskapet diskuterte då vi var samla på Alver bibliotek, Frekhaug avdeling. Vi hadde alle lese Eduard Louis sin roman En kvinnes frigjøring og var på kvar vår måte skaka av valden, klasseskilja, det traurige livet mora levde og tapet av draumar og moglegheitene ho ein gong hadde. Det var fleire som meinte at denne boka likna på Thomas Korsgaard sin roman Hvis det skulle komme et menneske - ein roman som på liknande måte bruker oppveksten og fortida si som materiale til romanen. Og det er her Selskapet spurde: er En kvinnes frigjøring eigentleg ein roman? Han skriv svært direkte og utleverande om familien sin; om faren som drikk, brødrene som ikke bruker evnene sine, mora som finn seg i eit liv i evig slit. Ei mor som på ingen måte støttar Eddy, den feminine sonen, homsen som kvar dag vert mobba på skulen. Han tek avstand frå familien, han gjer ikkje noko forsøk på å forstå mora, han distanserer seg ved å snakke anleis, skifte namn frå Eddy til Eduard. Det er først når han  flyttar heimanfrå at han får luft og nok distanse til å sjå at mora hadde draumar og planar før graviditetar og det tronge dagleglivet som knuste desse. Romanen fortel om eit liv i fornedring før det vert ei frigjering. Selskapet spurde seg og om det eigentleg var ei frigjering? Kva er det å vere frigjort? Å ver trygg, økonomisk sjølvstendig, kunne ta eigne val. Men vart ho eigentleg fri? Ho kastar ut den alkoholiserte mannen, men ho går inn i eit nytt forhald til ein edru og snill mann, men ho er framleis ikkje økonomisk uavhengig. Ho flyttar til Paris saman med den nye mannen, men ho går ikkje inn i nye relasjonar. Likevel, ho får eit nytt og nærare forhald til sonen Edouard. Han ser henne på ein annan måte og erkjenner at han ikkje tok innover seg hennar historie, livet hennar før han kom inn i det som barn nummer tre i familien. 

Dette er ein roman som vi ikkje gløymer så fort. Det er mange fine passasjer, filosofiske tankar som nokre av oss leste fleire gongar. Historia har fleire lag og det gjer at boka kan lesast igjen og igjen.

torsdag 21. mars 2024

Møtedager våren 2024 -oppdatert

 


Selskapet har allereie laga planer for våren 2024.

16.1.24 AVLYST; Vi snakkar om boka på møtet i februar

Første bok ut er Virginia Woolf: Mrs Dalloway. Dette er ein klassikar, ein roman som sette Virginia Woolf på det litterære kartet og som er skreven som ein tankestraum - stream of conciousness. Vi snakkar om denne romanen tysdag 16. januar 2024 kl.19.00 på Alver bibliotek, avdeling Frekhaug

Neste bok er Maren Uthaug: Der det finst fuglar Denne romanen var Uthaug sin første roman for vaksne. Vi møtast tysdag den 13. februar 2024 kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik avdeling


   




Boka vi les i mars er Eduoard Louis: En kvinnes frigjøring vi har lese ein roman av denne forfattaren tidlegare, men vi trur at En kvinnes frigjøring også kan vere ei fin bok å lese. Vi møtast tysdag 19. mars 2024 kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug.                                                                                             


Boka vi les i april er Salman Rushdie: Quichotte Vi møtast tysdag 16. april kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik 







                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                      





I mai les vi Jodi Picoult: Det store i det lille og vi møtast tysdag 21. mai kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug

Siste møtet før sommaren vert tysdag 18. juni  kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik. Då les vi Vibecke Groth: Ensom er den som ikke er nummer en for noen.

 Har du lyst å vere med i Nordhordland Litterære Selskap? Ta kontakt med eit av biblioteka i kommunen og få meir informasjon.

Varmt velkommen!






onsdag 21. februar 2024

To romanar -eitt møte, slik vert det når veret herjar

 Grunna snøvêret som regjerte i januar vart samtalen om januarboka «Mrs. Dalloway» av Virginia Woolf utsett til februarmøtet. Det var nok litt lang avstand mellom lest bok og samtale, men med ein god litterær gjeng får ein det til.
Boka «Mrs. Dalloway» vert rekna som ein av Virginia Woolfs best kjende romanar og tek for seg ein dag i Clarissa Dalloway sitt liv etter den første verdskrigen. Clarissa tenkjer etter korleis livet kunne ha vore, om ho kunne hatt noko meir enn det overfladiske livet ho har.
Boka har eit tidsspenn på ein dag og har fleire ulike historier der karakterane kjem med «flashback» til tidlegare dagar. Desse ulike historiene gjer at boka kan vera litt tung å komma gjennom med mange ulike karakterar. Det er mange menneske å forhalda seg til, men dei blir mot slutten alle kopla saman.
Det er stundom lange setningar som er litt uforståelege kva dei har med handlinga å gjera. Karakterane har nokre flyktige tankar i historiene. Men i motsetning til Jon Fosses tekstar er Virginia Woolf flink å setja punktum og sortera i avsnitt.
Boka gir eit godt bilete av dåtida. Selskapet konkluderte med at romanen kan vera noko krevjande å lesa, men når ein først får tak på ho er den verd å lesa.
"Der dei finst fuglar" av Maren Uthaug
«Der det finst fuglar» er sett på 1920-talet og fram til etterkrigstida. Historia er spennande bygd opp, sett i eit fyrtårn der fire karakterar bur åleine i vintermånadene. Me blir kjende med dei som bur der og tre av dei fortel si historie og korleis kvardagen ser ut i deira perspektiv. 
Det vart sagt at denne boka er ein «saftig bok». Ei beskriving ikkje selskapet følar er heilt passande. Historia i boka har eit mørkt og tungt innhald, der fleire løyndommar blir avdekte. Men dramaet ligg i det skjulte.
Fleire i selskapet var litt skeptisk til det mørke innhaldet, men dei blei imponert over den fasinerande historia er. Selskapet synest Maren Uthaug har ein spennande måte å skriva på.
Romanen skal til dels vera bygd på historiske hendingar. Boka er lesverdig med eit lett språk og ho er lett å lesa. Selskapet kunne gjerne tenkt seg og lest meir av Maren Uthaug.

Skrivaren denne gongen er Victoria Moldekleiv sidan den vanlege skrivaren satt verfast austafor.

onsdag 10. januar 2024

Første møte i 2024

AVLYST PGA KRAFITG SNØVÆR. NYTT MØTE 13. FEBRUAR!

Nytt år og nye møte for å snakke om kjekke bøker!

Vi startar 2024 med å lese Virginia Woolf: Mrs Dalloway.

Mrs Dalloway er ein av dei meste kjende romanane til Virginia Woolf og er skriven som ein slags film som zoomar ut og inn på personane "kameraet" har foran seg. Kva fekk vi ut av den? Den som kjem får vite...

Vi treffast tysdag 16. januar kl.19.00 på Alver bibliotek, avdeling Frekhaug.

Hjarteleg velkommen!

onsdag 3. januar 2024

Lett, lettgløymd


 Det var sjølvsagt altfor seint å ha møte i Selskapet rett før jul, men det møtte likevel opp nokre av dei faste deltakarane og alle hadde lese, ledd og mora seg over Gudrun Skretting si debutbok som forfattar av vaksen litteratur. Jau, det var morosamt å lese om Vilma og hennar ustøe gange i det sosiale livet, møte med presten Ivar, obduksjonsteknikkaren Robert, den døde faren og den utruleg sjarmerande Amdi. Samstundes var det ei smak av tragedie over Vilma sitt tronge liv, hennar manglande evne til å opne seg for andre menneske og hennar særlege evne til å mistolke situasjonar. No var selskapet meir i stemning til å le av alle dei merkelege hendingane Vilma kjem i, men det var og noko av det uforløyste i romanen, evna til å halde oppe både det morosame og det alvorlege. 

Vi møter altså Vilma som bur i eit hus i Oslo. Ein morgon ringer presten Ivar og obduksjonsteknikaren Robert på døra med bodskapen om at far hennar er død. No er det slik at Vilma ikkje visste at ho hadde ein far, ho har alltid levd med mora og grandtante Ruth og ikkje skjenka ein far mange tankar. Saman med den døde kroppen har presten funne mange brev som var stila til Vilma. Ho tek breva og les eit om gongen som ein slags adventskalender. Her vert det avslørt at Fredrik Mozart Sandvik skulle gifte seg med mor til Vilma, men ho reiser frå han då ho får vite at ho har ein livstruande sjukdom. Ho får Vilma, men døyr i ei ulukke når Vilma er fire år. Grandtante Ruth vil ikkje fortelle faren om Vilma og heldt difor både han og Vilma utanfor denne kunnskapen. Ruth døyr og Vilma lever åleine i huset. Når ho får kjennskap til faren og kjærleiken mellom han og mora kjenner ho på ei sterk sorg, men då er det godt å ha nokre venner som trengjer seg på. 

Selskapet mora seg over boka, men vi var og samde om at dette var ei lett og lettgløymd bok. Kanskje bra det i ei travel førjulstid der vi ikkje har tid til eit djupdykk i analyser og veldige kjensler.